Kampreferat 2002:

Bergsøy med ny sterk seier

Ellingsøy - Bergsøy 0-4 (0-2)


Steffen Kvalsund, Roy Igesund, Christoffer Nilsen, Frank Sverre Skorpen (str)


Lars Conradi Andersen

Bjørn Myklebust, Molde FK

; 3: Frank Sverre Skorpen, 2: Arve Leine, 1: Christoffer Nilsen.


Vedlegg til kampen


Tabellen


Kampreferat


Kampreferat


Kampreferat

Kampreferat

-"Effektiviteten var den store forskjellen. Mens Bergsøy scåra på sine sjansar så var vi ikkje i stand til å omsette våre".
(EIL-trenar Dag-Rune Skotte)

Bergsøy tok sin tredje strake siger, hvorav to har vore på bortebane. 11-3 i målforskjell er også verdt å skryte litt av. Laget har reist seg veldig sidan treningskampane, og viser en enorm innsatsvilje og entusiasme som det står respekt av. Denne gangen var det Ellingsøy som måtte sjå seg utklassa, men forskjellen på laga var nok muligens ikkje så stor som resultatet skulle tyde på. Det var effektiviteten som var hakket bedre, og Bergsøy ser ut til å ha både offansiv kreativitet samtidig som laget har god defansiv trygghet.

Ellingsøy pressa litt i starten av kampen, men Bergsøy tok ledelsen. I det 12 minuttet fekk Steffen Kvalsund servert ballen på 20 meters hold, g han sendte ivei ei kule som gjekk over keeper og inn i nettet. Heimelaget ropte på hands, men dommaren godkjente scåringa. Midtveis i omgangen vart Bergsøy også snytt for et straffespark etter at Roy Igesund vart felt inne i feltet. Likevel fortsatte Bergsøy å skape sjansar, og Roy Igesund økte ledelsen til 2-0 like etter. Han tverrvende inne i feltet, og ballen trilla sakte i mål få omtrent 14 meters hald.

-"Vi har fått en serieopning over all forventning. No får vi også spillere heim frå studier, så dette ser bra ut".
(Bergsøytrenar Trond Paulsen)

Etter pausen måtte Martin Løseth i Bergsøymålet strekke seg for å gjere ei redning, og Ellingsøy var fortsatt med på notane. Reint spelesmessig var nok ikkje dette årets beste kamp av Bergsøy, men et kvarter ut i omgangen virka det som at kampen blei punktert da stillinga vart 3-0. Roy Igesund vart nok en gang teken inne i målfeltet, og denne gangen blåste dommaren på straffe. Frank Sverre Skorpen satte straffesparket i mål. Christoffer Nilsen har vore god på midtbana hittil i sesongen og scåre seg nokre mål, det skulle han gjere også denne kampen. Et flott langskot ordna 4-0. Christoffer har no scora på tre gode langskot på like mange kampar. Det såg ut til å kunne bli et stygt resultat da Bergsøy på nytt fekk et straffespark, men denne gangen var Frank Sverre litt for nonchalant i sitt forsøk. Han prøvde å tåe ballen i mål, men ballen gjekk utanfor stolpen.

Heimelaget gav nok opp da det sto 4-0, og Bergsøy kunne raskt fått seg nokre mål til på slutten av kampen. Bestemannsprisen går til Frank Sverre Skorpen, som var arkitekten bak dei fleste av angrepa. Gledelig er det også at spissen Roy Igesund ser ut til å finne målforma. Pluss også til midtbaneterrieren Christoffer Nilsen som gjer en god jobb som ballvinnar, og som no også har fått skikkelig dreis på langskota.

Til ekstra informasjon så må det nemnast at bana var ganske hard, og tåballane til spelarane fekk nok gjennomgå på grunn av matta. Dommarane var også for seine til 2.omgang med 5 minutter, noko som gjorde at spelarane sto og venta lenge før 2.omgang kunne blåsast igang. Bana var nok litt trangare enn det Bergsøy var vande med, og rytma i spelet blei nok litt påvirka av dette. Været var flott. Elles var forarbeidet til 1-0 et veggspel mellom Steffen og Frank Sverre, mens samme spelarane kombinerte foran 2-0 der tilslutt Roy Igesund klarte å treffe ballen. Martin Molnberg kom inn for Børge Remøy og fekk sin debut for sesongen.

Laget: Martin Løseth, Marvin Kopperstad, Arve Leine, LArs Conradi Andersen, Børge Remøy, Steffen Kvalsund, Karl Bjarte Vike, Christoffer D Nilsen, JArl Åge Wgsholm, Frank Sverre Skorpen og Roy Igesund.
Innbytte: Martin Molnberg og Tommy Ingebrigtsen kom inn. Det gjorde også Anders Hoff og Anders Per Waagsholm.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat