Kampreferat 2006:

Hødd2 blei for sterke

Hødd2 - Bergsøy 5-2 (2-1)


Gustav Pettersen

Fredag den 2.juni 2006
Høddvoll kunstgrasbane

Terje Teige, Egzon Abazi

Per Ola Utgård,

80 tillskuere

: Jonny Leikanger. : 1; Jonny Leikanger


Vedlegg til kampen


Per Rune Tødenes


Hilsing


Duell


Preben Hestad


Burde utfordra


Terje Teige

Kampreferat



Pre-match omtale.

Det var ikkje tvil om at Hødd2 var forhåndsfavoritten før kampstart, for heimelaget har overraska positivt iår og toppa tabellen før dette oppgjøret. Bergsøy på si side låg nest nederst på tabellen, men hadde likevel god tru på poeng. Svein Haukås var etter egen uttalelse ute etter 3 poeng, og ingen var uenige i at det var ei naturlig målsettning. Hødd2 såg ikkje sterkare ut enn Bergsøy på papiret, men det er muligens alt etter både kven som redigerer papiret og kven som les det. Tidligare Bergsøytrenar Per Rune Tødenes meinte han hadde dei fleste av dei han kunne stille på Hødd2, men at det naturlig nok var nokre som mangla. Tødenes uttrykte også at mange av sine spelarar hadde svært mange kampar i beina den siste tida, og hans uttalelsar såg ut til å gå i den retninga at han forventa en jamn og tøff kamp.

Hødd2 med litt raskare bein.

Den første omgangen blei etter kampen karakterisert som jamn, men det var likevel Hødd2 som var hakket bedre enn Bergsøy. Heimelaget sine spelarar var mest av alt mer lettbeinte, og var hissige på å utfordre Bergsøy sine backar. Både Mons Arne Kvalsvik og Magne Havnen på backane fekk press mot seg, og det både når Hødd hadde ball og ikkje. Aggressivt press frå heimelaget spelarar gjorde at Mons Arne sine framspel til tider blei pressa til kast, og frammover på bana var det like vanskelig for Bergsøy å skape farlige muligheter. Cornerar blei det mange av etterkvart, og det var heimelaget som fekk dei. Også skumle frisparkmuligheter til Hødd2 blei notert. Alt i alt var Hødd2 sitt banespel bedre, men omgangen var jamn om en ser på sjansane. For Bergsøy klarte å unngå dei mange sjansane imot, men når sant skal seiast så var det heimelaget som hadde flest også i den statistikken før pausen.


(Bildet: Jonny Leikanger i lufta. Jonny var sammen med Kjetil på midten dei to beste for Bergsøy idag.)

Hødd sitt 1-0 mål kom 18 minutt ut i kampen etter et flott innlegg frå høgre av Ulrik Wingsternes. Hødd2 sin mest rutinerte hodespesialist, Jan Rune Teigen, stupte på bakerste stolpe og sikra ballen vidare inn i målet. Tidligare Bergsøyspelar Frank Sverre Skorpen hadde kome med en advarsel tidligare på dagen om at Teigen måtte stoppast om Bergsøy skulle få poeng, han skulle nok få rett. Det spørs om ikkje også Hødd sitt A-lag kan ha nytte av Teigen som både scårar mål og er i medgang på toppen av 3.divisjon? Fem minutter seinare viste Teigen seg fram igjen, og delvis også fordi han fekk stå ganske upressa og aleine i nokre sekund. Dei små sekunda blei nok til å spele en stikkar igjennom til Eivind Michael Myklebust som frå kloss hald dunka ballen under Toni Sandanger til 2-0. 23 minutter hadde passert, og Bergsøy såg ut til å gå på en smell.


(Bildet: Kjetil Paulsen jobba på midtbana.)

Bergsøy prøvde endel, men fekk ikkje alltid til. Jonny Leikanger fann avogtil Steffen Moltu med nokre nydelige diagonalpasningar som starta kontringane, men Moltu var ikkje alltid like heldig i en mot en situasjonar.

På den andre vingen var det Kjell Alfred Otterlei som jobba hardt, og fekk tildelt ei rekke med frispark rundt midtstreken. Det blei lite av samspel lengre oppe på bana, og laget virka å være en smule baktungt. Sjansane som hittil i kampen hadde kome var på langskudd av våre sentrale midtbanespelarar Jonny og Kjetil. Gode skuddbein som gjerne kan forsøke seg når sjansen byr seg, men dei endte ikkje i nettet denne gangen. Derimot har Bergsøy en måltjuv som har stor sjølvtillit for tida, og som ikkje treng dei største muligheitene for å lukte mål.

At Bergsøy kom tilbake i kampen var det Gustav Pettersen som var skyld i, etter at han kriga til seg ballen og dunka den i mål frå 25 meter. Hødd sine spelarar ville ha frispark for høg fot eller bruk av knottar etter at Gustav fekk kriga til seg ballen, men Gustav sitt perleskudd blei godkjent. Spelarar som scårar ut av ingenting er ei stor styrke for et lag, spesiellt når laget slit i motgang og med å skape større sjansar. Resten av den første omgangen er ikkje så veldig viktig, og er ikkje det som blir huska frå denne kampen. Den største sjansen som blei bomma på var det Hødd2 som fekk då Bergsøy sine spelarar ropte på offside, men den store sjansen førte ikkje til mål for heimelaget. Omgangen blei avslutta med en følelse av at Bergsøy fortsatt var inne i kampen, og at laget i den andre omgangen muligens ville dra fordel av medvinden.


(Bildet: Gustav Pettersen får fortjent klapp og klem etter si flotte redusering.)

Kampen blei raskt avgjort.

-"Synes vi spelte glimrande fotball ei stund til vi begynte å bytte inn/ut endel (gutte-)spelarar". (Per Rune Tødenes.)

Det var svært skuffande det som skjedde etter pausen sett frå Bergsøy sin vinkel, men Hødd2 skal ha ære for å spele ball slik dei gjorde. Ballen går raskt nede på bakken når kunstgrasdekket blir benytta, og i den andre omgangen så var det heimelaget som nytta bakken mest. Det var på Hødd si høgreside at det aller farligaste skulle skje, og også derifrå dei fleste måla skulle kome. Kjappe framspel, gode skudd. Et raskt frispark blei også trilla til angripar før Bergsøy sitt forsvar våkna, og med slike enkle mål så blei det vanskelig for Bergsøy å halde følge. Torgeir Rusten økte til 3-1 etter 53 minutt, Andreas Kurseth til 4-1 etter 58 minutt. Bergsøy gjorde tre bytter før neste mål kom, og ut gikk Steffen Moltu, Kjell Alfred Otterlei og Mons Arne Kvalsvik. Terje Teige blei også notert for et gult kort. Andreas Kurseth var mannen som økte til 5-1 etter 73 minutt.


(Bildet: Hødd2 skaut over på sin største sjanse i kampen.)

-"Tenkte at no fe vi medvind (i 2.omgang), så no går alt av seg sjølv. Men så donkar vi longt - og då går ballen ofte for longt". (Preben Hestad.)

Mot slutten av kampen vakna Bergsøy litt mer til livs. Per Rune Tødenes forklarte dette med at han hadde bytta inn endel guttespelarar. Bergsøy sin andre tidligare trenar, Tom Beddari, var på si side glad for at Bergsøy viste moral til å stå på kampen ut sjølv om siffera blei stygge. Frantz Frantzen som hadde kome inn på bana var uheldig i sine ballberøringar dei første minutta etter innhoppet, men var nære på mål i to situasjonar mot slutten av kampen. Den største sjansen gikk i tverrleggaren etter et smart lobb-forsøk, mens det andre skuddforsøket blei for dårlig i fin posisjon. Det var derimot en annan innbyttar, Daniel Hatløy, som skulle scåre kampens siste mål. Kjetil Paulsen slo en fin stikkar igjennom til Daniel, som også hadde hatt et skuddforsøk tidligare, og Daniel dribla av keeper før han satte ballen inn til 5-2. Det siste av viktighet før kampen blei blåst av var at Egzon Abazi fekk seg et gult kort.


(Bildet: Daniel Hatløy skal til å runde keeper, og scåre 5-2 målet.)


Ei slags oppsummering.

Det var fullt fortjent at serieleiaren tok full pott mot Bergsøy denne gangen, og kanskje var Bergsøy litt naive med tanke på kva nivå heimelaget skulle ha inne. Kjetil Paulsen og Jonny Leikanger var dei to beste krigarane, mens resten av laget har meir å gå på. Både defansivt og offansivt blei BIL for svake. Gustav Pettersen får ei lita stjerne i margen for si scoring, men var lite involvert utenom. Preben Hestad fekk en skuddmulighet i kampen, men klarte ikkje å sette den i nettet. Hødd2 viste seg å være effektive, men kunne også scåra fleire mål. Den aller største sjansen i kampen presterte dei å skyte over på. Der Volda bomma i Bergsøy sin siste kamp, der scåra Hødd2. Om Bergsøy må belage seg på å scåre frå 25 meter i kvar kamp så kan det bli vanskelig å få mange poeng, men borte mot serieledarane er ikkje dei viktigaste kampena for Bergsøy. Også dei andre "bunnlaga" tapte denne runda, og kampen for overlevelse er fortsatt spennande.

Måla
7 mål på Hødds kunstgras.
Spenninga
Kampen blei drept i 2.omgang.
Underholdning
Finspelet sto Hødd for.
Totalt
Skuffende dag for Bergsøy's poenghåp.

 Spillere
 Spiller  Posisjon  Terning  Mål
  Toni Sandager    Keeper        -
  Mons Arne Kvalsvik    Høgre Back        -
  Arve Leine    Midtstopper        -
  Terje Teige    Midtstopper        -
  Magne Havnen    Venstre Back        -
  Kjell Alfred Otterlei    Høgre Ving        -
  Kjetil Paulsen    Sentral Midtbane        -
  Jonny Leikanger    Sentral Midtbane        -
  Steffen Moltu    Venstre Ving        -
  Gustav Pettersen    Angripar        
  Preben Hestad    Angripar        -
 Bytter
 Spiller  Av banen  Spiller  På banen
 Steffen Moltu  (62)    Egzon Abazi    (62)
 Kjell Alfred Otterlei  (62)    Daniel Hatløy    (62)
 Mons Arne Kvalsvik  (65)    Bjørnar Gundersen    (65)
 Gustav Pettersen  (73)    Frantz Frantzen    (73)






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat