Kampreferat 1994:

Bergsøy kom sterkt tilbake

Bergsøy - Hasundgot 2-0


Endre Tjervåg, Lars Ove Almestad


Lars Ove Almestad

Carl Petter Carlsen

Lars Ove Almestad


Vedlegg til kampen


Les pravda


Avisutklipp


Avisutklipp

Kampreferat

Bergsøy kom sterkt igjen etter den svake serieopningen mot Vartdal då dei i prestisjeoppgjæret mot Hasundgot sist torsdag sikra en overbevisande 2-0 siger. Kampen vart flytta frå Bergsøy Stadion til ei flott grusbane i Huldalen, og med tankte på den minimale treninga Bergsøy har hatt på gras denne våren, så var nok dette til fordel heimelaget.



Trass i hard motvind tok Bergsøy initiativet heilt frå start, og pressa Hasundgot over på defansiven. Det var tydelig at BIL-spelarane hadde bestemt seg for å slost og vinne duellane, og dette førerr til at ein skaffer seg betre tid og rom til meir kreativt angrepsspel. I motsetning til kampen mot Vartdal var Bergsøy langt flinkare til å kome rundt på kantane, og både Lars Ove Almestad og Vegard Fiksdal skapte problem for gjesteforsvaret med sine mange giftige raid på sidene. I tillegg jobba dei godt defansivt. Nils Roger Paulsen stabiliserte midtfeltet, medan banens beste Geir Sandnes spelte stort med sitt fine overblikk, gode teknikk og ikkje minst sine ange intelligente løp som opna gjesteforsvaret gang på gang. Og det var nettopp et slikt løp som danna grunnlaget for 1-0 målet. Geir finter seg fri til dølinja etter 13 minutter, og Lars Ove Almestad møter innlegge perfekt og sender ballen kontant imål. Ei fortjent ledelse.

Bergsøy heldt fram offansiven etter målet, og etter 20 minutt spelte Geir på nytt gjennom Lars Ove, men denne gangen small skotet i tverleggaren. Like etter var Vegard Fiksdal frampå med eit velplassert skot som keeper såvidt fekk fista til corner. Hasundgot hadde kun sporadiske forsøk, og kom litt for lett til på Bergsøy sin venstre forsvarsside. Men det som kom tok keeper Ronny Reite seg av. Sikker både på streken og i feltet, og ikkje minst fungerer han bra som sweeper med å avskjære lange gjennomløpningar. Bergsøy fekk fortjent trampeklapp då dei gjekk til pausen.

Også i 2.omgang opna Bergsøy med aggresivt spel, denne gangen i medvinden. Allereie etter 8 minutt var det klart for 2-0 til heimelaget. Kaptein Stian Skogen braut eit angrep på midtstreken. Han finta seg elegant forbi ei tre mann før han stakk en presis ball gjennom til veteranen Endre Tjervåg. Edre styrte ballen beherska forbi keeper frå 16-meters hald. Flott scåring. Etter dete gav Bergsøy frå seg initiativet, og vi frykta det verste då Lars Ove Almestad fekk sitt andre gule kort for dagen. Det første etter viljehands og det andre etter ei uheldig tackling. Men tiltross for undertallet så hadde Bergsøy god kontroll på gjestane. Vi registrerte kun en stor sjanse til Hasundgot, men keeper Rnny Reite var på plass med ei fin reaksjonsredning. Mot slutten fekk også Stian Skogen en smell, og medan han fekk behandling så var Bergsøy kun 9 mann. Mot slutten kom Arild Kvalsund og Jarl Åge Wågsholm inn og var med på å trygge ledelsen.

Det var først og fremst en lagsiger, men i tillegg til dei før nemnte så fortjener dei tre leikongarane Dagfinn Vattøy, Stian Skogen og Leif Inge Jøsok ros for en godt gjenomført kamp. Også den faste tribuneslitaren Paul Bøe var positiv i sine uttalar etter kampen. Etter mange års fravær var han no på plass igjen på "ekspert haugen", og dersom karane viste tilsvarande vilje også i dei neste kampane så hadde Paul god tru på at laget ville kjempe i toppen.

Laget; Ronny Reite , Dagfinn Vattøy , Stian Skogen , Tobben Leikanger , Frode Myrhol , Vegard Fiksdal , Nils Roger Paulsen , Lars Ove Almestad , Geir Sandnes Geir Tjervåg , Leif Inge Jøsok , .
Innbytte; Arild og Flis inn






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat