Kampreferat 2006:

Spjelkavik vann 7-2

Spjelkavik - Bergsøy 7-2 (4-0)


Preben Hestad 2

Tirsdag den 4.juli 2006
Spjelkavik Stadion

Jan Lund,

60 tillskuere

: (Thomas Voldsund sin første kamp frå start, 2.totalt)


Vedlegg til kampen


Heimejubel


På løp


Mot duell


2 mål igjen

Kampreferat


Pre-match omtale.

Det er ingen tvil om at Spjelkavik var storfavoritt til denne kampen. Heimelaget ligg heilt i tetsjiktet av 3.divisjon, mens Bergsøy var tabelljumbo. Verre var det også kanskje at Spjelkavik også tapte overraskande mot Ørsta på fredagen, så her var det venta at Spjelkavik ville revansjere seg mot Bergsøy. Bergsøy på si side måtte klare seg uten forsvararane Terje Teige, Egzon Abazi, Arve Leine og Jørn Kvalsvik. Tilbake frå suspansjon var Magne Havnen, og han skulle starte kampen som midtstoppar ilag med Mons Arne Kvalsvik. På venstrebacken var det klart for Thomas Voldsund sin andre kamp i A-trøya, og dermed sin debut frå start. På høgrebacken starta Mats Inge Teige. På midtbanen var Kjell Alfred Otterlei, Steffen Moltu, Jonny Leikanger og Kjetil Paulsen, mens Preben Hestad og Steffen Kvalsund starta på topp. Den nye kunstgrasbana til Spjelkavik blei ikkje nytta, men grasbana var i god stand. Sola var også med på å gjære forholda gode.

-"Ikkje notert - kjem seinare." (Bergsøys trenar Svein Haukås.)


(Bildet: Laget for dagen..)


Den første omgangen.

Bergsøy sin plan måtte sjølvsagt være å hindre rom for dei raske og tekniske heimespelarane, men det kan en raskt seie at laget ikkje lykkast med. Kampen kom greit igang og Bergsøy var godt med dei første minutta. Heimelaget sine framspel blei pressa ut til kast, og det lykkast å hindre Spjelkavikarane det rommet dei ønskte seg. Men det varte ikkje lenge, og berre 10 minutt hadde passert da "BIL-dødaren" Frank Sverre Kopperstad Skorpen fekk sende ballen vidare inn i nota etter et skudd frå høgre. Dette viktige målet var også det målet som var mest diskutert etter kampslutt, for var egentlig Frank Sverre i offside da han omtrent på målstreken flukta ballen vidare inn i nota? Målet blei uansett godkjent, og Bergsøylaget sin sjølvtillit fekk seg en tidlig knekk.


(Bildet: Spjelkavik var høgt oppe i duellane.)

Bergsøy var ikkje heilt rundspelt i starten, sjølv om 1-0 målet kom etter ei lita bølge med småangrep. Faktisk var starten på desse småangrepa Bergsøy sin egen feil, da laget rota bort ballen med småspel ved å ta et kort frispark istadenfor å sende ballen inn i målfeltet. Etter målet var det litt fram og tilbake, men det var klart at heimelaget var flinkare i pasningsspelet enn det Bergsøy var. Mens Spjelkavik trilla ball fram til Bergsøy sin 16-meter, så var det veldig sporadisk at nokon av BIL sine spelarar befann seg i heimelagets målfelt. Nestensjansar blei det likevel på Bergsøy, og to tre gongar var det gode ballar i bakrommet i retning Steffen Kvalsund, men Spjelkavik sin keeper var raskast ute alle gongane for å klarere. Ei av desse klareringane skapte likevel en stor sjanse til BIL, da det ustødige fotarbeidet til keeperen endte med at Preben Hestad fekk en gratissjanse. Preben prøvde å lobbe over alle og få ballen inn i det opne målet, men ballen traff tverrleggaren før den gikk over mål.


(Bildet: Kjell Alfred Otterlei er svimmel etter for mykje defansivt arbeid.)

Mens Bergsøy ser ut til å måtte slite seg fram til målsjansane så virka det som at Spjelkavik ikkje hadde så store problemer med å skape sine. Bergsøy kunne raskt hatt et mål den første halvtimen med litt bedre presisjon, men Spjelkavik sin presisjon skulle vise seg å være ett nivå bedre dette oppgjæret. Jonas Kipperberg har iår vore en del av det frykta spissparet Skorpen/Kipperberg i Spjelkavik, og då han fekk ballen etter 28 minutt så sente han den enkelt imål til 2-0. Altfor enkelt virka det som. Og om 0-1 er vanskelig å opphente så blir det straks langt tyngre å halde motet oppe for kvart nytt mål som kjem rullande. Mot slutten av omgangen var Frank Sverre og Kipperberg frammpå kvar sin gong igjen, og dermed måtte Bergsøy inn i garderoba med 4 baklengs i sekken. Frank Sverre fekk stå ganske så aleine på sitt 3-0 mål då han fekk pasninga inn frå høgrekanten. Skal vi ta med andre sjansar så bomma Spjelkavik på en 100% sjanse då en spelar kom aleine med Toni Sandanger, - denne gangen fekk Toni ei god hand på ballen og fekk slått den til corner. På motsatt side prøvde Kjetil Paulsen, Jonny Leikanger og Steffen Kvalsund kvart sitt skudd, men uten at det blei noko tellande resultat ut av det. Det var Steffen Moltu som nok hadde den beste prestasjonen i 1.omgang då han triksa og kjempa seg forbi 2-3 spelarar før han prøvde seg på ei avsluttning, men desverre blei det ikkje maks treff på ballen i det avgjærande støtet.


(Bildet: Preben Hestad skulle få seg to mål denne kampen.)


Den andre omgangen.

Det blei mange forandringar på laget til 2.omgang, men berre ett spelarbytte. Thomas Voldsund gikk ut, og Frantz Frantzen kom inn på topp. Det betydde at Steffen Kvalsund gikk den på venstrevingen, Kjetil Paulsen inn på sentral midtbane, Steffen Moltu ned på midtstopparplassen og Magne Havnen ut på venstrebacken. Den andre omgangen hadde muligens ikkje alltid det samme tempoet som i den første omgangen, slik det naturlig nok ofte utviklar seg når et lag ledar med 4 mål. Spelarbytter utover i kampen gjorde også sitt til at Bergsøy fekk kome meir inn i spelet, men likevel blei BIL fleire gongar tatt på senga av aggresive Spjelkavik. Det var rett og slett et anna tempo i kroppen på heimelaget, og sjølvtilliten til spelarane viste seg fram i dei mange gode løpa. Bergsøy har iår hatt visse problem med å finne lagkameratar med pasningane sine, og når en i tillegg fekk så liten tid til å leite etter medspelarar så var det ofte at spelarane til Spjelkavik kom sigrande ut at duellane.

Etter pausen var det døballar som skapte en del bry hos Bergsøy, men i tillegg var det noko som var svært så imponerande - og det var dei lange framspela frå Spjelkavik si eiga backrekke. Dei mange lange oppspela var stort sett alltid presise mot dei løpsvillige angrepsspelarane, og dette skapte store problemer for Bergsøy gang på gang. Likevel var det et hjørnespark som var årsaka til 5-0, og aggresiviteten i målfeltet viste seg å være nok ei fin styrke heimelaget hadde. 4 minutter seinare, i det 62 speleminuttet, var det imidlertid klart for dagens første trøstemål til Bergsøy. Kvalsund på venstrevingen fann Preben Hestad på et godt løp gjennom midten, og Preben er svært sikker i slike situasjonar når foran mål. Preben avslutta fint over den utrusande keeperen, og 5-1 var et faktum. Jan Magne Solibakke skulle øke til 6-1 i det 71.speleminuttet, mens Richard Tomren fekk sitt andre for dagen i det 78.speleminuttet til 7-1. Et av desse måla kom etter en frisparksituasjon der målscåraren stussa ballen flott vidare heilt oppe i krysset. Dagens mål. I det 85.speleminuttet var det imidlertid klart for nok et trøstemål til Bergsøy, og nok engang var det Preben Hestad som lukta situasjonen fint. Mats Inge Teige er en spelar som ikkje er redd for å prøve seg frammover, og han prøvde seg på et langskot med venstrefoten frå distanse. Skuddet gikk i tverrleggaren, og Preben Hestad var fint framme med å sende den trippande ballen der den høyrte heime.


(Bildet: Daniel Hatløy er høgt oppe i en duell i feltet.)


Ei slags oppsummering.

Dette var siste kampen før sommarferien, og Bergsøy ser tydelig ut til å få godt av en liten pause der en kan ladde opp batteria og prøve å satse på å få nokre positive opplevelsar. Når serien startar på nytt igjen så er det klart at laget vil ha et visst press på seg for å skaffe dei nødvendige poenga om laget ikkje skal gå strake vegen til 4.divisjon. Når det gjaldt kampen denne gangen så var det sjølvsagt et trist sorti, men en møtte rett og slett et bedre lag som også fekk den opninga på kampen som var ideell for dei. Ditto var det at Bergsøy i si motgangsperiode har det vanskelig for å takle tidlige baklengsmål, og sjølvsagt også når måla rausar inn. Spelarane prøvde og kjempa, men det er ikkje alltid nok. Positivt kan en seie at laget berre tapte 3-2 etter pausen, og at Preben Hestad fekk kjenne på mållukta igjen. Det negative må en berre gløyme.

Frank Sverre K Skorpen spelte sin andre kamp mot Bergsøy, og nok en gang scåra han altså to mål mot sin gamle klubb. Andre Lima kom inn mot slutten for Bergsøy på venstrekanten, og noterte seg dermed for sin andre kamp i A-trøya.


(Bildet: Preben, Andre, Magne og Frantz mot slutten av 2.omgang.)



Måla
Mange fine mål.
Spenninga
Envegskjøring
Underholdning
Bra for heimepublikummet.
Totalt
Ikkje kjekt for Bergsøy dette.

 Spillere
 Spiller  Posisjon  Terning  Mål
  Toni Sandanger    Keeper        -
  Mats Inge Teige    Høgre Back        -
  Mons Arne Kvalsund    Midtstopper        -
  Magne Havnen    Midtstopper        -
  Thomas Voldsund    Venstre Back        -
  Kjell Alfred Otterlei    Høgre Ving        -
  Steffen Moltu    Sentral Midtbane        -
  Jonny Leikanger    Sentral Midtbane        -
  Kjetil Paulsen    Venstre Ving        -
  Steffen Kvalsund    Angripar        -
  Preben Hestad    Angripar        2
 Bytter
 Spiller  Av banen  Spiller  På banen
 Thomas Voldsund  (46)    Frantz Frantzen    (46)
 Kjell Alfred Otterlei  (xx)    Daniel Hatløy    (xx)
 Steffen Kvalsund  (xx)    Andre Lima    (xx)






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat