Kampreferat 1974:

Lett siger over Skarbøvik

Bergsøy - Skarbøvik 3-1 (3-0)


Sveinung Frøystad, Jack Pettersen, Knut Igesund


Storm Andresen, Haddal

800 tillskuere


Vedlegg til kampen


Tippetips


Avisutklipp

Kampreferat

2.pinsedag (3.juni 1974) var det duka for knalloppgjør mellom Bergsøy og Skarbøvik i Fosnavåg. Dette var avdelinens lag nummer en og to på tabellen. Bergsøy hadde foran denne kampen vist god framgang spillesmessig de siste kampene, og var favoritt mot Skarbøvik som ifjor spelte 2.divisjon. Skarbøvik hadde også mista Helge Skuseth til Start og Kallen Johannesen til ÅFK. Skarbøvik hadde likevel klart å vinne jamne kamper til nå i sesongen.

Bergsøy skule få en lettere kamp enn mange trodde på forhånd. Men som ofte før var det BIL sin motstander som opnet best, det ser ut til at midtbana treng ti minutts tid før dei vert skikkelig varme, men då kjem dei for fullt. Rune Solvåg var framme med ei headding like etter kampstart, men Johs Nørvåg plukka ballen lett ned. Spelet veksla fram og tilbake på midtbanen uten store sjansar for nokon av laga. Det såg imidlertid ut til at Bergsøy etterkvart fekk taket på midtbana. BIL-spelarane var raskare med ballen, og pasningsspelet gikk bra til tider. Fred Frantzen var nære på å gi heimelaget leiinga med et skot fra 12 meter, men keeper greide å slå til corner. Like etter var det reine kanonaden mot SIF-buret utan at ballen ville over streken. Bergsøy fortsatte å presse, og forsvaret til SIF hadde store problem. Etter omlag halvspela omgang fekk Bergsøy corner fra venstre. Bjørn Myklebust la ein høg ball inn i feltet som vart slått urover av keeper. Knut Igesund sto godt plassert og satte ballen i nettaket fra straffemerket til 1-0.

(Bildet; Mange lurte på om Bergsøy kunne stoppe fremadstormende SIF)

No kom det sjansar i fleng for heimelaget. Sveinung Frøystad gjorde et raid på høgresida og innlegget blei så vidt klarert av en SIF forsvarer som slo til corner. 2-0 til Bergsøy kom da samme Sveinung vart spela gjennom av Fred Frantzen, og han satte ballen mellom beina på keeper. Like etter hadde SIF sine største sjansar. Først ved et skudd av Arnstein Slinnig som landa på tverrleggaren og over, og Jan Kaurin hadde et lumpsk skudd som keeper Nørvåg tok seg av. Det blei så 3-0 til heimelaget Bergsøy etter en flott kombinasjon mellom Rune Vike og Jack Petteresn som sistnemnte greidde å sette forbi keeper. Dette blei også pauseresultatet. Skarbøvik kom sterkare etter pausen, og midtbanespelarane fekk bestemme tempoet idet bergsøyspelarane vart springande imellom. Bergsøyforsvaret spelte likevel så rutinert at SIF sjeldan kom til sjansar. Skarbøvik reduserte likevel til 3-1 etter corner der Jan Kaurin satte ballen imål etter litt klabb og babb. Etter målet kom Bergsøy sterkare, og SIF fekk gule kort til Svein Hoff og Jan Kaurin som følge av tøfft spel. Fred Frantzen var nære på nokre gongar i å auke leiinga, men utan å lykkast.

(Bildet; Lagbilde etter kampen)

På Bergsøy spelte Johs Nørvåg sikkert dei gongane han måtte i aksjon. I backrekka gjorde Knut Igesund og Ronald Moen ein god kamp. Jack Pettersen spelte stort på midtbana, medan løparrekka skapte store sjansar for SIF-forsvaret. Særlig Sveinung Frøystad og Bjørn Myklebust var gode.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat