Kampreferat 2004:

Veldig skuffende kamp

Bergsøy - Sykkylven 1-3 (1-2)


Per Ståle Nykrem

Tirsdag den 17.august 2004
Bergsøy stadion

Frank Sverre Kopperstad Skorpen

Bertil Holen.

99 tillskuarar

: Johnny Moltubakk (mage). : 1.Knut Erik Håheim : Knut Erik Håheim


Vedlegg til kampen

Ingen vedlegg ennå til denne kampen
Kampreferat

Bergsøy klarde på ingen måte å følge opp fredagens gode bortekamp, og noterte dermed sitt tredje heimetap for sesongen. Samhandlinga mellom spelarane og ikkje minst pasningskvaliteten og aggressiviteten var totalt fråværande til tider, og det rutinerte laget fra Sykkylven var totalt sett best. Sjølv uten sin gode midtbanedirigent Eivind Fet så klarte Sykkylven å styre kampen inn i sitt spor. Men Bergsøy scåra faktisk det første målet i kampen. Steffen la ballen bort til bakerste stolpe, og Per Ståle Nykrem satte ballen enkelt imål inn til sitt syvende mål for sesongen. (Tremålsscåraren til Sykkylven)

Etter målet til Bergsøy så hadde Bergsøy nokre sjansar, etter pasning fra Frank Sverre så satte Steffen en ball i tverrleggaren. Stort nærmare kom ikkje Bergsøy fleire mål denne dagen, men nemnast må også ei god headding av Karl Bjarte Vike etter corner fra Per Ståle Nykrem. Resten av kampen er derimot et trist kapittel. Sykkylven kom tilbake og snudde kampen via to identiske cornarar. Corner fra høgre, mølje foran mål, og kontant satt i nota av Sykkylven sin nådeløse måltjuv. Sykkylven hadde dermed en ikkje ufortent 2-1 ledelse til pausen.

Det blei sagt i pausen at Bergsøy virka humørlause, men det skulle virke vanskelig for heimelaget å få opp humøret. Kvaliteten i spelet var rettogslett ikkje godt nok til poeng denne dagen. Knut Erik Håheim hadde nokre gode innvolveringar i mål og redda laget nokre gongar, men frammover hadde Bergsøy ingenting å stille opp med i den andre omgangen. Anders Vaagen kom innpå for å styrke angrepet og Mons Arne Kvalsvik kom inn for Johnny Moltubakk som for dagen hadde mageproblem. Det førte til at Karl Bjarte Vike blei sendt lengre fram på bana. Kaptein Rune Frantsen, som dei fleste frykta skulle få seg ei alvorig skade da han låg nede for telling i den første omgangen, hadde nok å gjere sentralt på midtbana. Forresten var det ikkje få av Sykkylven sine spelarar som meinte Rune sjølv var skuldig i skaden han fekk etter si tofots tackling.

På slutten av kampen kom avgjerdsla til 3-1. Knut Erik i målet såg ut til å først kunne klarere bort ballen, men var uheldig i ballberøringa. Tilslutt var det en enkelt jobb for dagens måljeger å sette ballen inn i det tomme buret. Dei oppmøtte publikummarane var nok fortvilte av det dei fekk oppleve denne dagen. Bergsøy har avogtil hatt for vane å bli sløve på heimebane i fint vær. Denne gangen er ordet "sløv" ikkje dekkande for prestasjonane vist fram på bana, men all ære til Sykkylven som nok en gang spelte en solid defansiv kamp. Sykkylven har divisjonens beste forsvars-statistikk, og hadde god kontroll på Bergsøy sine spede forsøk frammover.

Laget; Knut Erik Håheim, Marvin Kopperstad, Mats Inge Teige, Vegard Sævik, Karl Bjarte Vike, Rune Frantsen, Frank Sverre Skorpen, Johnny Moltubakk, Jarl Åge Wågsholm, Steffen Kvalsund, Per Ståle Nykrem.
Innbytte; Mons Arne Kvalsvik og Anders Vaagen kom inn i 2.omgang






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat