Kampreferat 1974:

Slo Herd på "grautbane"

Herd - Bergsøy 0-2 (0-0)


Ronald Moen, Knut Teige


Arne Thrana, Rival


Vedlegg til kampen

Ingen vedlegg ennå til denne kampen
Kampreferat

Når en skal referere fra kampen mellom Herd og Bergsøy på Aksla Stadion, så kan en ikkje unnlate å omtale banedekket. Verre bane enn det Aksla var søndag trur vi knapt nok Bergsøy har spelt på tidligare. Banemester Haagensen kunne også berre beklage tillhøva, men når over 100 kampar har vorte spela på denne bana denne sesongen, og mykje regn attåt, så kan en ikkje forvente bedre forhold. Heldigvis så vart kampen spela under opphaldsvær. Bergsøy hadde ein barriære å bryte denne gongen. I heile sin 3.divisjons karriære har det ikkje lykkast å slå Herd på Aksla. Beste resultatet var 1-1, elles har det vore tap.

Glade seiersherrer etter Herdkampen


I denne kampen burde Bergsøy være favorittar, og en greidde også å innfri favorittstempelet. Det blei en fullt fortent siger, der Bergsøy var nærmare 3-0 enn Herd var redusering. Nokon god kamp var det imidlertid ikkje. Heile midtbana var som en åker, og berre på sidene var det noenlunde grønne flekkar å spele fotball på.

Første sjansen i kampen hadde Herd etter at Johs Nørvåg mista ballen etter en corner, men en forsvarer fekk måka vekk ballen. Spelet foregikk for det meste på midtbana, og det var vanskelig å få ballen ut av sumpa. Først etter 17 minutter var Bergsøy frammpå da Knut Teige bakoversparka fra 15 meter etter innlegg fra Fred Frantzen. Ballen strauk like over tverrleggeren. Like etter fekk Bergsøy corner som endte med at Knut teige kunne skyte knallhardt mot mål, men en forsvarer klarerte. Største sjansen i omgangen hadde "Bossen" Finsæther da han fanga opp et langt utspel og skaut direkte mot mål. Johs Nørvåg klarte såvidt å slå ballen til corner.

Bergsøylaget


I andre omgang vart det meir Bergsøy. Herd spelarane verka no ikkje så friske, og det tafatte angrepet deira vart godt teke vare på av Bergsøyforsvararane. Dei skota som kom hadde Johs Nørvåg full kontroll på. Alt i starten av omgangen var Bergsøy frampå med et frispark vad Jack Pettersen som keeper Carlsen måtte strekke seg på. Etter 15 minutter ut i omgangen var det klart for 1-0 til Bergsøy. Fred slo en ball til Sveinung Frøystad som forserte seg innover på bana. Han slo vidare til en fri Knut Teige som satte ballen imål.

Etter halvspela omgang fekk vi sjå et "one man show" av Knut Teige. Fra cornerflagget finta han ut fleire Herdforsvararar på veg mot målet. Da han kom til 5meteren la han ei pasning til Fred Frantzen som skaut på direkten, men keeper carlsen var heldig og stansa skuddet med foten. 10.minutt før slutt var det endelig klart for 2-0. Bergsøy fekk indirekte frispark like utanfor 16-meteren. Jack Pettersen la ei kort pasning til Ronald Moen som fyrte av et langskot som gikk imellom mange spelarar og inn i mål. Etter dette var det smått med målsjansar.

På Bergsøy spelte forsvaret ein god kamp. Johs Nørvåg var solid i mål, og backrekka hadde få problem. På midtbana kom verken Jack Petteren eller Rune Vike opp mot sitt beste, men begge jobba godt. I angrepet var nok Knut Teige den beste, mens dei andre angriparane var under par. Særlig var Fred Frantzen noe handikappet på dette føret. Herd hadde en god midtstopper i Knut Istad, og Bossen Finsæther på midtbanen kjempa godt.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat