Kampreferat 2006:

Berre 1-1 mot Aafk2

Bergsøy - Aafk2 1-1 (1-0)


Gustav Pettersen

Laurdag den 30.september 2006
Bergsøy Stadion

Bjørnar Gundersen

Per Ola Utgård,

Bjørnar Gundersen

120 tillskuere

: Kjetil Paulsen


Vedlegg til kampen


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde

Kampreferat

Kampen va egentlig beramma i Huldalen på fredagen, men blei omberamma til Bergsøy Stadion som laurdagskamp. Ei omberamming som på denne tida av året er nogså uvanlig i Fosnavågen, der det alltid har blitt spelt i Huldalen både dei første og siste kampane i løpet av en sesong.

Spelarane skulle også få merke at bana var kreftetappande tross for fleire manns innsats med å gjære ei våt og laus bane klar til kamp. Det var dermed forventa en rein krig på stadion denne gangen, uten forhold til finspel. Terje Teige kunne ikkje være med på krigen ettersom han var ute med suspansjon (5 gule). Dermed var det duka for Martin Molnberg og Vegard Sævik som midtstopparar med Jørn Kvalsvik og Magne Havnen på backane. Bjørnar Gundersen og Kjetil Paulsen danna ei ung sentral midtbane, mens Jonny Leikanger og Steffen Moltu kapra kvar si kantrolle. På topp var det spissparet Gustav Pettersen og Preben Hestad som igjen hadde jobben med å lukte seg til målsjansane.

Den første omgangen.

Kampen starta som årets kampar har brukt å starte på Bergsøy Stadion; litt avventande spel og med bortelaget som kjem til den første sjansen. Dei fem første minutta var riktignok nogså sjansefattige, og det var først idet Aafk2 vann en hodeduell inne i Bergsøy sitt målfelt at vi kunne notere ned kampens første mulighet. Headdinga gjekk over mål uten at Toni Sandanger trengte å strekke seg. Det var mykje duellspel midt på bana, og Bergsøy skapte lite før Kjetil Paulsen var framme med et innleggsforsøk. Et lite minutt seinare igjen så var det dagens første tegn til panikk i Ålesund sitt forsvar idet Martin Molnberg var oppe i angrep. Ballen blei imidlertid klarert nesten inne på streken, og Bergsøy var på vei til å tilrive seg et mindre initiativ.


(Bildet: Steffen Moltu var kanskje Bergsøy sin mest positive i den første omgangen.)

Steffen Moltu var svært viktig for Bergsøy sitt offansive spel denne kampen, og var en av dei mest positive spelarane på bana. Steffen utfordra Ålesund sitt forsvar gang på gang, og fekk med seg ballen stort sett kvar gong. Et lite stykke ut i den første omgangen fekk vi sjå dagens beste dribleserie idet Moltu forserte oppover høgrekanten mellom fire ålesundarar. Desverre klarte Ålesund2 å kome først på innlegget. Også resten av den første omgangen lykkast det best for Bergsøy frammover idet ballen kunne trillast til høgre der Moltu kunne få tid til å utfordre.


(Bildet: Magne Havnen trår til med ei tackling.)

Det var frykta at Bergsøy måtte gjære tidlige bytter idet både Magne Havnen og Vegard Sævik fekk sine smellar, men begge klarte å kome seg på beina for å fortsette kampen. Det blei imidlertid et farlig Aafk2-angrep idet Magne Havnen var ute på sidelinja, der Ålesund fekk kome rundt og slå innlegg upressa. Martin Molnberg tok ansvar også denne kampen og rydda opp det meste, og gav også klare beskjedar til sine medspelarar underveis i kampen.


(Bildet: Steffen Moltu burde nok ikkje satt denne ballen utanfor stolpen.)

Jonny Leikanger hadde et svært bra skuddforsøk, men nærmare mål skulle Steffen Moltu kome då han befann seg i enden av et innlegg frå venstre. Kanskje blei det for lang tid til å tenke idet ballen dala ned til en ledig Moltu, og skuddet frå kort hold gjekk utanfor mål. En slik situasjon trur vi Steffen Moltu vil sette 7 av 10. Preben Hestad skulle også få seg en gylden målsjanse i en posisjon midt foran mål. Skuddet gjekk midt på keeper. I mellomtida hadde dagens første gule kort kome ut av lomma til dommar Utgård idet Bjørnar Gundersen var litt for ivrig i tacklinga.


(Bildet: Preben Hestad hadde også en god sjanse til å øke ledelsen.)

Idet Vegard Sævik var ute for behandling, og Bergsøy berre hadde ti mann på bana, så skulle 1-0 målet kome. En håpefull ball til Gustav Pettersen i bakrommet, en slik type framspel vi ofte fekk sjå forsøk på med meir eller mindre varierande hell, og en utrusande keeper var det som skulle til. Gustav har iår vore veldig flink til å jobbe på ballar som avogtil har sett umulige ut, og den harde jobbinga lønna seg nok en gang idet tåa på ballen var nok til å trille kula forbi en keeper på bærtur. Det var et mål ut av ingenting i ei periode i kampen der Bergsøy dei siste fem minutta såg ut til å ha tatt seg ei lita pause. Overraskande mål blir likevel tatt imot med glede, spessielt i den tabellsituasjonen laget befinn seg i.


(Bildet: Martin Molnberg tok ansvar og var sjefen i det bakre ledd.)

Utifrå sjansane var det klart at Bergsøy kunne seie dei fortjente å lede 1-0, men med andre marginar kunne raskt stillinga til pause ha vore annaleis. Et skudd i tverrleggaren såg ut til å kome litt overraskande, men endå meir heldige kan vi seie Bergsøy var idet Aafk2 sin angripar satte en ball i stolpen etter et lavt innlegg frå venstre. Kjetil Paulsen hadde deretter et godt skuddforsøk i den andre enden av bana, og ballen gjekk ikkje langt utanfor den venstre stolpen ved den situasjonen.


(Bildet: Tacklinga som førte til Bjørnar sitt gule kort.)


Den andre omgangen.

Den andre omgangen blei starta med en stor sjanse til Bergsøy. Steffen Moltu var inne i ei mølje i bortelagets målområde, men tilslutt var det keeperen som kunne utrope seg til vinnar av duellen. Lite av sjansar skjedde vidare før dagens røde kort kom ut av lomma til dommaren. Direkte rødt kort til Bjørnar Gundersen for ei tofots-tackling inne i midtsirkelen. Det direkte røde kan diskuterast, men med gult kort frå før så var det ikkje store muligheter til å vri seg bort frå det røde kortet. Det må seiast at utvisninga ikkje kom som ei bombe verken på benken eller tribuna ettersom Bjørnar fortsatte sin agressive stil også i den første omgangen etter sitt gule kortet.


(Bildet: Bjørnar Gundersen må forlate bana med rødt kort.)



-"Idag kjem Bjørnar til å bli utvist"
(Sagt på benken under den første omgangen)

Kampen opna seg litt etter dette, og det blei meir rom for begge lag. Vi fekk sjå en møljesituasjon der Martin Molnberg kom heldigast ut bak i forsvaret. Bergsøy måtte no satse på kontringar, noko som etterkvart i kampen var ganske sjanseskapande. Bergsøy hadde stort sett kontroll på det unge laget frå Ålesund, men det skulle være nok å gi bortelagets spelar Kristoffer Grønmyr en gratismulighet. Vegard Sævik var den uheldige med ei pasning bakover uten adresse, og Grønmyr gjorde ingen feil da han var heilt igjennom.


(Bildet: Det var hard kjemping om ballen på ei våt og tung bane.)

Skulle Bergsøy sikre seg nedrykket? Med 20 minutt igjen av kampen og med en mann mindre på bana så kunne en frykte det verste, men det var Bergsøy som var nærmast sigeren. Gustav Pettersen var frisk, og kom seg to-tre gongar innanfor 16-meteren med ballen. Den siste gongen prøvde han seg med et skudd sjølv, og ballen strauk den borterste stolpen. Jonny Leikanger vakna også litt meir til liv dei siste 20 minutta, og var ilag med Kjetil Paulsen sterkt delaktig i at Bergsøy fekk kome frammover på bana med ballen i beina.


(Bildet: Kjetil Paulsen får vår pris som banens beste denne gangen, sjølv om han mot slutten av kampen blei irritert på stadige beskjedar om å sleppe ballen tidligare.)

Bergsøy fortsatte med å være det sjanseskapande laget mot slutten av kampen, men klarte ikkje å sette den avgjærande ballen. Minuttet på overtid såg det imidlertid ut som at Bergsøy skulle sikre alle dei tre poenga da Preben Hestad fekk en stikkar igjennom aleine med keeper. Skuddet blei mesterlig redda av Ålesund sitt keepertalent, og returen blei heller ikkje tatt vare på av Bergsøy. Dermed blei det berre det eine poenget til Bergsøy, et poeng som fortsatt held liv i den teoretiske sjansen til å berge plassen i 3.divisjon.

Ei slags oppsummering.

Etter sjansar og spel burde nok Bergsøy ha vunne denne kampen, men det vil seg ikkje for Herøylaget denne sesongen. Ålesund2 kom til Fosnavågen med et tilnærma juniorlag, og det finnes ingen bortforklaringar på kvifor Bergsøy ikkje skulle klare å slå et så ungt lag. I motsetning til bortekampen mot Sykkylven så blei det denne gang skapt mange målsjansar, og meir enn nok til å vinne kampen. Bakover var det også en god kamp av Bergsøy, men en glipp var nok til å få et baklengsmål. Med bra kjemping både forsvarsmessig og angrepsmessigt så kan en likevel ikkje gi Bergsøy anna enn godkjent for sin innsats. Spelarane gjorde det dei kunne, og spessielt hadde det vore artig å plassert en skrittellar på Kjetil Paulsen denne gangen.

-"Hadde vi spelt sånn i heile år så hadde vi ikkje vore der vi ligg idag."
(Preben Hestad etter kampen)

Fasitten no er at det er igjen 2 kampar i årets 3.divisjon. Bergsøy endar uansett på en av dei to nederste plassane på tabellen, noko som betyr at Bergsøy uansett må satse på at Skarbøvik rykk opp til 2.divisjon om det skal være et håp om ståplass. For å ha dette håpet må Bergsøy også passere Rollon på tabellen, et lag som no ligg 5 poeng ovanfor BIL på tabellen. Neste kamp, mot Rollon borte, vil kunne bli en triller. Med siger til Bergsøy i denne kampen så vil den siste runda bli avgjærande. Om Bergsøy vinn mot Hareid og Rollon taper mot Hødd2, så vil Bergsøy kunne slå til med et mirakel. Men oddsa er ikkje på Bergsøy si side. Bergsøy har til gode å vinne en bortekamp i årets serie, og Rollon slo til med en sterk bortesiger mot Ørsta denne runda.

Måla
To forsvarstabber.
Spenninga
Skulle BIL klare det?
Underholdning
Røde kort, mål og spenning.
Totalt
Uavgjort blei ikkje den store gleda.

 Spillere
 Spiller  Posisjon  Terning  Mål
  Toni Sandanger    Keeper        -
  Magne Havnen    Høgre Back        -
  Martin Molnberg    Midtstopper        -
  Vegard Sævik    Midtstopper        -
  Jørn Kvalsvik    Venstre Back        -
  Steffen Moltu    Høgre Ving        -
  Kjetil Paulsen    Sentral Midtbane        -
  Bjørnar Gundersen    Sentral Midtbane        -
  Jonny Leikanger    Venstre ving        -
  Gustav Pettersen    Angripar        
  Preben Hestad    Angripar        -
 Bytter
 Spiller  Av banen  Spiller  På banen
 Gustav Pettersen  (75)    Steffen Kvalsund    (75)
 Jørn Kvalsvik  (80)    Egzon Abazi    (80)
 Steffen Moltu  (82)    Håvard Remøy    (82)






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat