Kampreferat 2006:

Jamn kamp på Hareid

Hareid - Bergsøy 1-1 (0-1)


Steffen Moltu

Fredag den 30.juni 2006
Hareid Stadion

Ragnar Åmot,

50 tillskuere

: Steffen Moltu. : 3 poeng: Steffen Moltu, 1 poeng: Kjetil Paulsen
: Lars Henrik Hasund, Thomas Voldsund : Arve Leine (Ut seint i 1.omgang)


Vedlegg til kampen


Trenarane


Moltu i duell


To ferske BILara


Løp frammover


Debutant Voldsund


Skumle døballar


Gult kort


Duell


Skummelt

Kampreferat


Pre-match omtale.

Etter berre 1-1 mot Rollon i sist kamp så er Bergsøy for alvor i botnen av tabellen, og vilja til å vinne måtte vise seg i kampen mot Hareid om det skulle være mulig å få med seg poeng. Hareid på si side var trulig litt svekka ettersom Andre Skotheim gikk tilbake til Hødd denne uka, men en veit uansett alltid kva en går til når en møter Hareid. Som speakeren på stadion sa før kampstart så er dette noko av det nærmaste Hareid har et lokaloppgjær, "utanom Hødd2 som er et andrelag". Og desse lokaloppgjæra har alltid vore prega av tøffe duellar, frispark og kanskje nokre gule kort. Begge laga kan seiast å ha hatt en viss skuffande første del av sesongen, og også Hareid må passe seg for å ikkje bli for sjølvsikre frammover.

-"Store delar av første omgang var veldig bra. Det at vi dett ned på etter pausen øydelegg for oss." (Banens beste Steffen Moltu.)


(Bildet: Svein Haukås var som alltid engasjert på sidelinja, og håpte laget ville kapre sine første bortepoeng for sesongen..)


Den første omgangen.

Det var strålande sol over ei tørr og hard grasmatte, og denne kombinasjonen gjorde nok sitt til at spelarane muligens hadde ei unnskyldning for å bli slitne. Ei slik unnskyldning kom likevel ikkje, og Bergsøy var på hugget frå start av. Hareid på si side har kritikarar som meinar spelet før pause må være det verste på fleire år, og frå vår vinkel så har sjølvsagt Bergsøy en god del av æren til dette. Fleire gongar klarte Bergsøy å vinne ballen høgt oppe på bana, og Hareid fekk liten tid til å få ro i sitt eige spel. Sentralt på midten hadde Steffen Moltu kontrollen i lufta, mens Jonny Leikanger herja på bakken, og på kantane var det hard jobbing der spessielt Kjetil Paulsen fleire gongar var framme og braut rytma til Hareid sitt offansive spel.

-"Vi slit med samhandlinga mellom lagdelane, og det blir for mykje ein og ein." (Hareids bestemann Eiliv Tore Howlid.)

Det kunne også blitt ei pangopning for Bergsøy, då Steffen Moltu enkelt breisida inn ett overlegg, men linjedommaren annulerte dette for offside. Det såg igrunnen greit ut, men andre med muligens bedre vinklar til situasjonen meinar dette var fullstendig feil. Steffen Moltu viste seg likevel å være ganske så toneangivande, og skulle vise seg fram meir og meir. På en flott måte forserte han frammover et stykke seinare ut i omgangen og slo en smart stikkar gjennom til angriparen Steffen Kvalsund, men Kvalsund var den berømte tåspissen frå å få med seg ballen rundt heimelagets keeper. Kvalsund skulle også få seg en volleymulighet nokre minutter seinare, men hadde for stor hastverk med å treffe ballen inne i feltet.


(Bildet: Lars Henrik Hasund fekk sin første kamp i BIL-trøya, mens Jørn Kvalsvik fekk sin første kamp frå start (3.totalt).)

Også Hareid prøvde seg endel frammover, og Jørn Kvalsvik fekk smake litt på 3.divisjonstempoet i startfasa av kampen før han blei bedre og bedre utover. Det må seiast at Hareid ikkje skapte dei store muligheitene, og det var derfor fortjent at det var Bergsøy som gjekk opp til 1-0 etter 26 minutter. Et frispark frå høgre blei slått inn i feltet, og Steffen Moltu fekk sende ballen tilbake til det motsatte hjørnet med et fint treff. Et fint mål, og en fin start for et lag i motgang. Lag i motgang har berre en sjanse til å snu en vond trend, og det er å jobbe knallhardt. Det gjorde også Bergsøy, og med litt bedre presisjon så kunne BIL ha fått fleire mål.

-"Underteikna har følgt Hareid i mange år no, men 1. omgangen i dag var noko av det svakste eg har sett av Hareid. I ein heimekamp heime mot botnlaget Bergsøy klarte ikkje Hareid å skape ein einaste skikkeleg sjanse. "Pilkarane" var ikkje all verda dei heller, men scorte eit mål og leia fortent til pause.." (Einar Orten Trovåg, skribent på Hareid si heimeside.)


(Bildet: Bergsøy fekk mål på et frispark, men det lukta ikkje alltid like farlig. Hareid var hakket kvassare med å gå på løp på døballsituasjonar.)

Det nærmaste Hareid var å lukte på scåring før pausen var muligens da Even Hansrud, toppscåraren i divisjonen, kom springande inn i feltet. Toni Sandanger rydda opp med ei solid tackling, og Hareid sto tilbake med en corner og en skada spiss. Enkelte meinar ei slik tackling med knottane først er straffespark, uansett om Toni traff ballen først. Hansrud måtte byttast ut, og inn kom Remi Helleseth - en spiss som også har ei fortid som spiss i 3.divisjon med Bergsøy for et par år tilbake. En annan spelar på heimelaget, Per Ståle Nykrem, forlot Bergsøy i nyare tid. "Pers" var en av midtbanekjemparane på Bergsøy i fjorårets sesong som var med på å scåre viktige mål for å halde klubben unna nedrykk. Etpar minutt før pausa fekk vi nok et bytte, og denne gangen var det Arve Leine som måtte takke for seg. Dermed fekk vi endel rokkeringar. Steffen Moltu blei midtstoppar igjen for første gang sidan fjorårssesongen, og Steffen Kvalsund gjekk ned på venstrekanten idet Frantz Frantzen kom inn som spiss.

Den andre omgangen.

Det var en blanda følelse i garderoba i pausen. Bergsøy hadde prestert en god 1.omgang, kanskje også en av dei aller beste 45 minutta denne sesongen, men spelarane var også godt vitande om at laget sjeldan har klart å halde samme spelet i 90 minutter. Denne usikre følelsen av at ting kan rakne er noko dei fleste fotballspelarar i motgang har følt, og en 1-0 ledelse er noko en ikkje har lenge om en slakkar ned på tempoet i spelet. No er det vanskelig å seie om Bergsøy faktisk slakka ned på tempoet, eller om det var for stressa pasningar som gjorde at Bergsøy skulle få mer trøbbel etter pause. Et faktum er iallfall at Hareid pressa høgare, og forsvarsrekka til Hareid låg omtrent på midtstreken heile omgangen. Litt presisjon i kontringane til Bergsøy kunne gjere at laget ville få sin første trepoengar på bortebane, men idet Hareid fekk si utligning etter 72 minutt så kunne en også frykte at alt ville rakne nok en gang.


(Bildet: Kjetil Paulsen sprang mange kilometer denne kampen.)

Bergsøy hadde bra forsvarsspel, og til lengre laget klarte å halde nullen bakover til meir kunne en få trua av at dette skulle gå den rette vegen. Men det tok altså slutt i det 72.minuttet då Ronny Jørgensen var høgast i feltet og headda flott i motsatt kryss. Målgivande pasning var det Per Ståle Nykrem som sto for. Like etter målet var det klart for en av dagens to debutantar for Bergsøy. Lars Hendrik Hasund er nok et ubeskrevent blad med unntak av dei som har følgt Bergsøy sine juniorkampar, og han fekk kome inn og krige på venstrekanten dei siste 20 minutta. Ti minutt seinare var det klart for dagens andre debutant, då Thomas Voldsund entra bana under en offisiell A-lagskamp for første gang. Thomas spelte venstreback mot slutten og klarte seg godt.

Hareid hadde ballen mest etter pausen, men det var Bergsøy som fekk flest frispark denne kampen. Frustrerte heimespelarar blei til tider ståande og klage på det dei meinte var feil av dommaren. Mot slutten av kampen skulle det opne seg meir opp, og då var spelet meir i begge endane av bana istadenfor på midtfeltet. Per Ståle Nykrem hadde et av få skudd i kampen, men Toni Sandanger var fint nede og redda. På motsatt side var håpet at Kjetil Paulsen skulle opne opp for BIL-jubel då han fekk en flott ball i bakrommet, men Kjetil rakk ikkje å sende iveg skuddet før sjansen blei borte. Etter kampen forteller Kjetil at han blei dragt i skjorta i skuddøyeblikket, og dermed skal Hareid være heldige med utfallet i den situasjonen. Heilt på tampen av kampen var det Hareid som skulle rope på straffe, men dommaren vinka spelet vidare. Frå vår posisjon såg dette greit ut, og sluttresultatet meinar vi også var rettferdig. Det hadde blitt veldig trist om dette poenget skulle rakne på slutten.


(Bildet: Jonny Leikanger var en av dei tre store profilane på Bergsøy denne kampen.)


Ei slags oppsummering.

Det var en sjansefattig kamp, men mot slutten kunne den bikka begge vegar. Daniel Hatløy som kom inn på høgrekanten hadde to skuddforsøk den 2.omgangen, men ballen såg ikkje ut til å trille mot målet i den aller største hastigheta. Spissane Frantz og Preben jobba hardt i duellane, men kom til få sjansar. Preben var aktiv og jobba godt. Jonny og Kjetil dekte det meste av bana slik dei sprang og herja. Hareid si sentrale midtbane fekk store problem med Jonny sin herjande stil. Steffen Moltu var likevel den beste av dei tre beste (Moltu, Paulsen og Leikanger), og viste at han tacklar mange posisjonar på bana. Både i lufta og langs bakken var han en matchvinnar for laget. Mons Arne Kvalsvik hadde også en god dag i forsvaret, og vann ballar som ei stund såg ut til å være umulige å rekke tak i. Mats Inge Teige og Jørn Kvalsvik på backane jobba godt, og hadde fin kontroll. Kjell Alfred Otterlei jobba hardt defansivt, og var med på å skaffe fleire frispark som gav lagkameratane pusterom. Totalt sett var det nok en bra defansiv framgong å spore, da Bergsøy nok en gang berre slapp inn 1 mål. Desverre må en konstantere at Hareid var det beste laget etter pausen, og den eine presise høge ballen inn frå sida var nok til at heimelaget fekk seg ett poeng.

-"Ej følte ej kunne berre springe og springe.." (Kjetil Paulsen med en god forklaring på si eiga dagsform.)


(Bildet: Per Ståle Nykrem i Hareidstrøya, og Steffen Moltu i Bergsøytrøya.)

No har Bergsøy en kamp igjen før sommarpause, og det er allereie tirsdag borte mot Spjelkavik. Ettersom dei andre botnlaga hadde suksess denne runda, så er Bergsøy no nede som tabelljumbo. Rollon slo Hødd2, men meir overraskande var det nok at Volda slo SIF - og ikkje minst at Ørsta slo Spjelkavik på bortebane. Desse resultata bør motivere Bergsøy til at alt fortsatt er mulig.

Måla
To fine innleggsmål.
Spenninga
Viktig å få med poeng
Underholdning
Kanskje ikkje den største underholdninga.
Totalt
En typisk midtbanekrig.

 Spillere
 Spiller  Posisjon  Terning  Mål
  Toni Sandanger    Keeper        -
  Mats Inge Teige    Høgre Back        -
  Mons Arne Kvalsund    Midtstopper        -
  Arve Leine    Midtstopper        -
  Jørn Kvalsvik    Venstre Back        -
  Kjell Alfred Otterlei    Høgre Ving        -
  Steffen Moltu    Sentral Midtbane        
  Jonny Leikanger    Sentral Midtbane        -
  Kjetil Paulsen    Venstre Ving        -
  Steffen Kvalsund    Angripar        -
  Preben Hestad    Angripar        -
 Bytter
 Spiller  Av banen  Spiller  På banen
 Arve Leine  (40)    Frantz Frantzen    (46)
 Kjell Alfred Otterlei  (70)    Daniel Hatløy    (70)
 Steffen Kvalsund  (72)    Lars Henrik Hasund    (72)
 Jørn Kvalsvik  (80)    Thomas Voldsund    (80)







1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat