Kampreferat 1990:

Poengdeling i toppmøtet

Bergsøy - Valder 1-1 (0-1)


Nils Roger Paulsen (87)


Bergsøy Stadion

Sindre Reite (BIL), og Terje Austnes (Valder)

Einar Hellevik, Valder

: 3; Arne Nordal, 2; Bjørn Jønsson, 1; Sindre Reite.


Vedlegg til kampen


Avisutklipp


Avisutklipp

Kampreferat

Toppoppgjeret i FOsnavåg endte med poengdeling. Valder var nærmast sigeren, og Bergsøypoenget sat langt inne. Tre minutt før full tid utligna Nils Roger Paulsen på en susar i vinkelen frå 20 meters avstand. Valder var klart best og førte mesteparten av kampen. Spessielt i første omgang dominerte gjestane, og leiinga 1-0 til pause var fullt fortjent. Valder si nyerverving frå Langevåg, Arne Nordal, var kampens store spelar. 20 minutt ut i kampen hadde han ført sitt nye lag opp i leiinga. Bergsøykeeper Kurt Ove Longva måtte gje retur på eit skot fra Dag Erik Jønsson, og Nordal var påpasselig framme i returrommet og sende ballen i hjørnet.

Heimelaget fekk lite til dei første 45 minutta. Bergsøy var heilt uten sting og gjennombruddskraft i angrepet, og skapte ikkje ein einaste god sjanse. Det var noko tamt over heile laget, som såg ut til å mangle fighting spirit. Etter pausen heldt Valder fram der dei slutta i første omgang. Eit par fine forsøk i opningsminutta gav ikkje uttelling. Midtvegs i omgangen klarte Bergsøy å mobilisere litt større innsats, og spelet jamna seg meir ut. Men først siste fem minutta vart det virkelig spenning i kampen. Det låg liksom ei Bergsøyscoring i lufta, og tre minutt før full tid blei det jubel i Bergsøyleiren. Nils Roger Paulsen fekk verkelig drag på kula, og ballen fauk i krysset frå 20 meter.

Annen omtale av kampen.

Det var ein svak toppkamp i 4.divisjon, der Bergsøy og Valder delte poenga. Det såg lenge ut til at det gjekk mot Valdersiger, etter at Valder fekk et billeg mål tidlig i kampen. Men 3 minutt før full tid fekk Nils Roger Paulsen stjernetreff og redda det eine poenget.

Fredagens toppkamp blei aldri god. Begge laga tetta igjen i forsvar, og det meste foregikk på midtbana. Dei største sjansane skapte likevel gjestane, og det var måltjuven Arne Nordal som kunne gi Valder leiinga etter retur av Kurt Ove Longva. Bergsøy skapte knapt nok ein sjanse denne omgangen. Etter sidebytte kom heimelaget sterkare, og Trond Paulsen kom inn som venstre flankespelar og fekk meir fasong over angrepsspelet. Litt etter litt tok Bergsøy over, utan at vi noterte dei heilt store sjansane. Nils Roger redda det eine poenget, men også like etter 1-1 hadde Arne Nordal en gylden mulighet til å gi Valder sigeren da han kom aleine med Kurt Ove Longva. Longva redda det lause skotet. I siste speleminutt var det Bergsøy som prøvde å ta alle poenga, og det var mange redningar på streken idet Bergsøy hadde ei kanonade mot Valdermålet. Tilslutt klarte keeper å ta ballen etter et skot frå Trond Paulsen.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat