Kampreferat 2005:

Det vil seg ikkje på bortebane

Valder - Bergsøy 2-0 (1-0)


Fredag den 26.august 2005
Valdervoll stadion

Per Ola Utgård

100 tillskuarar

: 2; Steffen Moltu : Steffen Moltu. : Kjetil Paulsen (Endel kakkar, men klarte seg.)


Vedlegg til kampen

Ingen vedlegg ennå til denne kampen
Kampreferat

(Bildet: Valder var det mest agressive laget i den første omgangen, og det blei mange duellar der Bergsøy endten måtte gi frispark eller corner.)

Med en seier i sist kamp for Bergsøy så var trua på plass om at det var mulig å få årets første borteseier denne gangen. Valder på Valdervoll skal imidlertid aldri undervurderast, og heimelaget starta kampen med en aggressivitet som såg ut til å ta Bergsøy på senga.

Valder sine spelarar var raskare oppi mann og flinke i press, og det første kvarteret av kampen var det en del cornerar og trykk mot Bergsøy sitt målfelt. Minst to av desse cornerane lukta det mål av idet ballen endte midt nede i klynga foran mål, og kun en fot mangla på å puffe ballen dei få centimeterane over målstreken. Ett av desse møljeskudda endte i tverrleggaren og ut, en anna utrulig møljesituasjon blei heldigvis avklarert. Kontringane til Bergsøy virka sjeldent farlig, men etter den rufsette starten så kom laget meir med i kampen og fekk løfta opp laget meir.

Etter at Valder sitt innledningstrykk var over så fekk Bergsøy sjanser på corner, men dette har sjeldent vore et effektivt angrepsvåpen for BIL dei siste sesongane. Christoffer Nilsen var nære da han fekk headda mot målet på en corner, men det endte over. En annan situasjon såg ut til å kunne bli styrt inn oppe i nettet, men det skulle vise seg at Bergsøy virkelig har problem med å scåre mål på denne bana. Det er iallfall slik at dei siste møta mellom desse laga på Valdervoll har endte 2-0, 3-0 og 4-0 i favør Valder. Idet Bergsøy såg ut til å ha oppnådd bedre kontroll på kampen enn starten, så fekk valder et frispark frå rundt 18 meter. Skuddet gjekk strake veien mot Toni Sandanger som fekk redda med ei beinparade. Ballen spratt så høgt opp og ut til kanten der en annan Valderspelar fekk tak i ballen, og etter litt klabb og dårlig agressivitet kom ballen tilbake inn i feltet der Dag Jønsson fekk trille ballen inn i målet frå kort avstand. Klokka hadde berre såvidt passert halvtimen, men det var likevel på et psykisk viktig tidspunkt for heimelaget. Sett utifrå sjansane så kan en ikkje seie det var ufortjent at heimelaget hadde ledelsen til pause.

(Bildet: Christoffer Nilsen, Kjetil Paulsen og Rune Frantsen på midtbana for Bergsøy, Jarl Åge Wågsholm er utanfor bildet.)

-"Vi føler dette er veldig urettferdig etter spill og sjanser. Det er bittert å gå av banen uten poeng, men vi klarer ikkje å sette sjansene våre."
(Bergsøy trener Tom Beddari etter en 2.omgang som Bergsøy dominerte)

Etter pausen var derimot Bergsøy mykje meir med i spelet, og Valder fekk ikkje så mykje rom å boltre seg i. Desverre for Bergsøy så blei det heller ikkje skapt særlige sjansar den andre veien heller, og dei første 20 minutta noterte vi ikkje en skikkelig Bergsøysjanse. Men så skjedde det etterkvart meir utover i omgangen, og den første sjansen var det Frank Sverre som skulle få etter å ha dratt seg forbi en forsvarar ved hjelp av litt armbruk. Aleine med keeper rakk han desverre ikkje å få til ei avsluttning. Jarl Åge Wågsholm skulle deretter prøve seg på ei perle. Han drog av to forsvararar før han prøvde å skru balen inn i det lengste hjørnet, men keeperen slengte seg godt og fekk slått til corner. Et skudd seinare i omgangen av samme mann traff via innbytter Per Ståle Nykrem og pressa fram ei ny keeperredning. Bergsøy hadde på dette tidspunktet starta sin sluttspurt, og ved sidan av nemnte Per Ståle var Daniel Hatløy og Steffen Kvalsund kome inn på kantane.

Dei største Bergsøysjansane er enda ikkje nemnt, for Preben Hestad var pluttselig heilt aleine med keeper. Det overraska kanskje også Preben at han var så aleine, og skuddet gjekk dermed rett på keeper ifrå Bergsøy sin toppscårar. En meir og meir offansiv Marvin Kopperstad utover i kampen skulle også få en god sjanse til å utligne da han headda mot mål frå kloss hold etter et fint innlegg, men headdinga gjekk desverre over. Det virka som om ingenting skulle gå inn, og tilslutt kan vi konstantere at ingenting gjorde det heller.

-"Det er ikkje rart at Bergsøyspillerne hang med hodet etter kampen igår. De eide den andre omgangen totalt. Det var de som fikk ballen til å gå i fleire trekk og spillte god fotball. De kom nærmere og nærmere scåring, men Valder keeper Roar Rørvik stod utmerket. Han hadde minst 3 match vinner redninger og var banens bestemann"
(Henta frå sunnmørsposten og litt fra Valder si heimeside)

Valder såg ut til å kunne punktere kampen idet dei fekk et straffespark mot slutten av omgangen. Situasjonen virka for oss å være skulder mot skulder mellom Steffen Moltu og Valder sin måljeger. Dommaren peikte imidlertid på straffemerket tross store protestar. Toni Sandanger kan ikkje lastast for noko idag, og strafferedninga var også svært bra. Han slengte seg ned i hjørnet og holdt ballen, og håpet om poeng var fortsatt til stades. Og Bergsøy kunne fått den utligninga dei håpte på, men istadenfor var det Valder som igjen kom på ei kontring i det 90.minuttet der Jønsson kunne notere seg for sitt andre mål for dagen. Et delvis sleive-innlegg blei sendt vidare inn i nettet av en slengande Jønsson som punkterte kampen.

Bergsøy fekk et frispark heilt på tampen som kunne ført til et trøstemål i det minste, men dette gjekk over mål. Det ville seg rett og slett ikkje. Bergsøy var det beste laget i den andre omgangen, men klarte aldri å få uttelling på sjansane. Valder hadde endel spelarar som var kvikke i beina, og spessielt i den første omgangen kunne det virke som at Bergsøyspelarane var tunge i kroppen. Hurtigheita i kontringane til Valder viste seg å være avgjerande mot slutten når punkteringa kom.

(Bildet: Vi har nemnt duellspelet før. Bergsøy vann utover fleire duellar enn Valder, men Valder vann likevel kampen.)

Det er vanskelig å nemne spelarar som var hakket bedre enn dei andre, men Steffen Moltu gjorde mykje fornuftig. Vi klandrar han heller ikkje for det som vi meinar var ei billeg straffe. Arve Leine starta sin første A-kamp på lenge, og gjorde ingen dårlig figur. Han vann og rydda mykje i lufta, og er flink i sikringsarbeidet. Mats Inge Teige og kanskje spessielt Marvin Kopperstad spelte seg veldig bra opp utover i kampen med mange fine offansive løp. Vi synes vi huskar at Mats hadde et skuddforsøk i den første omgangen, mens Marvin hadde en ganske god andre omgang og var også oppe og kunne scåret mot slutten.

Rune Frantsen var tilbake frå havet og danna duo med Christoffer D Nilsen sentralt på midten. Begge er kjent for ofringsvilje og duellspel, men vi har også sett begge i bedre form før. Jarl Åge Wågsholm og Kjetil Paulsen kan sjeldent kritiserast for det arbeidet dei legg ned, spesiellt i det defansive arbeidet. Frammover blei det skapt mindre, før Jarl Åge pluttselig viste fram skuddfoten. Vi bør oppfordre samtlige spelarar til å gjære det samme, nemnlig å prøve å skyte når vi får sjansen. Kjetil fekk seg tidlig et par smellar, men fekk rista dei av seg og jobba hardt og bra spessielt i den første omgangen.

Preben Hestad og Frank Sverre Skorpen hadde det vanskelig, og fekk ikkje boltre seg så mykje som vi har sett dei før. Begge kom fram til en sjanse kvar, men avsluttningane vart ikkje gode nok. Som mange andre så blei både Frank og Preben raskt pakka inn av både høge og raske spelarar, og det blei mindre ballkontakt på mange idag, enn det vi kanskje er vandt med å sjå. Dei siste 15-20 minutta var Bergsøy som heilheit bedre og viste gjennom sin sluttspurt at laget ville gjære det meste for å vinne, men tilslutt så måtte en berre innsjå at vi ikkje klarte det denne gangen. Bergsøy ser ut til å ha et virkelig bortebanekompleks iår. Det positive er at både Blindheim og Stranda tapte, mens Ørsta spelte 1-1 mot Hareid.

Laget: Tony Sandanger, Arve Leine, Marvin Kopperstad, Steffen Moltu, Kjetil Paulsen, Preben Hestad, Christoffer D Nilsen, Frank Sverre Kopperstad Skorpen, Jarl Åge Wågsholm, Mats Inge Teige, Rune Frantsen.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat