Kampreferat 2002:

Sterk Bergsøysiger over Ørsta

Bergsøy - Ørsta 3-1 (1-1)


Jarl Åge "Flisa" Wågsholm (2), Christoffer D Nilsen


Frank Sverre k Skorpen

Oddbjørn Aam, Åmdal

100 tillskuere

: 3: Jarl Åge Wågsholm, 2: Arve Leine.


Vedlegg til kampen


Tabellen


Omtale og referat


kampreferat

Kampreferat

-"Vi har fått en kjempestart på sesongen. Med to sigrar og sju scåre mål er eg godt nøgd. Vi hadde trøbbel i første omgang, og var på hælane, men etter omrokkeringar hevda vi oss etter pausen. Sjansane var der heile tida, og måla kom på viktige tidspunkt. Vi fortjente sigeren etter glimrande laginnsats i 2.omgang".
(En smørblir Bergsøytrenar Trond Paulsen)

Foran kampen var det frykta at dette Ørstalaget var av en litt større kaliber enn Bergsøy. Ørsta hadde også fått et stempel på seg som en av favorittane til divisjonen. Ørata vann 3-2 over Stryn i 2.runde av NM foran denne kampen, og Bergsøy hadde hatt ute spionar på den kampen. Mest imponert blei spionane nok av Asle Myrold, og han måtte stoppast om Bergsøy skulle få poeng. Foran kampen var det også klart at Rune Frantsen var tilbake i moderklubben, men han sa seg ikkje aktuell til denne kampen. Elles var keeper Martin Løseth igjen frisk fra skade.

-"Kampen var et stort vonbrot for oss. Vi viste slett spel. Eg prøvde å fyre opp spelarane i pausa, men laget datt sammen i den andre omgangen. Vi skapte lite og det vart tungt mot slutten."
(En skuffa Ørstatrenar Henning Nygård)

Bergsøy fekk en pangstart på kampen og gikk opp i ledelsen allereie før det første minuttet var spelt. Steffen Kvalsund gjekk på et raskt løp på venstresida og slo inn i feltet til Jarl Åge Wågsholm. Jarl Åge gjorde ingen feil, og satte ballen i vinkelen til 1-0. Mykje var snakka om et ørstakompleks, men no var det kanskje på tide å avkrefte dette. Likevel, Ørsta var nok det beste laget i den første omgangen og kom raskt tilbake til hektene etter sjokkopninga. Etter 10 minutter var stillingen 1-1, etter et flott frispark over muren av den spelande trenaren Henning Nygård. Ballen gjekk i mål via stolpen og målet var en fin prestasjon, dei rundt 100 oppmøtte hadde fått en underhaldande start på kampen. Ørata kom inn i ei sterk periode etter målet. Bergsøyspelarane kom på etterskot og blei pressa bakover. To gangar i løpet av ett minutt small ballen i tverrleggaren bak keeper Knut Erik Håheim. I tillegg noterte vi oss et par tre store sjansar som Ørsta burde hatt mål på.

Det blei 1-1 til pausen, noko Bergsøy burde være fornøgde med. Likevel kunne Bergsøy tatt ledelsen i kampen heilt mot slutten av omgangen. Steffen Kvalsund gjekk på et løp og kom aleine med keeper, men valgte å prøve ei sentring istadenfor skudd. Valget var nok ikkje av dei smartaste. Også Frank Sverre Skorpen var nære ei scoring da han like etter vende fint i feiltet, men det harde skotet gjekk rett på keeper.

På samme måte som i kampen mot Vigra så kom Bergsøy sterkt tilbake etter pause. Tempoet blei skrudd opp, duellar blei vunne, og laget starta å kontrollere kampen. Bortsett frå en megasjanse til Ørsta rett etter sidebytte med redningar på streken, var det heimelaget som var på offansiven. Ørsta fekk store problemer med å bryte gjennom BIL sitt gode forsvar. Så kom det forløysande målet etter 78.minutt. Igjen var det Steffen Kvalsund som var arkitekten bak. Han dribla halve Ørstalaget innover på bana til 20 meter frå mål, før han stoppa opp og såg seg rundt etter spelaralternativ. Der kom Christoffer Nilsen på løp og fekk en stikkar gjennom. Christoffer dunka ballen i mål til stor jubel. Men de var ikkje slutt med det. I neste angrep kjempa Roy Igesund seg fri på sida og la hardt inn til Jarl Åge Wågsholm som fekk æra av å sette inn sitt andre mål for dagen.

Bergsøy hadde tatt full kommando i kampen og var også nære på å øke til 4-1 heilt mot slutten. Mons Arne Kvalsvik blei fint frispela av Børge Remøy, men skotet blei avverga av keeperen. Alt i alt var det en flott gjennomført kamp av Bergsøy, der nok en gang laginnsatsen sto i fokus. Men vi kan likevel ikkje unngå å trekke fram kjappe Steffen Kvalsund, som var arkitekten bak dei to første måla. Med si sputnik fart og briljante teknikk, skaffa han Ørstaforsvaret store problem. Med sin løpskapasitet er Steffen et mareritt for dei fleste forsvar, men han kan gjerne bli meir aktiv og flinkare til å utfordre. Et ekstra pluss går også til Jarl Åge Wågsholm som scora to viktige mål. Jarl Åge har en god egenskap med å være på rett plass til rett tid.

PS: Bergsøy har ennå ikkje klart å funne tak i speaker på kampane, men i påvente tok superpatriot Sindre Notø på seg oppgaven denne gang. Fra sin tribuneplass hagla det med humoristiske kommentarer som skapte stemning på tribunene og på bana. Ja til og med linjedommar Terje Blomvik måte strekke på smilebandet meir enn en gong.

Laget: Knut Erik Håheim, Marvin Kopperstad, Arve Leine, Lars Andersen, Børge Remøy, Jarl Åge Wågsholm, Christoffer Nilsen, Karl Bjarte Vike, Frank Sverre skorpen, Steffen Kvalsund og Roy Igesund.
Innbytte: Vegard Sævik, Martin Løseth, Mons Arne Kvalsvik og Kristian Waage kom alle inn og gjorde en god jobb.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat