Kampreferat 2003:

Bergsøy i trøbbel

Hareid - Bergsøy 1-0 (0-0)



Hareid Stadion

Lars Conradi Andersen

Jan Lund, Blindheim

Lars Conradi Andersen


Vedlegg til kampen

Ingen vedlegg ennå til denne kampen
Kampreferat

Bergsøy slit tungt, og uinspirerte Bil-spelarar måtte rusle skuffa av banen etter å ha tapt 1-0 i solsteika på Hareid laurdag. Hareid spelarane kriga bedre og ville meir enn gjestane, og då vinn en ofte fotballkampar. Bergsøy spelte andre omgang med berre ti mann etter å ha fått utvist midtstoppar Lars Conradi Andersen like før pause. Men paradoksalt nok var Bergsøy langt bedre med med ein mann mindre på bana i 2.omgang. Tre juniorar på sluten satte også fart i laget når dei fekk sleppe til.

Bergsøy ligg nå i nedrykksposisjon, og det er vanskelig å forstå kva som er skjedd med laget som faktisk er forsterka sidan ifjor. Hareid opna best i denne kampen, og dei fleste rekna med Hareid ledelse da Hallvar Møller blei felt og Hareid fekk straffe rett før pause. Bil-keeper vågeskar var kjappt nede og redda det godt plasserte skuddet fra Even Hansrud på straffa, og laga var fortsatt like langt til pause. Lars Conradi måtte desverre forlate bana etter å ha fått sitt andre gule kort, også dette rett før pause. Og i det tredje speleminuttet etter sidebytte kom scoringen som skulle avgjere. To Bil-spelarar gikk på samme ball, og dette gjorde at ballen endte videre til Hallvar Møller som fekk open veg til mål. Møller scoret sikkert. Etter dette vakna Bergsøy meir, det ser ut til at herøylaget alltid treng litt tid for å forstå alvoret. Dei tre friske Bergsøyjuniorane som kom inn satte fart på angrepet, og berre Banens beste Vagn Scheide Mork i hareidsburet hindra mål. Han redda bla to forsøk fra Johny Moltubakk. Men også Hareid hadde sine forsøk, og treffte også stanga. Hareid van derfor under ett fortent mot et skuffende Bergsøylag. Dei som får godkjent er Kim Vågeskar i buret som kanskje hadde sin beste kamp hittil i mål, og Johnny Moltubakk som fekk vist fram endel av sitt tekniske register. Også juniorene sine innhopp var positive.

Laget;
Kim Vågeskar, Børge Remøy, Vegard Sævik, Lars Conradi Andersen , Martin Molnberg, Oddbjørn Seljeset, Christoffer D Nilsen, Karl Bjarte Vike, Johnny Moltubakk, Frank Sverre K Skorpen og Roy Igesund.
Inbyttere; Knut Peter Sævik, Tommy Remøy og Kristian Waage.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat