Kampreferat 2005:

Ti mål i viktig botnsiger

Bergsøy - Blindheim/Emblem 6-4 (2-2)


Preben Hestad 2, Mats Inge Teige, Christoffer D Nilsen, Frank Sverre K Skorpen

Fredag den 19.august 2005
Bergsøy stadion

Anders Hoff

Øyvind Kringstad

64 tillskuarar

: 3; Preben Hestad, 2; Mats Inge Teige : Preben Hestad, Christoffer Nilsen. : Kjetil Paulsen (Ut etter 45.)


Vedlegg til kampen


Sumpen


Kampbilde


Kampbilde

Kampreferat

Det blei en skikkelig målrik thriller i regnværet på Bergsøy Stadion. Stemninga satte seg sjølv ettersom det var en viktig kamp for begge laga som er plassert side om side på botnen av tabellen. Blindheim kunne med seier ta et godt steg mot fornya 3.divisjonskontrakt, mens Bergsøy måtte vinne for å fortsatt kjempe om det samme. Med andre ord var det Bergsøy som aller mest trengte seieren, og kanskje var dette avgjærande for at kampen tilslutt bikka heimelagets vei siste halvtimen. Kampen kunne gått begge veier, og gjorde det forsåvidt også underveis, men heldigvis for Bergsøy så gjekk dei fleste av dei ti scåra måla i vår favør denne gangen.

(Bildet: Blindheim tok ledelsen i det 10.speleminuttet. Et frispark blei godt slått, og Sindre Lauvås slo både Steffen Moltu og Tony Sandanger i lufta og headda inn til ledelse.)


Blindheim fekk en god start på kampen med ei scåring etter ti minutt. Et frispark blei slått inn, og Sindre Lauvås vann hodeduellen og satte ballen imål. Fint utført frispark og avsluttning, og Tony Sandanger som slengte seg ut i feltet måtte bite i seg orda "keeper" ved denne situasjonen. Bergsøy hadde nokre kombinasjonar heilt i starten av kampen, men Blindheim/emblem viste seg fram som et godt lag og hadde tidvis gode og raske overgongar som kjørte gjennom midtbanen til Bergsøy. Ei periode utnytta Blindheim godt rommet mellom forsvaret og midtbanen til Bergsøy, som heimelaget brukte ei stund på å tette under en nykonstruert midtbane-lagdel. Dei to sentrale midtbanespelarane i sist kamp, Jarl Åge og Kjetil, spelte nemlig på kantane i denne kampen. Frank Sverre og Christoffer spelte sentralt. Også nytt var at Roy Igesund var tilbake i startoppstillinga for første gang sidan serieavsluttninga mot Stordal i 2003, og spelte litt foran midtbanen bak Preben Hestad på topp. Uansett, endelig såg det ut til at ballen trilla litt Bergsøys vei, for etter 20 minutt var det klart for utligning til 1-1 ved et sjølvmål. Et innlegg blei headda inn i eige nett av Sindre Lauvås, som ved stillinga 1-1 no var blitt en tomålsscårar.

Det var mykje som skjedde som følge av innlegg i den første omgangen, og Bergsøys 2-1 mål kom også som følge av et frispark. Ballen fauk over dei fleste, men på bakerste stolpe kom Mats Inge Teige som fekk kontroll på ballen og satte den inn bak Blindheim sin keeper. Minuttet seinare var det imidlertid likt igjen, ettersom Aleksander Hagrup fekk stjernetreff med skuddfoten. Ballen fauk i hjørnet utagbart for Toni Sandanger, dagens flottaste mål på stadion. Det blei 2-2 til pause, men det var også andre sjansar som var skumle foran kassene. Et skudd frå en av Blindheim sine spissar i den første omgangen strauk den borterste stolpen, og Blindheim var nok minst fornøgde med uavgjort til pause sett utifrå sjansane som blei produsert. En gong ropte dei også på straffespark, men dommaren gav gult kort for filming. Godt dømt sett ifrå vår vinkel, men vi veit også godt at andre dommarar kunne dømt annaleis.

-"Det er ikkje lov å scåre så fine mål i 3.divisjon. Om vi sender inn ei klage så kan vi kanskje få det annulert".
(Banemester Arvid Kvalsund etter at Blindheim scårte 2-2 målet på et flott langskudd.)

(Bildet: Daniel Hatløy hadde nokre initiativ i den 2.omgangen som var gode. Her kom han seg nesten heilt igjennom, men blei reint tackla før han fekk forsere vidare mot keeper.)


Etter pausen tok det ikkje lenge før bortelaget nok en gong gav Bergsøy et lite sjokk. Det kunne sjå ut som at forsvaret var bortreist då Lars Andreas Vegsund fekk stå heilt åleine og dunke ballen kontant inn bak Toni Sandanger. Dette målet var alt for lettvint, men Blindheim synest det var heilt iorden. Seinare var Bergsøy heldige som slapp unna et nytt baklengs idet en Blindheimspelar får komme nesten heilt aleine med keeper, litt pressa så endar heldigvis lobben hans utanfor målet. Sakte men sikkert får likevel Bergsøy tilbake roa etter nokre minutt med spark og spenn. Når Preben Hestad etter 57 minutt får stå heilt aleine inne i 16-meteren, så setter han den rolig i nota. På benken hører vi Preben sammenlignast med Ruud Van Nistelroy, og målscåreregenskapen inne i boksa kan ingen ta ifrå Preben. For seks minutter seinare så var Preben på rett plass igjen. Et høgt og langt innlegg, og Preben er på bakerste stolpe og headdar den inn i mål. Bergsøy har nok en gang henta opp Blindheim og tatt ledelsen, men skulle laget klare å halde på den denne gongen? Etter 79 minutter får vi svar. Bergsøy har hatt god kontroll på omgangen, men kunne ikkje puste skikkelig ut før Christoffer Nilsen nærmast tackla ballen over streken til en 5-3 ledelse. Christoffer, som er Trondheims-student til vanlig, blei henta heim til denne kampen og gjorde akkurat som han gjorde i sist kamp han blei henta - scåra mål og førte laget til viktige poeng.

Mot slutten av kampen skjedde endel bytter, men måla fortsatte likevel å kome rullande på band. 6-3 målet fekk Frank Sverre æra av å sette imål etter å ha blitt frispelt av Daniel Hatløy via Preben Hestad. Frank satte ballen kontrollert nede i målet bak keeper. Blindheim vart også på slutten av kampen redusert til 10 mann etter at en irritert spelar sparka ballen i leggen på Frank Sverre. Om dette skjedde før eller etter Blindheim scårar dagens siste mål huskes ikkje i farta. Det var en corner som tilslutt endte hos Tore Florvåg som dunka den lavt i motsatt hjørne gjennom endel andre bein. Det endta altså tilslutt 6-4 til Bergsøy. Fortsatt endel unødvendige baklengsmål, men denne gangen blei det heldigvis scåra nok mål i den rette enden for å skaffe Bergsøy dei sårt viktige poenga. At det allereie er baklengsrekord i Bergsøy iår, når det gjennstår seks kampar, er ikkje mykje å tenke på. Det viktige er at Bergsøy no kun er 3 poeng bak Blindheim, med en god teoretisk sjanse for å berge plassen i divisjonen.

(Bildet: Frå venstre i jubel Mats Inge Teige, Preben Hestad, Frank Sverre Skorpen, Roy Igesund og Jarl Åge Wågsholm. Målscårar Christoffer D Nilsen kunne desverre ikkje stille opp på bildet ettersom han forsvann inn i garderoben..)


Kjetil Paulsen var plaga med en strekk og måtte ut til pausen. Både Kjetil og Jarl Åge kom lite med i spelet i den første omgangen. Inn for Kjetil kom Daniel Hatløy som var frisk i 2.omgang, og aktiv med driblefoten. Christoffer Nilsen kom tilbake på laget og viste seg igjen å være god å ha med. Han hadde et stort område å dekke defansivt, men klarte likevel å få seg et mål mot slutten av kampen. Det gjorde også en meir offansiv Frank Sverre, som ofte utgjorde en spisstrio ilag med Preben Hestad og Roy Igesund. Preben fekk igjen vise målteften som frammover vil kunne bli svært viktig for klubben, og han gjorde en god kamp. Artig var det også å sjå Roy når han slapp seg laus og torde utfordre mot Blindheim sitt forsvar. Også Roy kjempa hardt, men vi fekk desverre ikkje sjå skuddfoten i aksjon. I forsvaret velger vi å gi litt pluss til Mats Inge Teige som var med opp og fekk seg et mål, også Marvin Kopperstad hadde nokre turar frammover og prøvde å skape overtal. Av juryen blei Frank Sverre kåra til dagens Bergsøyspelar, vi held imidlertid en knapp på Preben Hestad ilag med Christoffer Nilsen på en dag der få skillte seg ut og laginnsatsen sto i fokus.

Laget: Tony Sandanger, Anders H Hoff, Marvin Kopperstad, Steffen Moltu, Kjetil Paulsen, Preben Hestad Christoffer D Nilsen, Frank Sverre Kopperstad Skorpen, Jarl Åge Wågsholm, Mats Inge Teige, Roy Igesund.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat