Kampreferat 2006:

Det rakna på slutten

Bergsøy - Valder 1-2 (1-0)


Steffen Kvalsund

Fredag den 25.august 2006
Bergsøy Stadion

Vegard Sævik, Terje Teige

Jan Erik Bratteberg,

90 tillskuere

: Jonny Leikanger : 3; Jonny Leikanger, 2; Henrik Hole Oksnes, 1; Kjetil Paulsen
: Håvard Remøy : Steffen ut med lårhøne/krampe


Vedlegg til kampen


Sumpen


Gustav


Daniel


Forsvaret


Nesten 2-0


Kontring


Tverrlegger


Avklarering


Terje gult


1-1


Foran 1-2


Redning


Debutant


Duell

Kampreferat

Bunnoppgjer på Bergsøy Stadion der bortelaget hadde et poengs forsprang og en kamp å gå på. Med siger ville Bergsøy gjere det litt lettare for seg, men med tap ville laget være ute og kjøre. Arve Leine ville være ute med skade, mens Børge Remøy var reist på sjø. Foran kampen var det også diskusjonar om Frank Sverre Skorpen sin mulige retur til moderklubben, men dette blei avslått av et Spjelkaviklag i spelarmangel. Valder på si side hadde vore endel i media i det siste grunna sjukdom, og det at dei måtte avlyse sist helgs kamp.

Den første omgangen.

Bergsøy starta litt nølande, noko som desverre har vore en tendens i dei siste kampane både heime og borte. Sjølv om det var Valder som opna med å være mest på Bergsøy sin banehalvdel så var det likevel sjeldan store farlighete. Bortelaget sin taktikk verka å være mest ballar i bakrom, samt høge ballar ved innkast. Bergsøy sine forsvararar var for dagen både hurtige og gode i lufta, så Valder fekk ikkje kome fri slik dei ønskte. Likevel var det nok fleire som trudde at Valder sin farlige spiss Tom-Gøran Jønsson nok engang skulle øydelegge for BIL, men Jønsson sto i offside då han trilla ballen inn i det opna buret midtveis i omgangen. (Bildet: Tom Gøran Jonsson sto i offside då han trilla ballen imål...)

Mange fleire store sjansar var det ikkje i omgangen, men nokre gongar var det nesten. Steffen Moltu hadde seg et dribleraid og kom forbi nokre spelarar, men sistetøtchet blei såpass at bortelagets keeper fekk snappa til seg ballen. Valder sin keeper var også ute og måtte bokse et innlegg vekk frå feltet, noko som etterkvart førte til at Gustav Pettersen fekk seg en halvsjanse inne i målområdet, men skuddet trua ikkje nettmaskene. Jonny Leikanger, som for dagen blei kalla Moltubakk av speaker, hadde seg som vanlig nokre skuddforsøk også han, men fekk desverre aldri det store trøkket i avsluttningane. Valder hadde på si side endel frispark og innkast som gjorde at Bergsøy var litt nervøse til tider, men det lykkast å avklare alle forsøk frå bortelaget uten at det blei den heilt store skrekken.

-"Eit surt tap. Følte vi hadde sigeren inne. Så sprakk det på slutten. Når vi ikkje sett sjansane våre så frykta eg det kunne gå slik. Urettferdig å tape denne kampen." (Bergsøytrenar Svein Haukås etter kampen.)

Så skulle Bergsøy likevel få seg et mål, men en kan nok ikkje seie at målet kom etter et planlagt angrep. Steffen Kvalsund prøvde seg på venstrekanten, men såg ut til å tape løpsduellen mot en Valderforsvarar. Steffen klarte derimot likevel å blokkere klareringa, og fekk så fri bane innover mot 16meteren. Avsluttninga var presis då han såg keeper stå litt på halvdistanse, og lobben gjekk inn heilt oppe ved motsatt kryss. Bergsøy hadde ei god periode, og fekk det muligens også litt lettare då toppspissen Tom Gøran måtte gi seg med strekk like før pause. Valder skapte likevel nokre småfarlige sjansar, og Martin Molnberg måtte trå til med ei susande tackling for å avverge et farlig skuddforsøk. Den kontringa starta av ei dårlig pasning frå Bergsøy si side, men Martin si tackling gjorde at Valder måtte nøye seg med en corner. Somregel vann Bergsøy i lufta då cornerane kom.

(Bildet: Steffen Kvalsund lykkast ikkje med alt han forsøkte seg på, men fekk seg et mål igjen.)


-"Det var nok kanskje ett av dei frekkaste måla eg har scora på A-nivå." (Steffen Kvalsund hadde tru på å bli matchvinnar for andre heimekamp på rad.)


Den andre omgangen.

Det skulle være litt meir fart over den andre omgangen, og Bergsøy tok kommando frå avspark. Ei rask kontring med pasning frå Gustav Pettersen i retning Jonny Leikanger skapte en stor sjanse til heimelaget, men avsluttninga endte i stolpen. Returen frå stolpen endte sjølvsagt til nokre Valderbein. Gustav Pettersen skulle få prøve seg på ei avsluttning også han, men skotet endte desverre tverrleggar ut.

(Bildet: Preben Hestad hadde en av fleire gode BIL-sjansar i starten av den 2.omgangen.)


Et anna raskt angrep skulle gi nok en mulighet til heimelaget då en ball frå kanten nådde Preben Hestad foran mål, men skuddet til Hestad gjekk desverre rett i klypene til keeper. Bergsøy var klart best i første halvdel av omgangen, og hadde nok fortjent å få seg ett mål til. Etter 70 minutter måtte så Bergsøy gjere et dobbeltbytte. Steffen Kvalsund fekk ei lårhøne midtveis i den første omgangen og ut i den andre omgangen utvikla det seg krampe, mens Preben Hestad hadde vore litt sjuk i det og merka også han at det var best å forlate bana til fordel for friskare bein.

-"Eg er kjempeglad. Mykje har gått imot oss med sjukdom og skadar i det siste. Denne sigeren varma virkelig." (Valdertrenar Roar Blindheim.)

(Bildet: Jonny Leikanger var spelaren som sprang mest og ville mest på Bergsøy denne kampen.)

Håvard Remøy fekk sin debut på A-laget og spelte dei siste 20 minutta på venstrekanten. Håvard skulle i likhet med resten av Bergsøyspelarane merke at Valder ikkje hadde tenkt å gi opp. BIL har hatt et problem med å halde på ledelsane på heimebane, og mykje rart har skjedd mot slutten av kampane. Det skulle ikkje være noko unntak denne kampen, og Bergsøy såg ut til å gå i taktisk oppløysing mot slutten. Bergsøy klarte ikkje å halde lenge nok på ballen, og tilslutt var det ein av dei lange Valderballane som skulle vise seg å være presis nok til å øydelegge for BIL. Magnus Norstrand klarte å halde Bergsøy sine forsvararar bak seg, og klarte også å pirke ballen til side for Toni Sandanger. Det hadde skjedd igjen. Bergsøy haddde rakna. Om en først skal rakne så kan en gjere det med stil, og Henrik Hole Oksnes økte til 1-2 då 87 minutt hadde passert. På 5 minutt hadde Valder greidd å snu tap til siger. Bergsøy kom seg aldri over sjokket.

(Bildet: Her stikker Valder av med sigeren idet Henrik Oksnes putter på til 1-2.)


Ei slags oppsummering.

Det var en utrulig viktig kamp, en bunnkamp som ville ha mykje å bety for Bergsøy sin plassering på tabellen. Slike kampar har Bergsøy hatt nokre av dei siste sesongane, men dette må regnast å være den fyrste gongen det har blitt tap i en slik kamp dei siste 5 åra. Med presset på seg så har Bergsøy klart å ta dei viktige poenga før, spørsmålet er om Bergsøy no kan klare å gjere det igjen. Valder heime var på papiret den kanskje "enklaste" av dei gjennværande kampane, men laget klarte ikkje å hente poenga. Dette betyr at BIL må ta seg kraftig sammen om en skal klare å innhente Valder på tabellen. Om ikkje det skjer så må BIL ha hjelp av Skarbøvik. Men faren er der også at Bergsøy kan rykke rett ned uansett, for Rollon har ikkje tenkt å gi opp dei heller. Bergsøy klarte ikkje å slå Rollon på heimebane, men bør helst klare det på bortebane for å halde dei bak seg på tabellen.

(Bildet: Det var ikkje Bergsøy sin tur å juble denne gangen heller..)


Måla
Ett bra, 2 negative.
Spenninga
Ville Bergsøy halde ut?
Underholdning
Middels kamp.
Totalt
Det ville seg ikkje..

Bergsøy skal no ut i to tøffe bortekampar, først Ørsta og deretter Volda. Det seier seg sjølv at BIL helst bør starte å ta poeng snarast mulig om ikkje en skal ta turen til 4.divisjon. Akkurat no ser det ut til at togbiletten til 4.divisjon er på vei i posten, men laget har ennå sjansen til å hindre at posten skal nå fram.. (?)

 Spillere
 Spiller  Posisjon  Terning  Mål
  Toni Sandanger    Keeper        -
  Vegard Sævik    Høgre Back        -
  Martin Molnberg    Midtstopper        -
  Terje Teige    Midtstopper        -
  Jørn Kvalsvik    Venstre Back        -
  Steffen Moltu    Høgre Ving        -
  Kjetil Paulsen    Sentral Midtbane        -
  Jonny Leikanger    Sentral Midtbane        -
  Steffen Kvalsund    Venstre midtbane        -
  Gustav Pettersen    Angripar        -
  Preben Hestad    Angripar        -
 Bytter
 Spiller  Av banen  Spiller  På banen
 Steffen Kvalsund  (70)    Håvard Remøy    (70)
 Preben Hestad  (70)    Daniel Hatløy    (70)






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat