Kampreferat 2005:

Et stort bortetap mot serieledar Volda

Volda - Bergsøy 9-0 (4-0)


Fredag den 03.juni 2005
Volda kunstgras

Øyvind Kringstad


Vedlegg til kampen


Kampbilde 1


Kampbilde 2

Kampreferat

Sola skinte tidlig denne dagen, men det kom litt småregn under kampen. Kanskje er det den beste oppsummeringa vi kan foreta oss etter en slik kamp, for alle blir berre måpande og lurer på kva som egentlig skjer. Bergsøy spelte kynisk og bra dei første 20 minutta, og hadde faktisk dei to første skudda i kampen. Store sjansar var det ikkje, men skudd var det iallfall.

Eine skuddforsøket var Frank Sverre Skorpen som sto for etter først å ha dratt seg fri og forbi to voldingar, men skuddet trua ikkje mål. Lagdelane til Bergsøy låg tett ihop, og et tolmodig Voldalag trilla ball før det somregel kom en lang ball ut mot en av kantane. Volda kom seg til en halvsjanse dei første 20, men volleyforsøket fra ca 16 meter fra skrå vinkel gikk i motsatt retning enn der målet sto. Med andre ord; det var ei tett opning. Lite sjansar. Men så skulle det smelle..

(Bildet; Keeper mot keeper. Straffa blir satt inn til 2-0)


24 minutt ut i omgangen skjedde det som ikkje skulle skje, og som vi håpte ikkje skulle skje. Ballen var trulig først utanfor sidelinja, og Bergsøy skulle hatt et kast, men linjedommaren vinka ikkje. Det følgande innlegget blei headda inn i så å seie åpe mål fra kort hald av Atle Driveklepp. To mann klarte ikkje hindre innlegget, og ingen klarte heller å markere Driveklepp som tilslutt fekk utføre ei enkel avsluttning til 1-0. Og da endra kampbildet seg sakte men sikkert. Volda fekk opp sjølvtillit og tempo, mens Bergsøy gikk den andre vegen. Dette er ikkje vanskelig å forstå, Volda er inne i en seiersflyt mens Bergsøy er inne i en virkelig dårlig stim av ei tapsrekke.

Foran 2-0 målet burde Bergsøy kanskje hatt fripark, men spelet går vidare og endar i straffe til heimelaget. En hands i feltet, og dommaren var nådelaus. Straffa blei satt inn av Tore Sørheim kun fire minutt etter det første målet. Tony Sandanger i bergsøyburet var på ballen, men klarte ikkje å forhindre nettkjenninga. Knut Olav Aarsnes avslutta kanskje dagens mest spesielle angrep etter 37 minutt av omgangen. Volda sin midtbanekrigar Jan Rune Teigen kjørte karusell med tre Bergsøy-spelarar før han stakk ballen igjennom til Aarsnes som tuppa ballen forbi Tony Sandanger og inn i mål. 4-0 kom så rett før det blei blåst til pause. Korleis dette målet kom, er nok mindre viktig. Gløymt blir det forhåpentligvis uansett.

Kampen var sjølvsagt avgjort allereie, men Volda var sugne på fleire mål. Det såg vi direkte frå avspark etter pausen der dei raskt kunne økt ledelsen innen 9-14 sekunder. Et lite mirakel av ei avsluttning hindra baklengs. Men med det sagt; dette var en av svært få sjansar Volda hadde i kampen som det ikkje blei mål på. Uttellinga til Volda var rett og slett upåklagelig. Atle Driveklepp blei dagens mann for heimepublikum med tre mål totalt i kampen, og var mannen bak 5-0 og 6-0. Tilslutt veit vi at det endte 9-0. Nåkre angrep var gode av Volda, nokre få mål var gavepakker. Alt gikk rett og slette gale for Bergsøy, og sjølv da Steffen Moltu ofra seg på streken og fekk avværga at ballen trilla over- ja da blir klareringa headda inn i det tomme buret med Moltu som hjelpelaust vitne inne i nettet.

En kan til tider seie at heile Bergsøy var et hjelpelaust vitne til Volda sin effektive fotball. Det er utrulig at det skjer, og det er vanskelig å forklare kva det egentlig er som skjer. Volda er sjølvagt gode, det må være sagt- svært få lag vil ta poeng på Volda si kunstgrasbane. Men kva positivt kan vi egentlig trekke fram frå denne kampen? Ingenting egentlig. Nokre gongar er fotball brutalt, og nokre kampar er til for å gløymast. Denne kampen må bli gløymt raskt ettersom neste kamp allereie er på tirsdag. Ingen Bergsøyspelar fekk gult kort i denne kampen. Dommaren hadde nokre mulighete til å ta tak i kortstokken, men lot være. Greitt var det, for det blei aldri nåken stygg kamp. Bergsøyspelarane er ganske snille i duellane, og blir straffa for det på en måte som er tøffare å svelge enn 2-3 gule kort hadde våre.

For dei som lurer på korleis Bergsøy spelte idag, så var det en 4-5-1 formasjon. Tony i mål med Kjetil Paulsen på høgrebacken, Lars Andersen og Steffen Moltu i midtforsvaret og Marvin Kopperstad på venstre backen. På sentral midtbane var Frank Sverre Skorpen og Mats Inge Teige defansivt med Ove Kvalsvik litt foran, og Daniel Hatløy spelte på venstre side mens Per Ståle Nykrem var på høgre. Preben Hestad hadde den vanskelige jobben med å være aleine på spissplassen. Alle hadde en grei kamp dei første 20 minutta, men fleire var nok ikkje heilt venn med ballen. Mens Volda leikte seg på underlaget, så hadde Bergsøy til tider vanskelig sjølv med enkle kortpasningar. Og når ikkje enkle ting sit i fotball, så er det heller ikkje enkelt å spele fotball. Iallefall ikkje mot et lag som Volda. Det er vanskelig å finne et lag som kan utfordre Volda i årets 3.divisjon.

Det var rett og slett en divisjonsforskjell på laga. Vi får bare håpe at det ikkje blir to divisjonar i forskjell. Men fakta og statistikk smiler ikkje akkurat til Herøylaget for tida. 7 tap på 7 kampar, nesten en tredjedel av sesongen har gått uten poeng. Verst av alt er sjølvsagt at vi har passert over 35 baklengsmål på desse sju kampane. Ei lita trøst er at det berre er to poeng opp til Ørsta, og fem poeng opp til Stranda.

Laget: Tony Sandanger, Lars Conradi Andersen, Marvin Kopperstad, Steffen Moltu, Per Ståle Nykrem, Kjetil Steinsvik Paulsen, Daniel Hatløy, Frank Sverre Kopperstad Skorpen, Ove Kvalsvik, Mats Inge Teige, Preben Hestad.
Innbytte: Curt Åge Hauge, Roy Igesund, Anders Helsem Hoff, Steffen Kvalsund, Frantz Frantzen.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat