Kampreferat 1990:

Målrik Bergsøysiger

Bergsøy - Haddal 4-2 (3-0)


Børge Hansen (6), Trond Paulsen (22), Endre Tjervåg (35, 64)


Bergsøy Stadion

Einar Hellevik, Herd

: 3; Trond Paulsen, 2; Gullik Kjellstadli, 1; Per Ivar Meinseth.


Vedlegg til kampen


Sunnmørsposten


Vestlandsnytt

Kampreferat

Det såg ut til å gå programmessig idet den første ballen gjekk imål til 1-0 allereie etter seks minutt. Scoringa var også kampens flottaste. BIL-veteranen Trond Paulsen førte ballen opp på høgresida, og Børge Hansen styrte det presise innlegget fint imål. Midtveis i omgangen var Paulsen igjen på farta, og denne gangen var det Henning Solem og Lars Ove Almestad som sto for forarbeidet. Trond Paulsen ekspederte innlegget frå Almestad i hjørnet til 2-0.

3-0 målet kom på straffespark. Det var Endre Tjervåg som utfordra Haddal-forsvaret og blei lagt i bakken. Straffesparket sette han sjølv sikkert i hjørnet. Like etter var Bergsøy også nærme ved å øke ledelsen til 4-0, men Lars Ove Almestad sitt kanonskot frå 16 meters hald small i tverrleggaren. En kan lett tenke seg at Bergsøy starta å tru at kampen var avgjort, men slike tankar kan være farlige. Allereie i åpningsminutta av den andre omgangen var Haddal farlige frammpå. Bergsøy såg ut til å ha mista konsentrasjonen, og bortelaget tok meir over på midtbanefeltet. Haddal utnytta Bergsøy sine mange personlige feil, men likevel var det Endre Tjervåg og Bergsøy som skulle få det neste målet. På nytt var det et stormande løp frå midtbanen, og igjen blei han felt innanfor 16-meteren. Straffesparket satte han nok en gang imål, og Endre startar å samle seg opp ei fin samling med scoringar iår.

Haddal gav seg ikkje, og berre to minutter seinare reduserte laget. Per Ivar Meinseth hadde ein lett jobb då han utnytta eit nonchalant forsvar. Etter dette noterte vi oss to nye kjempesjansar til Bergsøy. Først var det Nils Roger Paulsen som blei spelt fri av Trond Paulsen, men innlegget til Nils blei for upresist mot to spelarar som sto å venta på å få score. Like etter var det Henning Solem som forserte på siden, men også dette innlegget blei for upresist. Dermed var det Haddal som skulle få neste scoring, og det var Bjørn Roppen som runda keeper og satte inn 4-2 målet.

Bestemannsprisen denne gangen går til Trond Paulsen. Særlig i den første omgangen var han svært nyttig i si rolle som møtande spiss. Trond skjermar ballen godt, og fora sine løpsvillige lagkameratar med gode ballar. Elles er det tydelig at Børge Hansen er i ferd med å finne forma. På midtbana var igjen Endre Tjervåg svært nyttig, og scora i tillegg to mål etter sjølv å ha blitt felt. I forsvarsrekka var det nok Gullik Kjellstadli som var den beste, medan keeper Longva nok engang var solid. På Haddal likte vi best midtbaneduoen Arnleif Gjerde og Arthur Solvåg, samt målscorar Roppen.

Elles fekk unge Geir Sandnes sin debut på A-laget idet han fekk spele dei siste 15 minutta som spiss. På den vesle stunda han var inne så fekk han vise fram at han er ein mann å satse på i framtida. Også dommaren gjorde ein god jobb i ein fairspelt kamp.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat