Kampreferat 2005:

Rotemål hindra Bergsøy poeng

Bergsøy - Hareid 2-3 (1-1)


Frank Sverre Kopperstad Skorpen, Steffen Kvalsund

Fredag den 22.april 2005
Bergsøy Stadion

Lars Conradi Andersen, Per Ståle Nykrem

Bjørn Bakkom

Ca 120 tillskuere

: Kjetil Paulsen for fint backspel, : Kjetil Paulsen 1 poeng.


Vedlegg til kampen


Avis


Kampbilde 1

Kampreferat

Det var endelig klart for sesongpremiære etter en lang vinter med mange treningskampar. Alt låg til rette for en fin fotballkamp idag, grasmatta på Bergsøy Stadion har nok sjeldan sett så fin ut på denne tida på året. Fast og god grasmatte, solskinn, debuten for dei nye overtrekksdraktene, og årets lagbilde. Men det er ikkje alltid at ramma rondt kampane betyr så mykje når kampen først har begynt, for det var Hareid som starta kampen best.

Dei første 15 minutta var Hareid skarpast, og 1-0 kom etter en corner. Bildet under viser situasjonen godt, og etter ballen har spretta en gong i bakken så var Tore Ytrehauge på plass og satte ballen i nota. Om en kan seie Tony Sandanger som seriedebuterte for Bergsøy var uheldig med utboksinga ved målet, så gjorde han det godt igjen minuttet etter. Bergsøy forsvaret virka passive da Hareid sn spiss fekk kome igjennom aleine mot Tony som varta opp med ei god redning.



Bergsøy kom meir med etterkvart. Preben Hestad blei avblåst for offside idet han kom aleine mot Hareid sin keeper Mork. Etter spel og sjansar så var det ikkje ufortent at Frank Sverre Kopperstad Skorpen utligna til 1-1 etter 25 minutt. Frantz Frantzen og Per Ståle Nykrem kolliderte på venstrevingen, men førstnemnte fekk likevel sent ivei ei flott stikkpasning fram til Frank Sverre som kom aleine mot keeper. Istadenfor å skyte direkte gikk han mot Mork og tok ei vending som førte keeperen ut av balanse. Frank putta så ballen forbi forsvararen som hadde jobba seg ned igjen på streken, ei fint utført scåring.

Og det kunne blitt fleire, for Bergsøy var det beste laget den siste halvtimen av 1.omgang sjølv om det var mykje kriging som det ofte er i desse kampane. To av bilda under viser at Jarl Åge Wågsholm var nære på å få putta ballen imål. Per Ståle Nykrem prøvde seg på et skudd. Frank Sverre fekk så en ny stor sjanse til å scåre da Christoffer Nilsen lobba elegant over forsvaret. Frank prøvde seg på en lobb over keeper, men ballen endte også over mål. Det blei 1-1 til pause, men vi var optimistiske med tanke på avslutninga av omgangen.


Optimismen blei raskt snudd til frustrasjon i starten av 2.omgang. Som i den første omgangen så var det litt startproblem med Bergsøy, og to nye døballar skulle skape problem bakover. 3 minutt hadde gått av omgangen da Tony Sandanger glapp ballen mellom hendene og bort til Kim Tore Husøy som ikkje hadde problem med å trille ballen inn i det opne buret. Men verre blei det, for kun tre minutt etter så økte Hareid ledelsen til 3-1. Kva som egentlig skjedde er litt uklart, men Andre Skotheim fekk ballen på pannebrasken mens han låg nede på bakken - og ballen trilla rolig inn i buret. Lettkjøpte mål, og en psykisk smell for Bergsøy i starten av den andre omgangen. Mens Bergsøy var offansive og skapte sjansar i den første omgangen, så tok det meir tid før sjansane kom etter pausen. 25 minutt ut i omgangen måtte også målscårar Frank Sverre takke for seg med en strekk i låret, inn kom Steffen Kvalsund. Bergsøy hadde no lagt om formasjonen til en slags skeiv 4-4-2, og prøvde å pumpe ballar fram mot Preben, Frantz og Steffen. Nokre nesten-sjansar kom, men 5 minutt før full tid kom den største. Preben Hestad hadde et fint raid på høgrekanten og slo hardt inn foran mål der Steffen Kvalsund kom spurtande. Steffen endte inn i målet, ballen endte i tverleggaren. Nærmare mål er det nesten ikkje mulig å kome uten å scåre. I det 90 minuttet kom den einaste reduseringa Bergsøy fekk, innbyttar Daniel Hatløy fekk lagt et fint innlegg som Steffen fekk god tid med på bakerste stolpe. Dette skuddet gikk tverleggar inn. Mats Inge Teige hadde et fint skudd heilt mot slutten av kampen som Mork slengte seg og hadde ei fin showredning på. Elles blei den siste døballen ikkje utnytta, og dermed stakk Hareid av med seieren. Hareid hadde ikkje mange sjansar anna en måla, derfor var det ganske bittert å tenke på at det var 3 døballar som gjorde utfallet. Det kan likevel nemnast at Hareid ropte etter straffe to gongar, og mange dommarar hadde muligens gitt dei tvilen til gode og blåst for ei straffe. Dagens mest skuffa spelar var nok Tony Sandanger, keeperen som debuterte på heimbane i serien for Bergsøy. Tony har stått nærmast feilfritt i dei fleste treningskampar iår, men var ved enkelte tilfeller idag uheldig og blei hard straffa for det. Det viktige er å gløyme dette og tenke fram mot neste kamp.

I bakre rekke imponerte nok engong Kjetil Paulsen på venstre stopparposisjon. Han stressar aldri med ballen, rydder godt opp, og slår fornuftige pasningar. Christoffer Nilsen kom rett fra Trondheim og spelte en god kamp på midtbana, mens Frank Sverre var aktiv og god i angrepet ei periode i den første omgangen. Frantz skal ha pluss for si målgivande pasning. Ellers er det vanskelig å peike ut spelarar etter dagens kamp, mange var på det jamne. Dommaren gav ut mange gule kort i kampen, men kampen var aldri prega av ufin fotball.

Laget: Tony Sandanger, Lars Conradi Andersen, Steffen Moltu, Kjetil Paulsen, Christoffer Nilsen, Mats Inge Teige, Per Ståle Nykrem, Jarl Åge Wågsholm, Frantz Frantzen, Frank Sverre K S, Preben Hestad.
Innbytte; Steffen Kvalsund, Børge Remøy, Daniel Hatløy uti 2.omgang.





1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat