NM CUP 1989:

Bergsøy klare for 2.runde

Bergsøy - Hareid 3-0 (0-0)


Henning Solem, Endre Tjervåg, Nils Roger Paulsen


Bergsøy Stadion


Vedlegg til kampen

Ingen vedlegg ennå til denne kampen
Kampreferat

Bergsøy er klare for 2.runde i cupen etter at laget utklassa 3.divisjonslaget Hareid i ein artig kamp på Bergsøy stadion. Og 3-0 var ikkje et mål for mykje. Særlig i 2.omgang rundspelte BIL gjestane, og sett på bakgrun av sjansane var heimelaget nærare 6-0 enn Hareid var redusering.

Det var Hareid som gikk hardast ut, og med vinden i ryggen pressa dei Bergsøy bakover på bana. Bergsøy sin keeper Lennart vart aldri sett på dei store prøvene. Men i andre omgang løsna det for heimelaget. BIL-spelarane var først på ballen, og det var til tider kanonade mot Hareidsmålet. Det eine angrepet etter det andre blei rulla opp. I det 52.minuttet var det klart for 1-0 da Endre Tjervåg dro seg fri på venstrekanten og la inn foran mål. Henning Solem satte den i buret. Bergsøy fortsatte å presse, og satte inn 2-0 etter 65.minutt da Endre Tjervåg knalla inn fra 12-13 meters hald via tverleggeren. Ti minutt før slutt var det klart for 3-0 da Endre Tjervåg nok engong fekk lagt inn fra venstre, og en udeka Nils Roger Paulsen kunne skubbe ballen over streken.

Det var god gammaldags fotballstemning på "eksperthaugen". Henning Solem kunne økt etter å ha runda keeper, men bomma. Trond Paulsen hadde en lobb i tverleggeren, mens Hareid sin einaste sjanse var et laust tilbakespel som Knut Strande sette til side for mål. Per Arne Årvik og Rolv Bakke spelte glimrande som sidebackar, og særlig førstnemnde sette Hareid sin toppscorar totalt t av spel med sitt oppofrande og kjappe backspel. Elles var det tydelig at Endre Tjervåg kom bedre til sin rett som midtbanespelar. På sida ser Henning Solem ut til å finne forma.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat