Kampreferat 1989:

Første Bergsøy seier

Bergsøy - Aksla 1-0 (1-0)


Tony Pettersen (41 min)


Kenneth Pettersen

Hans J Finnsæther, ÅFK.


Vedlegg til kampen


Avisutklipp

Kampreferat

Bergsøy avanserte 6 plassar på tabellen med sin første seier for sesongen. Bergsøy hadde kniven på strupen etter dei dårlige kampane i starten, og måtte helst vinne mot Aksla. Det var fortent då dommeren blåste av og Bergsøy hadde vunne 1-0 etter mye kriging, i en elles dårlig kamp frå begge hold. Spelesmessig var kampen svak, og feilpasningane florerte. Heimelaget var likevel det mest kostruktive, og skapte dei få sjansane som var.

I første omgang skjedde det lite, og keeper Johs Nørvåg (comeback) har nok aldri hatt en så rolig dag før. Aksla hade faktisk ikkje et einaste skot på mål for heile kampen! Like før pause gikk Bergsøy opp i 1-0 ledelse da Endre Tjervåg snappa et tilbakespel og løfta ballen presist over til Tony som frå bakerste stolpe kunne skyve den over streken.

I andre omgang tok BIL kommandoen, og vi noterte et par farlige sjansar ved Endre Tjervåg og Kenneth Pettersen, samt et susande longskot av Trond Paulsen som Aksla sin keeper redda mesterlig. I sluttfasa hardna kampen verkelig til, og dommar Finsæter hadde nokre travle minutt. Særig bygutane spelte over grensa av det som er tillat og pådrog seg fire gule kort. Det spørs om ikkje også raudfargen burde vore framme. Klok av skade fra tidligare kampar så tetta BIL slusene bakover på bana og fekk rodd iland årets første siger.

Best på Bergsøy var nok ein gong Gullik Kjelstadli, men også kollega Tom Beddari i midtforsvaret spelte sikkert og godt. Lenger framme var det Trond Paulsen som var mest konstruktiv. Vi føler likevel at laget har meir inne enn det dei visste i denne kampen.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat