Kampreferat 1990:

3-1 siger over Sykkylven

Bergsøy - Sykkylven 3-1 (3-0)


Endre Tjervåg (23), Frode Wilhelmsen (35), Trond Paulsen (42)


Bergsøy stadion

Carl Peter Carlsen, Herd

: 3; Endre Tjervåg, 2; Frode Wilhelmsen, 1; Per Gunnar Ulla.


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt


Sunnmørsposten

Kampreferat

Bergsøy har framleis god tetkontakt i 4.divisjon etter at laget slo Sykkylven sist fredag. Det var eit topptent Bergsøylag som gjekk på bana, og det var tydelig at dei var innstillt på å rette opp 1-0 tapet for Spjelkavik tre dagar tidligare. Bergsøy viste god vilje til å gå i duellar, og dermed kjem ofte spelet av seg sjølv. Bergsøy kom lett gjennom Sykkylvsforsvaret på høgresida, der Frode Wilhelmsen gang på gang kom rundt på sida. Bergsøy spolerte ei to-tre gode sjansar, før det endelig lykkast Endre Tjervåg å gi heimelaget leiinga. Endre var svært observant da han plukka opp eit laust tilbakespel, runda keeper, og satte ballen imål fra nærmast død vinkel. Flott prestasjon.

1-0 målet starta ein voldsom Bergsøy-offensiv. Blant anna noterte vi to store sjansar til Frode Wilhelmsen. Først stakk han igjennom og skaut i kroppen på den utrusande keeperen. Like etter blei han frispelt av Trond Paulsen, men var i ubalanse da han skulle breiside ballen imål. I det 35.speleminuttet gjorde Frode Wilhelmsen det godt igjen, og økte stillinga til 2-0. Han starta fint på et presist løp, og ballen fra Tobben Leikanger blei sendt vidare til nettmaskene. Like førpausen var det klart for nok et mål, denne gangen var det Børge Hansen som snappa opp eit tilbakespel. Keeper halvklarerte skotet, og Trond Paulsen var påpasselig frammpå for å gi Bergsøy 3-0 til pause.

Kampen endra fullstendig karakter etter pause, og Sykkylven sin trener Sourza hadde nok gjeve gode instruksjonar i pausen. Bergsøy såg ut til å være fornøgde med resultatet, og samtidig måtte fleire ut med skader etterkvart. Trener Bjørn Prytz måtte rokere litt rundt på laget, og Bergsøy mista formasjonane. Vi sat og venta på reduseringsmålet, men heldigvis kom det ikkje før ti minutt før full tid. Øyvind Myrstad utnytta ei forsvarstabbe, og lobba over keeper Longva. Bergsøy holdt unna resten av omgangen til tross for godt press av Sykkylven. Alt i alt var det ein fortjent siger.

På Bergsøy gjorde ein halvskada Kurt Ove Longva ein god kamp. I backrekka viste Vidar Eikrem musklar, og tapte knapt nok ein duell for heile kampen. Også 17 åringen Sindre Reite ser ut til å vekse med oppgåvene, og leverte nok ein flott kamp med sitt pågåande backspel. På midtbana går bestemannsprisen til Endre Tjervåg for mange gode framspel, og framme gjorde Trond Paulsen ein glimrande jobb som møtande spiss. Han kriga godt, og var flink til å halde på ballen. Årsbeste av Trond. Elles skapte løpssterke Frode Wilhelmsen mykje bry hos gjestane. På Sykkylven likte vi best midtstoppar Øyvind Myrstad, og dommar Carl Peter Carlsen hadde god kontroll på kampen.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat