Kampreferat 1994:

Bergsøy i fin haustform

Hasundgot - Bergsøy 1-3 (0-1)


Arild Kvalsund og Lars Ove Almestad 2



Vedlegg til kampen


Sjå tabellen

Kampreferat

Bergsøy fekk en pangstart på haustsesongen då dei sist laurdag vann 3-1 i den vanskelige bortekampen mot Hasundgot. Dermed ser det ut til at laget fortsetter vinnerstimen fra før ferien - og på dei fem siste kampane har Bergsøy tatt 13 av 15 poeng. Denne imponerande rekka har ført laget til flott kontakt med teten, og med samme taktene utover i sesongen kan det bli svært trivelig for både spelarar og supporterar. Det gjeld å halde føtene godt planta i jorda, og fortsette med å konsentrere seg om en kamp om gongen.

Kva er så årsakene til denne flotte oppsvingen. Årsakene er sikkert fleire, men først og frems fungerer laget bedre defansivt enn tidligare. Dette gjev motstandarane lite rom å jobbe i, samtidig som Bergsøy kan sette igang raske kontra-angrep. Og med dei mange løpssterke og gjennombruddshissige spelarane laget rår over, skaper dei mange scoringssjansar. Det kan nesten sjå ut til at trenarduoen Beddari og Myklebust er inspirert av fotballfilosofien til Drillo?

I laurdagens kamp mot Hasundgot tok Bergsøy initiativet heilt frå start. BIL-spelarane var over Hasundgot som kleggar. Heimelaget skapte knapt en farlig sjanse foran Roger Wollan i første omgang, medan gjestane BIL var på fleire farlige visittar framfor heimelaget sin keeper. Det skulle gå 23 minutt før Bergsøy fekk uttelling. Geir Sandnes var arkitekten bak scoringa då han sende en presis pasning til Lars Ove Almestad som kom på løp bakfrå, og frå skrå vinkel satte Lars Ove ballen sikkert i hjørnet. Flott scåring. Like etter hadde Stian Skogen ei fin headding som strauk like over tverrleggaren. Bergsøy gjekk velfortjent til pause med 1-0 ledelse.

Også etter sidebytte var det Bergsøy som tok kommandoen, og allereie etter et kvarters spel var det klart for 2-0 på en flott enkeltmannsprestasjon av Arild Kvalsund. Han brukte fysikken og farta si, og nærmast rista av seg tre Hasundgotforsvararar, og aleine med keeper sette han ballen rolig i hjørnet. Like etter var Lars Ove Almestad nær ved å auke til 3-0 da han kom aleine med keeper etter et nytt flott gjennomløp, men denne gangen gjekk skuddet i kroppen på keeper. Vidar Gjerde gav heimelaget et nytt håp da han midtvegs i omgangen reduserte på et frispark like utanfor 16-meteren. Heimelaget var også nære utligning like etter som følge av en stygg miss i Bergsøy forsvaret, men Øyvind Sundgot greidde å sette ballen utanfor for ope mål. Istaden punkterte Lars Ove Almestad kampen like etter da han kom på et nytt giftig løp, og omsette Rune Frantsen si perfekte pasning til scoring. Etter dette kontrollerte BIL kampen inn, og sigeren var aldri truga.

Dette var først og fremst en lagsiger, men vi vil likevel gje et ekstra pluss til den nyoppnemte lagkapteinen Vegard Fiksdal som rydda opp i stor stil i sin sweeper rolle. Frammover var det igjen Geir Sandnes og Lars Ove Almestad som skapte størst vanskar for motstandarane. Også Arild Kvalsund viste sitt store potensiale når han glimta til, men kan med fordel bli enda meir aktiv foran mål. Allereie torsdag er det duka for toppoppgjer i Fosnavåg når BIL får besøk av topplaget VRF. Om Bergsøy klarer å jobbe like hardt, ser vi ikkje bort ifrå at laget vil kutte inn ytterligare på forspranget til topplaget - som per dags dato er på 5 poeng.

Laget; Roger Vollan , Vegard Fiksdal , Nils Roger Paulsen , Rune Frantsen , Lasse Myrhol , Lars Ove Almestad , Stian Skogen , Endre Tjervåg , Tobben Leikanger , Geir Sandes , Arild Kvalsund .
Innbytte; Frode Myrhol og Andre Wolsund .






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat