Kampreferat 1974:

Heldig Sunndalsiger over Bergsøy

Sunndal - Bergsøy 2-1 (1-0)


Sveinung Frøystad


Olav Kvendseth, Goma.


Vedlegg til kampen

Ingen vedlegg ennå til denne kampen
Kampreferat

Så skulle ikkje Bergsøy greie Sunndal denne gongen heller. På ei fin grasmatte på Sande stadion på Sunndalsøra møttes de to laga til kamp søndag. Bergsøy måtte stille uten Jack Pettersen, men elles var Knut Teige tilbake på plass. Bergsøy opna friske og spelte seg fram til to cornere i det første speleminuttet, men uheldigvis var det Sunndal som skulle greie å scåre mål. Etter den siste corneren sendte en back en lang ball utover på bana. En Bergsøysforsvarer prøvde å dempe ballen, men den spratt så til Sunndals farlige midtspiss Nils Petter Ulseth. Han forserte lenge utan at nokon fra Bergsøy klarte å stoppe han, og så satte han ballen rolig i mål bak Johs Nørvåg. Etter denne kalddusjen greidde Sunndal å ta over meir av spelet, men det blei somregel stoppa på Bergsøy sin 16-meter.



Midtbanespelarane til Bergsøy kom meir og meir med, og på slutten av omgangen tok dei over midtbanespelet. Fleire gongar såg det ut som at Fred Frantzen blei teken hardt inne i Sunndal-forsvaret, men utan at dommaren reagerte. Etter pausen fekk vi sjå et nokså klart Bergsøyovertak. Sunndal var derimot gode på kontringar. Det var på et slikt mål av Sunndal fekk mål nummer to. Heile bergsøylaget var langt framme da Torbjørn Brøske kom seg fri og sende ivei et laust skudd som gikk til sides for Johs Nørvåg og inn i mål.

Like etter makta endelig Bergsøy å scåre. Sveinung Frøystad fekk en fin stikkball fra Knut Teige og sprang igjennom heile Sunndalforsvaret. Han lobba så ballen rolig over keeper og inn til 2-1 redusering. Etter dette kjørte Bergsøy hardt på for å få ei utligning, nærmast var nok Fred Frantzen da han prøvde seg på et hælspark i trang posisjon foran mål. Ballen gikk desverre utanfor. I den andre enden klarte John Nørvåg å stoppe et godt langskot fra Jarl Torske. Sunndal prøvde å hale ut tida mot slutten, og Bergsøy fekk corner på corner, men ingen fleire Bergsøymål kom.

Johs Nørvåg gjorde nok en gong ein bra kamp, og var nok Bergsøy sin beste. Denne gongen synes vi at Agnar Vike gjorde det bedre på backen enn Rune Vike. I midten var Knut Igesund solid, men litt vel offansiv til tider. Både Kjartan Fagerlund og Oskar Waage gjorde en god jobb på midtbana, der Waage var den defansive. I angrepet var nok Sveinung Frøystad alt i alt den beste, men både Knut teige og Fred Frantzen viste til tider mange fine ting.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat