Kampreferat 2004:

Tamt borte mot Valder

Valder - Bergsøy 4-0 (1-0)


18.juni 2004
valdervoll Stadion

Martin Molnberg

Bjørn Bakkom

Få tillskuere

: Frank Haraldsvik (Knesmell)
: Martin Molnberg / Christoffer Nilsen / Steffen Kvalsund


Vedlegg til kampen

Ingen vedlegg ennå til denne kampen
Kampreferat

Bergsøy hadde hatt ei stigande formkurve mens Valder hadde slete i det siste. Og laga brukte nok litt tid på å føle på kvarandre i starten. Valder fekk dei første angrepa, mens Bergsøy hadde ei god periode etterpå. Det var ikkje mange sjansane i den første omgangen, den største Bergsøysjansen hadde nok Steffen Kvalsund som prøvde et skudd innanfor 16-meteren. Keeperen boksa skuddet ut til corner. Anders Vaagen prøvde et skudd frå skrått hald som keeper redda, mens Johnny Moltubakk nesten kom igjennom etter et løp på høgresida. Men så fekk Valder kontre etter en Bergsøydøball og avansere inn i vår 16-meter. Mats Inge Teige var i hælane på ballføraren som datt lett til straffe. Tom Gøran Jønsson viste korleis en skal ta ei straffe, hardt oppe i hjørnet. Det var gått 37 minutt.


(Bildet; Tom Beddari ikkje heilt fornøgd etter at Valder har fått straffe)

Etter dette skapte ikkje Bergsøy særlige sjansar i den første omgangen. Egentlig klarte laget ikkje å skape nok sjansar i løpet av kampen i det heile. Når valder fekk kontre inn 2-0 så virka det som at det blei vanskelig for BIL å halde oppe trua på at det kunne gå. I løpet av få minutt kom både 3-0 og 4-0. Rett før 3-0 scåringa hadde Johnny Moltubakk kanskje BIL sin beste sjanse i kampen. Han prøvde å legge den i det lengste hjørnet, men keeperen las skuddet og slengte seg rett. Den siste scåringa til valder var også den finaste. Bra ballkontroll og flott skudd i lengste hjørnet.


(Bildet; Det blei en tung dag tilslutt for Bergsøyspelarane )

Bergsøys kaptein Frank Haraldsvik fekk nok en tøff dag på jobb. Denne gangen blei han liggande nede to gangar etter røff behandling. Naseblod etter den første kollisjonen, mens kneet fekk en hard smell i 2.omgang av Jønsson. Dermed kom Vebjørn Sjåstad inn. Når det gjeld skader så var Frank Sverre ikkje speleklar, det siste med ankelproblem i tillegg til lyskeproblema sine. Rune Frantsen var heller ikkje med, da han må vente til stinga sine har grodd rundt kneet. Det kunne virke som at savnet etter desse var stort denne dagen. Christoffer Nilsen fekk ei vanskelig oppgave med stort arbeidsområde sentralt på bana. Anders Vaagen og Per Ståle Nykrem som var dagens spisspar fekk liten ballkontakt. Anders Per Vågsholm og Steffen Kvalsund prøvde på kantane i den første omgangen og prøvde å hjelpe Christoffer mer sentralt i den andre omgangen. Anders Per måtte nesten gi seg i pausen grunna problem med ei linse, men det gikk bra tilslutt.

"-Jeg er veldig skuffet. Laget var ikkje til å kjenne igjen fra forge kamp da vi knuste Hødd2 med 8-1." Sa Tom Beddari. Han gav godkjent til Mats Inge, Marvin og Steffen, mens dei andre spelte under par.


(Bildet; Dykkar måtte til for å hjelpe oss vekk ifrå Valder)

Når det først skal gå gale så kan det fort skli ut. Vår båtskyss tur retur Brandal - Valder holdt på å bli kun en enveisbilett. Et tau hadde vikla seg inn i motoren på brygga i valder. Det einaste som gikk bra denne dagen var at vi var heldige med å få en dykker på plass relativt kjappt. Vi blei nok ei 30-40 minutt forsinka, men kom i det minste tilbake.

Laget; Frank Haraldsvik , Marvin Kopperstad, Mats Inge Teige, Lars Conradi Andersen, Martin Molnberg, Steffen Kvalsund, Anders Per Vågsholm, Christoffer D Nilsen, Johnny Moltubakk, Anders Vaagen, Per Ståle Nykrem.
Innbytte; Vebjørn Sjåstad, Jarl Åge Wågsholm, Frantz Frantzen og Børge Remøy kom inn i 2.omgang.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat