Kampreferat 1994:

Bergsøy på 3.plass

Ellingsøy - Bergsøy 0-2 (0-1)


Torbjørn Leikanger og Arild Kvalsund


Magne Tøsse

Arild Kvalsund sin A-kamp nr 50


Vedlegg til kampen

Ingen vedlegg ennå til denne kampen
Kampreferat

Bergsøy si imponerande sigersrekke ser ikkje ut til å ta nokon ende. Torsdag vann Bergsøy nok en sterk siger da dei slo Ellingsøy 2-0 borte. Dermed har Bergsøy klatra til 3.plassen på tabellen, og har teke 19 av 21 mulige poeng dei siste sju kampane. LAget har i denne perioda avansert frå botnstriden til toppstriden. No er det opp til spelarane å halde fram i same spor og jobbe like hardt dei attståande kampane, då kan det bli mykje morro utover hasten.

-"Men forebels snakkar vi ikkje om opprykk i det heile. Vi tek en kamp om gongen og prøver å gjere det beste ut av det. Det er som kjent minimale marginar i fotball, men dersom karane er innstillt på å jobbe like hardt frammover hausten, så har dei bevist at dei har kapasitet til å slå dei fleste motstandarane i divisjonen."
(Tom Beddari etter kampen.)

Til kampen mot Ellingsøy hadde trenar-duoen Beddari/Myklebust lagt om systemet frå 4-4-2 til 4-5-1, for å kunne matche heimelaget på midtfeltet. Dette trekket viste seg å vere fornuftig. Ellingsøy opna rett nok best, men etter å ha foretatt en del justeringar i markeringane og formasjonane så tok Bergsøy meir og meir over initiativet. Allereie etter 10 minutter var det klart for Bergsøy-leiing. Tobben Leikanger møtte fint en retur i feltet, og frå skrå vinkel sende han ballen i nota med fynd og klem. Etter dette kontrollerte BIL det meste, og hadde fleire sjansar til å auke leiinga. Mellom anna var Lars Ove Almestad aleine med keeper etter ei typisk Lars Ove gjennomløpning. Han lukkast desverre ikkje med avsluttninga. Bergsøy gjekk til pause med en fortjent 1-0 ledelse.

Også i byrjinga av den andre omgangen yppa heimelaget seg. Men Bergsøy tok over kommandoen etterkvart. Etter et kvarter var det klart for 2-0 for gjestane. Arild Kvalsund mottok et flott framspill frå midtstreken, brukte farta si, og etter å ha runda keeperen hadde han berre å trille ballen inn i det opne målet. Nok en fin prestasjon av Arild, som no er toppscorar saman med Lars Ove Almestad. Bergsøy kontrollerte det meste, og Tobben Leikanger var nære ved å auke ytterligare. Skotet small i tverrleggaren. Siste 12 minutta pressa imidlertid heimelaget Bergsøy over på defansiven, men Bergsøy spelte fornuftig i forsvar og hadde små problem med å trygge sigeren.

Bergsøy keeper Roger Wollan spelte nok en gong overbevisande i mål, og det gav det svært unge Bergsøy-forsvaret den nødvendige støtte og ro. Etter at Vegard Fiksdal måtte stå over med tre gule, vikarierte junioren Lasse Myrhol som sweeper, ei oppgave han løyste på overbevisande måte. Også dei to juniorane på backplass Rune Frantsen og Ronny Pål Kvalsvik imponerte. Elles er det gledelig at Tobben Leikanger no ser ut til å finne haustforma. Han har no fått en meir sentral plass på bana, og ser ut til å trivast bedre her enn som kantspelar. Elles la Geir Sandnes ned et imponerande arbeid som enslig spiss, og batt til tider 3 forsvarere med si aktive forsjekking.

Laget;
Roger Wollan , Lasse Myrhol , Nils Roger Paulsen , Rune Frantsen , Rony Pål Kvalsvik , Kristian Berge , Endre Tjervåg , Lars Ove Almestad , Tobben Leikanger , Arild Kvalsund (A-kamp nr 50) , Geir Sandnes .
Innbytte; Hening Karlesn og Jan T Teige kom inn.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat