Kampreferat 1978:

Mållaust på bortebane

Kristiansund - Bergsøy 0-0 (0-0)



Aspehaug, Frei.

500 tillskuere


Vedlegg til kampen

Ingen vedlegg ennå til denne kampen
Kampreferat

Det vart mållaust og poengdeling mellom Bergsøy og Kristiasund i helga, et resultat Bergsøy bør være mest fornøgde med. Bergsøy sin taktikk var å halde god kontakt mellom midtbanen og forsvaret. Heile laget skulle hurtig ut igjen, ha tolmodighet og ikkje blotte seg bakover. Men Kristiansund var laget som kom best igang, og Bergsøy blei pressa over på defansiven. Forsvararane på Begrsøy var flinke å markere, og det blei dermed lite med klare målsjansar. Midt i omgangen var det faktisk Bergsøy som var nærmast i å ta ledelsen. Fred Frantzen var i området da en forsvarar missa på ballen, men skuddet til Fred gikk på feil side av stolpen. Sjølv om heimelaget hadde det beste taket på kampen så var altså Bergsøy sine kontringar minst like farlige til tider.

Den andre omgangen var jamnare spelesmessig, og det bølga fram og tilbake utan at det egentlig blei skapt dei store målsjansane. Siste kvarteret prøvde Bregsøy med litt meir offansiv fotball da KFK såg ut til å ha tømmt seg for krefter, og dette resulterte i nokre sjansar. Kjartan Paulsen hadde mellom anna et godt skudd som blei redda av keeper Bunsæs. Dei siste minutta var imidlertid KFK svært nære på å ta med seg seieren da det var ei rein kanonade mot Bergsøy sitt mål. Keeper Ryssevik ordna opp og må seiast å være banens beste spiller. Elles er det urettferdig å trekke fram andre spelarar, heile laget spellte en taktisk klok kamp. På Kristiansund var landslagsspelar Anders Giske og høgre ving Dagfinn Henriksen de beste.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat