Kampreferat 2006:

Nytt knepent tap

Sykkylven - Bergsøy 1-0 (1-0)


Laurdag den 23.september 2006
Sykkylven kunstgras

Gustav Pettersen, Terje Teige

Alf Furland,

<

: Bjørnar Gundersen debuterte frå start i en A-kamp.


Vedlegg til kampen


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde

Kampreferat

Bergsøy var tabelljumbo mens Sykkylven låg på 4.plass på tabellen. Med siger ville heimelaget ha mulighet til å gå opp på 2.plassen på tabellen. Bergsøy kunne med siger passere Rollon på tabellen, noko som ville bety sikker plass om Skarbøvik skulle vinne sine kvalifiseringskampar. Hos Bergsøy var Daniel Hatløy og Preben Hestad uaktuelle, Daniel ute på reise mens Preben blei skada tidligare i uka under trening. Dette opna for start-debut for Bjørnar Gundersen sentralt på midtbana ilag med Jonny Leikanger, mens det nye spissparet blei Steffen Moltu og Gustav Pettersen. Egzon Abazi og Kjetil Paulsen skulle starte på kvar sin kant, mens forsvaret var det samme som hadde spelt i det siste.

Den første omgangen.

Det var klart for et topplag mot et bunnlag på en solskinnsdag inne i Sykkylven. At kampen skulle gå på den ferske og flotte kunstgrasbana skulle ikkje være en dempar på spelelysta, men en kraftig vind var likevel vanskelig for spelarane å håndtere. Sjølve dekket burde være en fryd å spele på for dei fleste fotballspelarar, men kampen blir nok ikkje huska for å være av dei mest minnerike i åra frammover. I tilsvarande møte ifjor gjekk kampen på det dåværande grasdekket på samme området i en kamp heimelaget vann 5-1. den gang var det Curt Åge Hauge, Per Ståle Nykrem, Steffen Moltu og Kjetil Paulsen som danna forsvarslinja. Årets forsvarslinje med Vegard Sævik, Martin Molnberg, Terje Teige og Jørn Kvalsvik var ei tøffare nøtt å knekke for Sykkylven.


(Bildet: Bjørnar Gundersen og Egzon Abazi kjempar mot en seig (men teknisk god) venstreback hos Sykkylven.)

Det var likevel heimelaget som gjekk rett i angrep, og før halvminuttet hadde passert så flaug det første skuddet faretruande over mål. Skremmeskuddet var notert, men det blei aldri det store stormløpet. Sjølv om heimelaget var friskast dei første fem minutta av kampen, så kom Bergsøy meir og meir med. Heimelaget var til tider frustrerte over det dei presterte frammover på bana, og kampen bar preg av at det var to gode lag defansivt som spelte. Begge lag hadde mindre å by på frammover, og spessielt Bergsøy sleit med den offansive rytma i spelet. Avstanden frå midtbanen til spissane blei for stor, noko som resulterte i for få BIL-spelarar inne i Sykkylven sitt målfelt til å virkelig skreme heimelaget sin keeper. Ofte var det berre en Bergsøyspelar inne i motstandarens 16-meter når innlegget kom. Sykkylven virka litt farligare, men Bergsøy har tross alt fått et sterkt forsvar på plass mot slutten av årets sesong.


(Bildet: Martin Molnberg trakk seg ikkje i duellane, og vann dei fleste.)

En av dei mest positive denne kampen var Vegard Sævik som var villige til å gå på offansive løp. Etpar gongar kom Vegard heilt opp til motsatt dølinje eter friske løp, men vi må trekke ned litt på sjølve innleggskvaliteten som desverre ikkje alltid var fullklaff. Toni Sandanger var også en av dei beste Bergsøy-spelarane denne gangen. Toni hadde ikkje mulighet til å redde Olav Arne Nordstrand sitt gode skudd etter 33 minutter, men hadde ei 2-3 andre svært gode redningar i løpet av kampen. Noko som irriterte Bergsøy svært etter kampen var å ikkje få poeng i en kamp der laget hadde såpass god defansiv kontroll og ikkje tillot heimelaget få kome til så mange sjansar dei 90 minutta kampen varte. Desverre blei det for tilfeldig frammover, uten særlig rytme i samhandlinga offansivt, og dermed måtte Bergsøy gå av bana utan å scåre mål.


(Bildet: Jonny Leikanger og Eivind Fet møttest til midbanekrig.)

At Sykkylven fekk det første målet i kampen var kanskje ikkje heilt uventa med tanke på oddsen, men Bergsøy hadde bra tak på kampen midtveis. Målet kom i ei god Bergsøy periode. Det var et fint opprulla angrep frå Sykkylven si side, der ballen blei trilla frå venstrekant og over til motsatt side til en ledig spelar på bakerste stolpe. Olav Arne Nordstrand satte ballen i det lengste hjørnet med ei fin avsluttning. Det må seiast at det tidligare i omgangen også hadde vore nærme et mål til heimelaget, men Martin Molnberg og Toni Sandanger slo til med fine redningar inne på streken. Det Bergsøy skapte frammover treng vi ikkje bruke så mange linjene på. Jonny Leikanger fyrte av et frispark som gjekk ufarlig utanfor. Egzon Abazi hadde et skuddforsøk. Elles må vi seie at heimelaget hadde god kontroll.

Den andre omgangen.

Den andre omgangen var ikkje stort bedre eller verre enn den andre omgangen. Det var lite fikst spel, og det var lite av målsjansar. Heimelaget var nærmare mål utover i omgangen enn det Bergsøy var, men Toni Sandanger fista ballen både over og til sides på to gode skudd. Først like før slutt noterte vi at Bergsøy hadde et farlig skudd mot mål, og det var innbyttar Andre Lima som tok med seg ballen og fyrte av frå 16-18.meter hold. Keeperen slo ballen over mål til corner, og idet Bergsøy slo corneren bak mål så var kampen over. Håvar Remøy kom også inn på bana den andre omgangen, og hadde seg et fint drivløp på høgrekanten med påfølgande skudd, men keeperen følte seg ikkje trua. Innbyttar Steffen Kvalsund starta den 2.omgangen på venstrekanten men blei flytta opp som spiss et kvarter ut i omgangen idet Steffen Moltu gjekk ned på flanken. Trekket var ikkje særlig vellykka, med to lave spelarar oppe på topp. Stort meir treng en ikkje å seie om den andre omgangen.


(Bildet: Bjørnar Gundersen hadde sin debut frå start i en A-kamp.)


Ei slags oppsummering.

Det var en skuffande kamp, og spessielt blei det skuffande frammover med Bergsøy. Dette er likevel ikkje nytt av året, idet det ofte har vore kriging eller tilfeldigheter som har ført til mange av Bergsøy sine mål. Ikkje alle kampar og mål sjølvsagt, men denne gangen var det iallefall ikkje mykje mønster i det laget presterte offansivt. Det er svært synd, iogmed at forsvaret no har "såtte seg fast" og stadig blir meir samspelte. Bjørnar Gundersen kom ifrå sin start-debut ganske bra, og har dei gode evnene til å være rolig med ball i beina samtidig som han er aggressiv i det defansive arbeidet. No er det tre kampar igjen, og Bergsøy må vinne minst to av dei for å halde seg i divisjonen!


(Bildet: Det blei ingen poeng ned i lomma denne gangen.)



Måla
Et bra mål av heimelaget.
Spenninga
Lite velspelt kamp
Underholdning
Lite av målsjansar.
Totalt
Dårlig og kjedelig kamp.

 Spillere
 Spiller  Posisjon  Terning  Mål
  Toni Sandanger    Keeper        -
  Vegard Sævik    Høgre Back        -
  Martin Molnberg    Midtstopper        -
  Terje Teige    Midtstopper        -
  Jørn Kvalsvik    Venstre Back        -
  Egzon Abazi    Høgre Ving        -
  Bjørnar Gundersen    Sentral Midtbane        -
  Jonny Leikanger    Sentral Midtbane        -
  Kjetil Paulsen    Venstre midtbane        -
  Gustav Pettersen    Angripar        -
  Steffen Moltu    Angripar        -
 Bytter
 Spiller  Av banen  Spiller  På banen
 Egzon Abazi  (46)    Steffen Kvalsund    (46)
 Gustav Pettersen  (xx)    Andre Lima    (xx)
 Steffen Moltu  (xx)    Håvar Remøy    (xx)
 Ukjent spelar  (xx)    Magne Havnen    (xx)






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat