Kampreferat 2001:

Uavgjort i en krigarkamp

Hano - Bergsøy 2-2 (1-1)


Steffen Kvalsund, Roy Igesund


Nordøy Stadion

Pål Andre Nerland, Børge Remøy

Ståle Eikrem

; 2 Steffen Kvalsund, 1 Arve Helsem Leine.


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt


Sunnmørsposten

Kampreferat

"Nye Bergsøy" er inne i ein god stim etter å ha kjempa seg til 2-2 på bortebane mot Ha/No. Dette er ei bane Bergsøy normalt har hatt problemer med. Bergsøy tok iniativet heilt ifra starten og tok ein fortjent ledelse alt etter 8 minutt. Roy Igesund dempa eit innlegg fra kanten og sette ballen kontrollert i nota. Flott prestasjon av Roy. Utover i omgangen jamna spelet seg noko meir ut, men Bergsøy var det mest giftige laget.

-"Vanligvis heng poenga høgt her ute, men idag synest eg vi fortente alle tre""

(Jørn Magnussen)



Dei to kantspelarane Steffen Kvalsund og Per Ståle Nykrem kom seg ofte rundt på kantane og skapte store problemer for heimelaget. Midtveis i omgangen vart også Bergsøy snytt for eit straffespark da Roy Igesund blei klippt ned i Ha/No feltet. Utrulig nok valgte dommaren å trekke det til eit frispark utanfor 16 meteren. Ha/No hadde kanpt ein einaste kvalifisert sjanse før pause, men klarte likevel å utlikne på ei tvilsom scåring. Bergsøykeeper Håheim boksa ballen ut fra farlig område, men dommaren meinte at ein heimespelar hadde blitt dytta i ryggen. Kenneth Ulla scora sikkert frå straffemerket. (Bildet tatt før seriestarten)

Også i den andre omgangen var det Bergsøy som styrte det meste av speler. Angriparane Steffen Kvalsund, Roy Igesund og Per Ståle Nykrem skapte stadige problemer, og særlig Steffen kom til mange gode tilbod etter fine enkeltmannsprestasjonar. Også bakover på bana organiserte Arve Leine forsvarstroppane på ein god måte. Det blei ein kalddusj at det likevel var Ha/No som skulle gå opp i 2-1 20 minutt ut i omgangen da Amund Fjørtoft blei spelt igjennom og scora sikkert.

-"Eg føler vi har fått inn en fin tone i laget, og gutane er klar over at vi må gi maksimalt i kvar kamp for å få oss poeng. Og vinn en duellane så vinn en også ofte kampane. I tillegg til god lagmoral har vi også tre-fire potensielle matchvinnere i laget."

(Jørn Magnussen)



Bergsøy nekta likevel å gi opp, og eit kvarter før full tid var det Per Ståle Nykrem som forserte fint på høgrekanten og slo eit perfekt innlegg til bakerste stolpe. Der kom Steffen Kvalsund på direkten og pang i nota. Også mot slutten var Bergsøy nære på fleire mål, men det endte med 2-2.

Bergsøy sitt lag:

Keeper: Knut Erik Håheim
Forsvar: Tommy Ingebrigtsen, Pål Andre Nerland, Arve Leine, Børge Remøy
Midtbane: Steffen Kvalsund, Martin Molnberg, Christoffer Nilsen, Per Ståle Nykrem
Angrep: Frank Sverre SKorpen, Roy Igesund.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat