Kampreferat 1974:

Mesterskapet glapp i sluttminuttene

Åndalsnes - Bergsøy 2-3 (1-1)


Sveinung Frøystad, Fred Frantzen, Knut Teige


Arne Thrana, Rival


Vedlegg til kampen

Ingen vedlegg ennå til denne kampen
Kampreferat

Det brast for Bergsøy. Eitt fattig mål skillte laget fra å gå til topps i 3.divisjon. Eitt fattig mål gjennom en heil sesong. Ikkje mindre enn fantastisk kan en vel kalle ei slik serieavsluttning som blei opplevd denne gongen. Til slutt endte fire lag på 24 poeng, der målskillnaden blei avgjerande. Både Bergsøy og Sunndal fekk 20 plussmål, men Sunndal gjekk forbi på fleire scåra mål. Langevåg endte på 18 plussmål mens Skarbøvik på fjerde plassen hadde sju plussmål.
(Bildet; Bergsøy vann, men det ble ett mål for lite)

Bergsøy hadde kanskje den vanskeligaste oppgava av dei fire laga i den siste runda. Bergsøy har alltid tapt på Åndalsnes, og aldri fått poeng derifra. Denne gongen skulle det også vise seg at Åndalsnes var et hardt kjempande heimelag som brukte både lovlige og ulovlige metodar for å stoppe Bergsøy. En svak dommer må ha noe av skylda for endel etterslengningar. Åndalsnes starta kampen best, og det gikk i et høgt tempo. Alt i opningsminutta var Dagfinn Svendson frampå med eit langskot som Johs Nørvåg måtte slå til corner. Fred Frantzen gikk like etter solo fra midtstreken, men blei tackla i siste liten. Åndalsnes skulle så ta ledelsen 1-0 i det 13.minuttet. Svein Sørheim på ytre venstre fekk gå uforstyrra fram på vingen, innlegget kom til Geir Nygård som satte foten til fra 7 meters hold. Det var Sveinung Frøystad som skulle ordne for utligninga. Han fekk ein ypperlig løpeball fra Jack Petteren, og fra skrått hald sette han ballen lavt forbi keeper og inn i mål til 1-1. Like før pausen fekk Åndalsnes en stor sjanse til å gå tilbake i føringa, men Johs Nørvåg fekk om litt tak på ballen.
(Bildet; Knut Teige scoret nr 3)

I den andre omgangen vart spelet meir på Åndalsnes sin halvdel, men også heimelaget hadde farlige sjansar. Alt i opningsminutta fekk Johs Nørvåg avverge eit godt heimeangrep. Bergsøy var like etter nære på å score da Fred Frantzen nesten kom seg igjennom forsvaret. I det 11.minuttet fekk Bergsøy straffe etter at en forsvarer hadde handset ine i feltet. Fred Frantzen var eksekutør og satte ballen i mål til 2-1 ledelse. Frantzen hadde like etter ei headding som gjekk over mål. På den andre sida hadde Geir Nygård en stor sjanse som Nørvåg ordna opp i. Snart var det klart for 3-1 ledelse til Bergsøy. Knut teige vart felt ute på bana, og Kjartan Fagerlund la inn en ball i feltet fra frisparket. Både Fred Frantzen og Knut teige endra retning på ballen som tilslutt gjekk i stanga og inn. Åndalsnes skulle imidlertid kome rett tilbake, og geir Nygård scåra sitt andre mål for dagen da han fekk stå udekka og putte ballen i mål fra kloss hald.

I siste minutta prøvde Bergsøy å auke leiinga, men heimelaget kjempa som aldri før. Sveinung Frøystad var nære på å gi laget sitt den scoringa dei hadde trengt for å gå til kvalifisering, men skotet gjekk i nettveggen. Med 3-2 til Bergsøy var det for lite. Johs Nørvåg spelte godt i mål. Ronald Moen var den beste i forsvaret, men også kaptein Igesund kjempa godt. På midtbana la Jack Petteren ned eit stort stykke arbeid, medan Kjartan Fagerlund gjorde sine saker bra. Fred Frantzen var som vanlig farlig, godt fylgt av Sveinung Frøystad. Knut teige viste bra ting, men var hemma av ei skade.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat