Kampreferat 1990:

Tapte fartsfyllt kamp

Valder - Bergsøy 2-0 (0-0)


Bjørn Jønsson (49), Frank Ove Bjørdal (84)


Valdervoll Stadion

Arne Nordal

Arne Reistadbakk,

: 3; Bjørn Jønsson, 2; Frank Ove Bjørdal, 1; Kurt Ove Longva (BIL)


Vedlegg til kampen


Avisutklipp


Avisutklipp

Kampreferat

Toppkamper blir ikkje alltid gode spelesmessig, men denne kampen var nok en av de bedre toppkampene i 4.divisjon. Valder viste at laget hører til i toppen av divisjonen, og de vann en fortjent to måls siger. En kunne heller ikkje klage om sigeren hadde vore med ett mål meir, for heimelaget hadde fleire gode og klare målsjansar. Valder var det toneangivande laget gjennom det meste av kampen, men Bergsøy hadde ei god periode i det siste kvarteret av den første omgangen. Henning Solem og Trond Paulsen hadde lagets beste muligheter i denne peroden. Solems skudd gjekk rett på keeper Oskar Kalvø frå kloss hald.

-"Dette var ein seier som gjorde godt. Utvilsomt vår beste heimekamp hittil iår. Heile laget gjorde ein flott innsats".
(Det sa ein fornøgd Valdertrenar Helge Skuseth)

Valder sin midtbanespelar Bjørn Jønsson skapte fleire farligheter mot Bergsøy, og ute på kanten skapte Frank Ove Bjørdal ei rekke med farligheter. Den underhaldande første omgangen ebba ut med 0-0. Like etter pause kom målet som heimepublikum hadde venta på, og det var Bjørn jønsson som fekk kjempetreff frå 16 meter. Ballen fauk som ein prosjektil inn i nettmaskene. Bergsøy sin gode keeper Kurt Ove Longva var sjanselaus på dette skuddet. Bergsøy måtte no presse høgare opp på bana, og dette førte også til skumle situasjonar. Fleire gongar var det nærme på at Valder var heilt igjennom.

Prytz skulle gjære visse endringar på laget, og blant anna resulterte dette i at Vidar Eikrem blei satt fram som spiss. Eikrem var ganske nærme scoring da han nådde et innlegg frå Henning Solem, men ballen strauk på feil side av stolpen. Fem minutter før full tid kom så den avgjærande scoringa. Bjørdal fekk det enkelt etter at Bergsøy hadde missa i eige forsvar. Det kunne også blitt verre, for vi forstår ikkje korleis dommaren unnlot å dømme straffespark til valder heilt på tampen av kampen.

Bergsøy sin bestemannspris går til keeper Kurt Ove Longva, som denne gangen unnværga eit større nederlag. I forsvarsrekka var det nok ein gong Gullik Kjelstadli som var den nyttigaste, sjølv om Per Arne Årvik spelte seg opp etter pause. Midtbanespelarane blei for lite konstruktive, og Valder hadde få problemer med å demme opp BIL sine angrep.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat