Kampreferat 2010:

Slått av Volda på heimebane

Bergsøy - Volda 1-4 (0-1)


0-1 Bjørnar Bakke Liaskar (16)) 1-1 Kjetil Paulsen (66) 1-2 Frantz Frantzen (67) 1-3 Rune Haugen (76) 1-4 Frantz Frantzen (82)


Kim Rene Vågeskar

Jan Helge Lund, Blindheim

377 tillskuere


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt

Kampreferat

Volda vann i dag fortjent 1-4 borte i kampen mot serietoar Bergsøy. Volda leia 0-1 ved pause etter eit frisparkmål av Bjørnar Bakke Liaskar. I andre omgang utlikna Bergsøy før Volda tok kommandoen att og scora ved Frantz Frantzen (2) og Rune Haugen.

Tekst fra Voldasupporteren hjemmeside
Foto: Idar Arne Kristiansen,
Tekst: Kai Tore Myklebust

Volda stillte dette laget: Nikolai Brune Engeset, Bjørnar Bakke Liaskar (Vegard Hellebust 81), Preben Torvanger, Knut Arne Grimstad (Tobias Evebø 70), Lars Johann Holsvik, Rasmus Aarflot, Hans Husøy, Rune Haugen (Vegard Egset 86), Christian Malmo (Ole Magne Rotevatn 77), Isak Husøy (Atle Driveklepp 66), Frantz Frantzen

Volda opna offensivt og fekk to cornerar før det var gått 2 minutt. Frantz Frantzen fekk ein stor sjanse etter 5 minutt då han vart frispelt ganske aleine framfor Bergsøykeeperen, men avslutninga gjekk like utanfor. Berre minuttet etter fekk Bergsøy ein dobbelsjanse, men Nikolai Engeset fekk rydda opp. Volda viste gode takter framover på bana men istaden for å avslutte frå 15 meter prøvde Hans Husøy å spele gjennom Rune Haugen, som aldri nådde ballen etter 10 minutt. Så fekk Volda frispark på 18 meter. Bjørnar Bakke Liaskar skaut lavt i venstre hjørnet og sjølv om keeper var borti ballen kunne han ikkje hindre Voldaleiing etter eit kvarter av kampen. Volda fortsette å ha initiativet i kampen og viste gode kombinasjonar etter 21 minutt ved Rune Haugen, Bjørnar B. Liaskar og Hans Husøy på høgrekanten. Innlegget havna i føtene til broder Isak Husøy, men avslutninga vart redda av ein forsvarar. 5 minutt seinare burde kanskje Rune Haugen ha lagt på til 0-2, men fekk ikkje stokka beina skikkelig etter ei fin gjennombrotspasning. Rune var forøvrig veldig involvert ei lang periode og vart nok ganske sliten før 1. omgang var ferdig... Volda kunne nok ha variert litt med å bruke venstresida meir. Men Bergsøy var ikkje heeeilt vekke dei heller og kunna ha utlikna etter 32 minutt då Nikko kom på halvdistanse etter ein lang pasning mellom han og Voldaforsvaret. Heldigvis gjekk ballen over målet frå Bergsøyspissen. På overtid fekk Nikko slått eit hardt Bergsøyskot til corner. Ein god omgang av Voldalaget som trass alt hadde bra kontroll på kampen.

GOD AVSLUTNING AV GRØNTRØYENE
Bergsøy var det kvassaste laget i starten av andre omgang og produserte eit par gode sjansar før dei i det 64. minutt utlikna til 1-1. Volda gav dei litt rom å spele på og klarte ikkje å få ballen skikkelig vekk. Istaden fekk Kjetil Paulsen lærkula på 16 meter og klinka den i motsatt kryss. Eit fint mål av Paulsen, men Voldapresset var litt labert i den situasjonen. Volda svarte kjapt på tiltale og etter ein corner minuttet etter fekk Frantz Frantzen gå opp på næraste stong og headde inn ny Voldaleiing. 10 minutt seinare sprang Rune Haugen regelrett gjennom Bergsøyforsvaret og avslutta under keeper og i mål til 1-3. Då var slaget i realiteten vunne for grøntrøyene og då Frantzen igjen var frampå med pannebrasken 9 minutt før slutt var iallefall spikeren banka for godt i kista. Nikko hadde ei god redning like før slutt og Ole Magne hadde ein god sjanse rett etter. Volda vann dermed veldig fortjent og viste god form før serieleiar Herd kjem på Volda Stadion fredag. Ein fin lagsiger av Volda der Frantz Frantzen viste gode takter med sine to mål, og Rune Haugen viste som vanleg stor innsats og fart. Rasmus Aarflot sprang til krampa tok han i sin (kanskje) siste kamp i Voldatrøya i år då kongens kle ventar han frå i morgon av. For øvrig fekk Vegard Egset sin A-lagsdebut med dei 4-5 siste minutta i dag .










1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat