NM CUP 2000:

Bergsøy utslått av SIF

Bergsøy - Skarbøvik 1-3 (1-1)


Jarl Åge Wågsholm

26.04.2000
Bergsøy Stadion


Vedlegg til kampen

Ingen vedlegg ennå til denne kampen
Kampreferat

SIF går vidare i cupen etter ein fortent 3-1 siger borte mot Bergsøy onsdagskvelden. Og det var ein sterk 2. omgang som sikra favoritten vidare cup-billett. Sigeren var fortent nok, gjestane var gjennomgåande betre enn Bergsøy i denne kampen. Men det unge heimelaget ga favoritten frå 2. divisjon overraskande god motstand før kvilen.

1. omgang var kjedelig og nesten sjansefri den fyrste halvtimen. Men så kom det brått ei scoring som varma tilskodarane, og det var populært nok heimelaget som tok leiinga. Frå nærmare 25 meter klemte Jarl Åge «Flis» Vågsholm til på beste Beckham-maner, og ballen suste inn i hjørnet bak ein sjanselaus John Arne Storøy i SIF-buret. SIF-gutane kom raskt til hektane att etter baklengsmålet. Berre fem minutt seinare vart det utlikning, då Kai Birger Myrold kontant styrte ballen i hjørnet. Det vart med desse to scoringane i ein omgang der det var vanskeleg å sjå divisjonsskilnad på laga.

Men skilnaden kom klart til syne etter pause. SIF opna friskt og offensivt, og var aktive i luftromet framfor Bergsøy-målet. Fleire headinger var nær scoring, og eit mål låg i lufta. Det kom, men det måtte eit frispark til for å knekke Bergsøy. Svein Arve Alnes fann eit hol i Bergsøy-muren, og ballen smaug seg gjennom og inn i målet. Kvarteret før slutt auka Stian Bjørdal til 3-1 etter eit praktangrep der Bergsøy vart heilt utspelt, og der ballen gjekk i mange trekk før Per Øyvind Iversen slo inn til Bjørdal som sette spikeren i Bergsøy-kista. Etter kvilen var Bergsøy ikkje med i det heile teke, og hadde ikkje ein einaste målsjanse.

SIF-trenar Svein Slinning var nøgd med sigeren, men ikke med spelet. - "Vi sprang ikkje nok, men det hjalp då vi bytte inn nokre spelarar. Det var ikkje 2. divisjonstakter over oss i dag, og då tenker eg mest på viljen til å prestere. Den mangla hos litt for mange spelarar", meinte Slinning.

Bergsøy-forsvarar Ronny Pål Kvalsvik spelte i 1998 for nettopp SIF, og han hadde ingen problem med å godta at det beste laget vann denne kampen. På sitt eige lag syntes han at forsvaret klarte seg godt. "Men vi skapar altfor få sjansar framover", meinte Kvalsvik. Så her har trenar Per Rune Tødenes mykje å ta tak i.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat