Kampreferat 1990:

Målrikt i Sykkylven

Sykkylven - Bergsøy 3-4 (2-0)


Nils Roger Paulsen, Henning Solem, Vidar Eikrem, Lars Ove Almestad


Sykkylven Stadion

Terje Blomvik,

: 3; Henning Solem, 2; Eivind Fet, 1; Børge Hansen.


Vedlegg til kampen


Sunnmørsposten


Vestlandsnytt

Kampreferat

Bergsøy kom sterkt tilbake etter to 0-2 tap, og vann 4-3 over Sykkylven denne gangen. Laget har faktisk ikkje tapt mot Sykkylven sidan 1974! Statistikken såg ut til å ryke denne gangen, og heimelaget tok Bergsøy fullstendig på senga i starten av kampen. Da klokka passerte seks minutters speling, så var stillinga 2-0. Eivind Fet var arkitekten bak begge måla idet han la inn fra sida, og i tur og orden kunne Henning Haugen og Per Gunnar Ulla sette ballen i mål. Etter denne kjempeopninga slapp sykkylven seg laus, og Bergsøy fekk store problem med å halde følge med tempoet. Bergsøy fekk etterkvart meir fasong over sitt eige spel, men kom aldri til dei heilt store sjansane før pause. Heimelaget fekk dermed gå til pause med fortjent 2-0 ledelse.

I den andre omgangen skifta kampen totalt karakter. Bergsøyspelarane slutta med å overdrive ballføringa, og ballen gjekk raskare fram i angrep. Dette skapte store problemer for heimelaget, og etter et kvarter var det klart for den første reduseringa. Raske Henning Solem skapte problemer med sine raske bein, og innlegget til Nils Roger Paulsen var bra nok til at paulsen fekk score via stanga og imål. Scoringa gav laget ytterligare inspirasjon, og det blei klart for ei ny scoring berre to eller tre minutter seinare. Igjen var det radarparet Solem og Paulsen som var frammpå, men denne gangen var det Solem som fekk æra av å sette inn målet.

På stillinga 2-2 tok Bergsøy fullstendig over kampen. halvtimen ut i omgangen var det klart for Bergsøyleiing. Endre Tjervåg sendte av gårde et frispark som traff muren, men Vidar Eikrem fekk treff på returen slik at ballen smaug seg forbi alle og inn i mål til ledelse. No hadde Bergsøy snudd kampen til sin fordel. heimelaget prøvde no febrilsk å jobbe seg tilbake i kampen, og dei skulle få utligninga til 3-3. Bergsøy nekta imidlertid å gi seg, og berre nokre få minutt før full tid var det klart for den avgjærande 4-3 scoringa. Det var Lars Ove Almestad som fekk inn det avgjærande målet med ein lobb som sneia ein forsvarar og som overlumpa ein feilplassert keeper.

Dei siste åra har Bergsøy avslutta sesongane med ei 5-6 strake tap, og det er godt for laget at en no kjem seg ut av denne trenden. Best på laget denne gangen var Henning Solem og Nils Roger Paulsen. Elles overraska "løparen" Børge Hansen med fornuftig backspel.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat