Kampreferat 1994:

Burde tatt full pott

Fjørtoft - Bergsøy 3-3 (2-3)


Kristian Berge, Lars O Almestad og Endre Tjervåg


Jan Spjelkavik, Spjelkavik

: Henning Karlsen


Vedlegg til kampen


Les Pravda


Sjå tabellen

Kampreferat

-"Dette var en kamp vi burde tatt full pott i. Men etter ein godt gjennomført første omgang, der vi ei stund leia 3-1, fall laget tilbake til gamle synder etter sydebytte. Fjørtovt greidde å utlikne til 3-3 på eit heller billeg idømt straffespark".
(Kort oppsummert av Tom Beddari)

I og med at dei andre toplaga i divisjonen avga poeng så korta likevel Bergsøy avstanden oppover. Bergsøy ligg no 8 poeng bak lag nummer to på tabellen. Med full pott i dei neste kampane så kan Bergsøy fort ha kontakt med tetlaga framfor haustsesongen.

Det var heimelaget Fjørtovt som kom best igangn i laurdagens kamp, og allereie etter fem minutt leia heimelaget 1-0. Eit skot frå spiss vinkel endra retning i en BIL-forsvarar og utmanøvrerte Roger Wollan. Men Bergsøy kom sterkt tilbake. Berre fem minutt seinare var det klart for utlikning. Kristian Berge møtte et innlegg ved bakerste stolpe og sette ballen kontant i nota. Etter dette tok Bergsøy fullstendig kommandoen, og pressa heimelaget over på defansiven. Midtveis i omgangen var det klart for 2-0 til Bergsøy. Lasse Myrhol la en presis corner som Endre Tjervåg var høgt oppe og headda i nettet. Då Lars Ove Almestad ordna 3-1 på ei gjennomløpning kort tid etter såg det ut til at Bergsøy skulle få sin første bortesiger for sesongen. I denne perioda spelte BIL sjanseskapande fotball og hadde fin angrepsfotball. Men istaden for å auke leiinga reduserte Fjørtoft like før pausen etter tafatt forsvarsspel av BIL.

I andre omgang kunne det sjå ut som at Bergsøy gav frå seg initiativet. Bevegelsen frå første omgang var borte, og Fjørtoft tok meir og meir over. Denne perioda minte litt om siste kvarteret mot Vigra i siste runde, der spelarane sto med lua i handa. Men sjølv om Fjørtoft hadde et overtak så greidde Bergsøy å spele seg fram til 3-4 gode scoringsmuligheter. Lars Ove Almestad, Tobben Leikanger og Geir Sandnes misbrukte hvert sitt tilbud. Derimot kom Fjørtoft og utlikna til 3-3 heilt på slutten på ei billeg straffe. Dermed gav Bergsøy slipp på 2 poeng.

Trass dei tre baklengsmåla greidde keeper Roger Wollan seg godt i mål. Forsvarsspelet er imidlertid under ein kvar kritikk, og 11 baklengsmål dei tre siste kampane er for mykje. Den som kom best frå oppgåva denne gangen var debutanten Henning Karlsen som markeringsstoppar. Frammover på bana var det igjen Lars Ove Almestad og Geir Sandnes som markerte seg sterkast.

Laget; Roger Vollan, Vegard Fiksdal, Henning Karlsen, Rune Frantsen, Lasse Myrhol, Lars Ove Almestad, Endre Tjervåg, Torbjørn Leikanger, Stian Skogen, Kristian Berge, Geir Sandnes.
Innbytte; Jarl Åge Wågsholm og Leif Inge Jøsok kom inn.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat