Kampreferat 2005:

Bittert tap med ti mann

Langevåg - Bergsøy 3-2 (1-1)


Frank Sverre Kopperstad Skorpen, Per Ståle Nykrem

Fredag den 6.august 2005
Langevåg stadion

Ove Kvalsvik

Alf Furland

107 tillsuarar

: 2: Frank Sverre Skorpen : Frank Sverre Skorpen .


Vedlegg til kampen

Ingen vedlegg ennå til denne kampen
Kampreferat

(Bildet: Daniel Hatløy dribla på høgrekanten)

Bergsøy var klare for den første haustkampen etter ei ukes treningsopphold i Grimstad, og Langevåg var motstandar. Været var kalt med enkelte tunge byger underveis, og varierande var nok også spelet som blei vist i den første omgangen. Bergsøy starta nærvøst og klarte ikkje få ned skuldrane, og pasningane blei ofte litt for stressa. Sjølv om Langevåg nok var hakket bedre i starten av kampen så var 1-0 målet litt unødvendig. Et innlegg av Langevåg sin høgrekant virka ufarlig, men like stressa som enkelte av sine medspelarar i denne perioda så endte boksinga til Tony Sandanger ned på sølvfat til Andor Albertsen. Et tidlig baklengs. Langevåg starta kampen best, men Bergsøy kom lenger og lenger fram på bana. Det blei også fleire og fleire frispark til fordel Bergsøy utover i kampen, men frisparka blei sjeldent utnytta. Den første sjansen Bergsøy hadde kom etter en fin stikkar frå Frank Sverre over til Steffen Kvalsund på løp, skuddet blei desverre avværga til corner.

(Bildet: Mats Inge Teige og Daniel Hatløy var romkameratar i Grimstad og samarbeidar no på høgresida til Bergsøy. Av mangel på andre gode bilder frå kampen så slenger vi dette på plass :) )


Bergsøy hadde nokre cornarar, men berre en gong lukta det farlig. Mats Inge Teige smelte til på en retur, og ballen blei avklarert før den endte i nettet. Deretter skjedde det som skulle få endel å seie for det vidare kampbildet. Ove Kvalsvik hadde fått et gult kort tidligare i kampen, og prøvde seg på ei ny tackling da det hadde gått litt over 40 minutt av den første omgangen. Bergsøy følte nok at en sterk advarsel kunne være på sin plass, men dommaren drog opp det gule kortet nok en gong - og Ove blei sendt i dusjen. Likevel lot ikkje Bergsøy dette gå ut over resten av kampen, og prøvde heller å snu det negative om til noke positivt. Rett før pause var det nemnlig klart for 1-1. Frank Sverre blei skubba overende i feltet og dommaren peikte mot straffemerket. Frank satte ballen imål, men måtte ta straffa på nytt ettersom andre spelarar var for raske frammpå. Det skulle ikkje ha betydning, for Frank satte ballen imål også på sitt andre straffeforsøk, denne gangen i motsatt hjørne.

-"(..) All ære til Bergsøy som tok ledelsen med 10 mann."
(Langevågs spillende trener Sindre Eid).

Bergsøy spelte ikkje særlig bra i den første omgangen, men vart bedre i den andre. Langevåg virka som dei hadde mindre brensel i maskineriet sjølv når dei hadde en mann meir. Det blei sjeldent farlig med dei angrepa heimelaget kom med, og det var Bergsøy som på si side viste effektivitet på ei kontring etter 68 minutt. Steffen Kvalsund fekk ballen på venstrekanten og la innlegg i bakromet til Per Ståle Nykrem som blei banka på direkten i nota. Et herlig mål til 2-1 ledelse. Hittil i omgangen var det cornarar som var Langevåg sine farligaste våpen, men snart skulle heimelaget få seg et mål. Ballen blei mista litt enkelt på midten, og heimelaget kunne sette fart mot målet. Ei pasning 45 grader ut til Andor Albertsen satte han fri til å sende ballen i det nærmaste hjørnet til 2-2. Anders Hoff slengte ivei ei tackling, men blei akkurat for sein. Det blei han imidlertid ikkje på et anna Langevåg forsøk. En spelar blei ståande helt aleine foran mål, i en situasjon som lukta mål sikkert også over fjella i området. Angriparen brukte såpass god tid på ballen at Anders kunne springe seg opp i situasjonen og hindre det som såg ut som et sikkert mål. Bergsøy hadde krefter, men fekk aldri til å kome på dei store kontringane.

-"Vi gjennomførte en bra kamp, og følte vi hadde mer krefter enn Langevåg, selv med 10 mann. Vi fortjente minst et poeng. Vil gjerne skryte av spillerne som gjorde en kjempejobb heile veien."
(Bergsøytrenar Tom Beddari).

Ettersom Langevåg både låg under, og seinare sleit med å få skape sjansar til å ordne seg et vinnarmål, så var det mykje frustrasjon. Bergsøy var flinke til å demme opp. Etter 2-1 scåringa blei det foretatt et meir defansivt bytte da Daniel Hatløy blei bytta ut for den meir defansive terrieren Kjetil Paulsen. Etterkvart skjedde fleire bytter, Per Ståle Nykrem ut for Knut Petter Sævik, mens Steffen Moltu og Curt Åge Hauge kom inn på sentral midtbane for Jarl Åge og Frank Sverre seint i omgangen. Frank Sverre blei bytta ut etter nok en smell i beina, og dei var det mange av. Frank herja mykje i duellane mot Langevåg sine spelarar, og fekk mange frispark til publikums store frustrasjon. Men sjølv om Bergsøy kjempa heroisk med 10 mann og fortjente, sett frå vår side, minst et poeng - så skjedde ikkje det. Bergsøy ligg sist på tabellen, og hadde ikkje flaksen med seg i sluttminutta her heller når et svakt skudd skifta retning og endte nede i hjørnet til 3-2.

(BIldet: Kaptein Frank Sverre drog lasset godt under kampen. Han var nede for telling nokre gongar under kampen, men kom seg opp igjen.)

Mot slutten var det altså Langevåg sine elleve mann som prøve å drage ut tida. Fysisk virker Bergsøy bra for tida. Det vart et lite sporadisk forsøk mot sluten for å få til ei utligning, men et frispark endte tilslutt i klypene til heimekeeperen.

Laget: Tony Sandanger, Anders H Hoff, Marvin Kopperstad, Lars Conradi Andersen, Per Ståle Nykrem, Ove Kvalsvik, Steffen Kvalsund, Frank Sverre Kopperstad Skorpen, Jarl Åge Wågsholm, Mats Inge Teige, Daniel Hatløy.
Innbytte: Kjetil Steinsvik Paulsen, Curt Åge Hauge, Knut Petter Sævik, Steffen Moltu i 2.omgang.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat