Fin kamp mot Hødd2

Måla
Preben Hestad er til å stole på.
Spenninga
Jamn kamp med mange sjansar.
Underholdning
Tett kamp på kunstgraset.
Totalt
En god bortekamp av Bergsøy mot et bra Høddlag.
Hødd2 - Bergsøy 1-1 (0-1)

: Preben Hestad
:
:
ca 40 tillskuarar
: Ukjent mann
: Muligens Mons Arne Kvalsvik.

Tirsdag den 18.april 2006 på Høddvoll Kunstgras.

Det hadde vore ei lang påske med lite av fellestreningar for A-laget, men med berre få dagar igjen til seriestarten så var det viktig å gi jernet borte mot Hødd2. Ulsteinvik sine nest beste er på ingen måte et svakt lag, så Bergsøy både forventa og fekk topp motstand på kunstgraset denne gangen. Tidligare Bergsøyspelar Oddmund Vaagsholm var en av spelarane BIL måtte bryne seg på under den skarpe sola, og Oddmund skulle også få seg et mål mot gamlelaget. Men det skjedde mykje før den tid, og dei første 10 minutta av kampen var det Hødd2 som eigde ballen uten å skape særlig med sjansar. Utover i omgangen var det Bergsøy som skapte dei fleste og beste sjansane, og med bedre avsluttningar kunne laget gått til pause med større leiing.


(Bildet: Det blei tatt årets første lagbilde før kampen starta. Trykk på bildet for å sjå det i større format.)

Den første store sjansen var det Daniel Hatløys som skulle få. Et innlegg frå venstre endte heilt på bakerste stolpe etter at Preben Hestad smart dukka unda, men Daniel sitt skudd på direkten flaug over tverleggaren. Bergsøy var likevel i starten på ei veldig god periode og skulle skape fleire sjansar etterkvart. Snart var det Steffen Kvalsund som skulle få en gylden mulighet da han fekk kome aleine mot Hødd2 sin keeper, men avtrekkaren burde nok vorte brukt i trekket før keeperen slengte seg og fekk tak i ballen. Også venstreving Steffen Moltu kom to gangar inn frå sida og fyrte av skudd i løpet av omgangen, så BIL skapte desidert mest før pausen. Når dei andre på laget ikkje klarer å sette ballen imål så er det bra å ha en spiss som Preben Hestad på laget, og ringreven satte ballen imål på sin einaste sjanse i kampen. Preben holdt forsvararen fint bak seg før han fekk fyrt av, og ballen sneik seg tilslutt inn heilt inne ved stanga.


(Bildet: Steffen Moltu går opp i en hodeduell, men keeper avvergar tilslutt uten større problem.)

Hødd2 eigde ballen endel, men kom til få klare målsjansar. Et skudd over tverleggaren frå god posisjon blei notert. For Bergsøy skulle Steffen Kvalsund få seg en ny sjanse etter en lang ball frå Daniel Hatløy, men angriparen nådde berre ballen akkurat nok til at Hødd sin gode keeper på ny kunne slenge seg ned å fange den opp. Meir keeperslenging skulle vi få sjå i den andre omgangen, men det var nok aller mest Bergsøy sine keeperar som måtte trå til etter pausen. Den første halvtimen var det stor Hødd-dominans, og det var vanskelig for Bergsøy å halde lenge på ballen. Mål skulle heimelaget også få ganske raskt etter sidebyttet, og Oddmund gjorde ingen feil da han fekk kome aleine med Toni Sandanger. Det var et Bergsøy framspel som kom i retur som skapte sjansen, og mens BIL var litt i ubalanse så viste Oddmund den nødvendige balansen i den kalde avsluttninga. Rykter seier at Toni var borti ballen før den gikk i nettet, og Toni skulle etterkvart få fleire ballberøringar. Det var mest langskudd som kom, og Toni måtte slenge seg i dei fleste hjørner. Kanskje det farligaste skuddet var ett som Toni Sandanger fekk fista over tverleggaren. 20 minutt inn i omgangen var det Arve Kvalsvik sin tur å prøve seg i buret, og også han måtte ty til gode slengninger for å halde ballen ute. Det som såg farligast ut frå sidelinja var faktisk et lite sleivspark frå Magne Havnen som holdt på å gå i eige nett, men Arve var raskt nede i hjørnet for å hindre baklengs.

Bergsøy hadde nok berre en halvsjanse i løpet av dei første 30 minutta av den andre omgangen, og det var hodesterke Frantz Frantzen som var fint oppe i en duell. En forsvarar var på plass og hindra at ballen skulle dale vidare inn i nettet. Sjølv om Hødd2 var det beste laget i omgangen så var det likevel ikkje mykje om å gjære at Bergsøy skulle stikke av med seieren, for like før slutt var Frantz frammpå nok en gang. Hødd's keeper hadde en god dag på jobb og avverga det harde lave skuddet. Kampen kunne nok bikka begge vegar, så Bergsøy var likevel godt fornøgde. Tross alt var det ikkje resultatet som var det viktigaste, men sjølve treningseffekten. Bergsøy stilte nesten med to forskellige lag denne gangen, og hadde sju mann i den andre omgangen som ikkje starta i den første. Endel av bytta skjedde nok litt ufrivillig utover i omgangen ettersom begge dei sentrale midtbanespelarane (Kjetil Paulsen og Kjell Alfred Otterlei) måtte ut med skader. Preben Hestad gikk ut i pausen med strekk, mens også Magne Havnen ei stund var liggande nede på bakken før han kom til hektene. Terje Teige spelte ei periode på en uvant sentral midtbaneposisjon. Alt i alt ei god gjennomkjøring.

Laget: Toni Sandanger, Gustav Pettersen, Terje Teige, Mons Arne Kvalsvik, Egzon Abazi, Daniel Hatløy, Kjell Alfred Otterlei, Kjetil Paulsen, Steffen Moltu, Steffen Kvalsund, Preben Hestad.
Innbytte: Arve Kvalsvik, Mats Inge Teige, Øyvind Paulsen, Magne Havnen, Frantz Frantzen, Jørn Kvalsvik, Bjørnar Gundersen.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat