Kampreferat 1974:

Hattrick av Frantzen i storsiger

Bergsøy - Ellingsøy 5-0 (1-0)


Fred Frantzen 2, Kjartan Fagerlund, Knut Teige, Rune Vike.


Fred Frantzen

Olai Egset, Volda

400 tillskuere


Vedlegg til kampen

























































Kampreferat

Bra om noko blaut bane, vind på langs og omlag 400 tillskuere på 3.divisjonskampen der Bergsøy stort sett var totalt overlegne. Det kunne like godt blitt tosiffra denne gangen. Bergsøy spelte med vinden mot seg i den første omgangen, men slo an tonen fra avspark der eint Teige/Frantzen kombinasjon vart avslutta med skudd som EIL keeperen avverga. Ei lang periode frammover viste Bergsøy kanskje sitt beste spel for året, med fleire skudd som strauk stolpene på utsida. I det 15.minuttet sat ballen for første gang også i nota, etter et nytt Teige/Frantzen samarbeid. Teige va sist på ballen. Angrep på angrep bølga mot Ellingsøymålet, og sjansar var der på fleng. Særlig kom bergsøyvingane seg lett igjennom forsvaret. Teige og Frantzen var stadig på farta, men i denne perioda rydda EIL keeperen godt opp. I siste delen av omgangen kom Ellingsøy meir med, og mellom anna hadde Per Skotte et par gode skot som keeper Nørvåg måtte strekke seg etter.

Andre omgang opna med samme Bergsøy-presset. Fleire gongar gjekk ballen like utanfor EIL-buret. Men 7 minutt ut i omgangen putta Rune Vike inn 2-0 fra 3 meters hald etter glimrende forarbeid av Fred Frantzen. Ti minutt seinare gjekk Frantzen igjennom igjen, finta ut keeper totalt og sette inn 3-0. Etter 23.minutt kom enda ei scoring. Kjartan fagerlund og Frantzen kombinerte seg fram, og Frantzen putta ballen inn. Like etter var det reine kanonaden mot EIL målet. Skot fra Sveinung Frøystad og Frantzen vart slått til corner. Ellingsøy hadde kun et einaste måltilbud i denne omgangen, og det var et frispark som gikk utanfor Bergsøy-målet.

10 minutt før full tid vart Sveinung Frøystad hekta på vei igjennom EIL forsvaret. Frantzen hadde ingen problem med å sette ballen mål på straffesparket som følgde. Bergsøy pressa også dei siste ti minutta, men det endte med 5-0. Det var altså stort sett envegskjøring, og vi må berømme innsatsen karane viste denne dagen.Fred Frantzen fekk herje som han ville, Knut teige var bedre enn på lenge, Fagerlund og Vike gjorde en strålande innsats på midten mens Knut Igesund og Gisle Vike var gode i forsvar.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat