Kampreferat 2006:

Slo Hødd2 med 3-2

Bergsøy - Hødd2 3-2 (2-1)


Preben Hestad 2, Gustav Pettersen

Fredag den 15.september 2006
Bergsøy Stadion

Bjørnar Gundersen

Øyvind Kringstad,

: Martin Molnberg


Vedlegg til kampen


I garderoba


Terje Teige


God målsjanse


Daniel-sjanse


Vegard Sævik


Jonny Leikanger


Martin vs Skotty


Nærme 2-2


Steffen Moltu

Kampreferat

Det var en ting som gjaldt denne kampen, og det var å kjempe inn 3 poeng. Noko anna ville bety nedrykk slik situasjonen var for Bergsøy foran kampstart. Hødd2 stillte med et ungt mannskap, men hadde med seg ringreven Andre Skotheim samt Mads Andre Værnes og Joachim Magnussen. Bergsøy på si side hadde fullt mannskap, og gjorde få forandringar foran kampstart. Terje Teige var klar til å spele midtstoppar, mens Steffen Moltu gjekk opp på venstrekanten. Vinn eller forsvinn Bergsøy.

Den første omgangen.

Det var Hødd2 som kom best igang, og spelet var mest på Bergsøy sin halvdel i starten av kampen. Daniel Hatløy fekk seg en mulighet i starten etter pasning frå Steffen Moltu, men Daniel blei for overivrig i skuddøyeblikket - og ballen fauk til sides for mål. Publikum skulle få sjå ei bedre avsluttning då Andre "Skotty" Skotheim pluttselig fekk drage seg fri og denge til med venstreslegga. Ballen fauk i lengste hjørnet over Toni Sandanger, og det hadde berre gått 7 minutt av kampen.


(Bildet: Toni Sandanger må berre sjå at ballen fyke inn til 0-1.)

Kampen går litt fram og tilbake, og Steffen Moltu var frisk i startfasa av kampen. Andre Skotheim fekk prøve seg på et nytt skudd med venstrefoten, men dette endar utanfor. Så kom nok en kjempesjanse til Daniel Hatløy, og denne gangen fekk han meir tid til å sikte inn skuddfoten frå sin høgrekantposisjon. Ballen stryk imidlertid den bortre stolpen før den går ut til utspel. Bergsøy var på vei tilbake i kampen sjølvom Hødd nok fortsatt klarte å halde det meste av spelet på Bergsøy sin halvdel. Toni måtte ut i feltet nokre gongar, og Bergsøyforsvaret måtte også ty til endel klareringar i farlige område. Martin Molnberg viste seg fram ved enkelte situasjonar, og både Skotheim og Magnussen skulle få kjenne "Panzer-Martin" på kroppen.


(Bildet: Martin Molnberg ofra alt i duellane, og Joachim Magnussen fekk lite til på topp for Hødd2.)

Det hadde vore ei lita periode med endel midtbanekjemping, men så kom Steffen Moltu på ett nytt friskt løp på venstrekanten. Moltu sprang frå to Høddarar før han løfta blikket og sentra tilbake ut i feltet til en ledig Gustav Pettersen. Gustav gjorde ingen feil, og sendte ballen imål til 2-1. To gode prestasjonar hadde ført Bergsøy tilbake i kampen. Bergsøy har fått seg en notorisk målscorar i friske Pettersen, og toppscoraren er no oppe i 8 mål totalt iår. Bergsøy tok over meir og meir, og etterkvart kan vi seie at den første omgangen blei en av dei bedre Bergsøy har prestert iår.


(Bildet: Gustav Pettersen setter inn 1-1 etter pasning frå Steffen Moltu.)

Det var nokre sjansar begge veiar i den 1.omgangen, og vi fekk også sjå Gustav Pettersen prøve seg på et brassespark. Martin Molnberg gav laga ei pause etter en hodeklinsj, men elles var omgangen prega av bra tempo. Så kom det forløysande 2-1 målet til Bergsøy etter 32 minutter. Gustav Pettersen jobba til seg ballen og la et fint innlegg tilbake inn i feltet. Der var Preben Hestad på rett plass foran både keeper og forsvarar, og headdinga endte i nota til Bergsøyjubel. Hødd gav imidlertid ikkje opp og det var ganske nerme 2-2 idet Toni Sandanger gav en retur på et skudd. Toni retta opp sin eigen feil og slapp med skrekken i den situasjonen. Resten av omgangen var jamn, men Bergsøy sin ledelse var ikkje trua dei siste ti minutta.


(Bildet: Preben Hestad er godt plassert og headder inn 2-1 målet.)


Den andre omgangen.

Det skulle bli en kanonstart på den andre omgangen, og berre 2-3 minutt hadde gått idet Preben Hestad kom aleine gjennom. Preben runda keeper og blei felt, og straffesparket satte han sjølv i nota til 3-1. No såg det lyst ut for Bergsøy, med to måls ledelse og god kontroll på kampen. Preben Hestad kom nesten heilt igjennom igjen kort tid seinare, men blei pressa vekk ifrå avsluttning. Etpar minutter seinare var det nærme igjen da Steffen Moltu snappar ballen i duell med Hødd sin keeper, men Preben Hestad rakk heller ikkje denne gangen å fyre av mot mål før Høddspelarane flokka seg rundt situasjonen.


(Bildet: Preben Hestad er sikker som banken idet han setter inn straffesparket til 3-1.)

Det var mindre "action" etter pausen, og Bergsøy såg ut til å ha god kontroll. Daniel Hatløy fekk vist seg fram litt for publikum og fekk applaus for en frekk tunell ute på høgrekanten. Mest applaus for dagen var det nok Martin Molnberg som fekk i 1.omgang etter en situasjon der Martin gav 100% i en duell. Det var lite som skulle tyde på at Hødd2 ville skape trøbbel, men trøbbel blei det likevel idet dei pressa på det siste kvarteret. Andreas Rekdal viste seg fram litt også i 1.omgang med godt rykk, og det unge talentet skulle gi bortelaget nytt håp om poeng med si gode avsluttning til 3-2. Ballen blei klistra oppe i det høgre krysset etter godt angrepsspel av Hødd2. Det var 2-3 frispark som skapte trøbbel for Bergsøy mot slutten, der Hødd sine spelarar vann duellane i feltet, men ballen endte ut til utspel kvar gong. Bergsøy skapte ingenting siste 15 minutta idet laget konsentrerte seg om å få med seg dei tre viktige poenga.

Ei slags oppsummering.


(Bildet: Terje Teige i duell mot Joachim Magnussen.)

Bergsøy gjorde jobben og skaffa dermed et fornya håp om ståplas i årets 3.divisjon. Valder spelte 2-2 mot Aafk2, noko som betyr at det no er 2poeng opp til Rollon og 4 poeng opp til Valder. Neste helg møtast nettopp Rollon og Valder, mens Bergsøy skal gjere sitt beste for å få poeng inne i Sykkylven. Med like god innsats i den kampen så er det godt mulig å klare det. Bergsøy gjorde alle sine bytter denne kampen, og slitne sjeler fekk kvile mot slutten. Denne gangen rakna ikkje Bergsøy (heilt fullstendig).


(Bildet: Godt å sjå Einar Pettersen tilbake på kamp etter hjertestansen i slutten av juli.)

Neste kamp for Bergsøy er borte mot Sykkylven. Deretter er det heime mot Aafk2, borte mot Rollon, og heime mot Hareid i siste kampen.

Måla
Fem gode mål på stadion.
Spenninga
Hødd pressa litt på slutten
Underholdning
Bergsøy gjorde en av sine beste kampar.
Totalt
Gjorde jobben bra, 3 poeng.

 Spillere
 Spiller  Posisjon  Terning  Mål
  Toni Sandanger    Keeper        -
  Vegard Sævik    Høgre Back        -
  Martin Molnberg    Midtstopper        -
  Terje Teige    Midtstopper        -
  Jørn Kvalsvik    Venstre Back        -
  Daniel Hatløy    Høgre Ving        -
  Kjetil Paulsen    Sentral Midtbane        -
  Jonny Leikanger    Sentral Midtbane        -
  Steffen Moltu    Venstre midtbane        -
  Gustav Pettersen    Angripar        
  Preben Hestad    Angripar        2
 Bytter
 Spiller  Av banen  Spiller  På banen
 Vegard Sævik  (xx)    Magne Havnen    (xx)
 Steffen Moltu  (xx)    Bjørnar Gundersen    (xx)
 Jonny Leikanger  (xx)    Steffen Kvalsund    (xx)
 Gustav Pettersen  (xx)    Håvard Remøy    (xx)
 Preben Hestad  (xx)    Andre Lima    (xx)






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat