Kampreferat 1990:

Ute av tetstriden

Bergsøy - Ørsta 0-2 (0-2)


Svein Erik Grevsnes (2) og Anders Austrheim (30)


Bergsøy Stadion

Arnstein Sandvik, Svein Grevsnes og Arne Halkjelsvik (Alle Ørsta)

Lars Kåre Rogne,

: 3; Anders Austrheim, 2; Tore Brekke Halse, 1; Vidar Eikrem.


Vedlegg til kampen


Avisutklipp


Avisutklipp

Kampreferat

Bergsøy er tydeligvis inne i ei blindgate, og tapte den viktige toppkampen med 0-2 mot Ørsta fredag kveld. etter to strake tap har no Bergsøy mista kontakta med tetstriden, og bør no konsentrere seg om å halde avstand til laga bak seg på tabellen. Det store skadeomfanget har nok endel av skylda for laget sine resultat. Frode Wilhelmsen og Børge Hansen var begge uaktuelle grunna skader til denne kampen. Frode er forøvrig også uaktuell for resten av sesongen da han flyttar til Oslo for å starte i ny jobb.

En skal ikkje ta vekk æra ifrå Ørstaspelarane. Ørsta er tydeligvis i ferd med å bygge opp eit nytt ungt og godt lag, og laget gjennomførte ein god kamp. Ein har tru på at Ørsta kan rykke opp på sikt om laget får behalde dei spelarane dei har no. I kampen mot Bergsøy fekk dei en pangstart. Allereie etter to minutt var det klart for 1-0. Svein Erik Grevsnes styrte ballen imål ifrå ein corner. Etter målet kom Bergsøy Sterkare, og var fullt på høgde med bortelaget spelesmessig. Ørsta sine angrep var derimot farligare, og det blei skapt nokre skumle situasjonar foran Bergsøykeeper Kurt-Ove Longva. To gongar small det i stolpen.

2-0 målet kom etter en halvtimes spel, og kampen var i realiteten avgjort. Ørsta sin gode midtbanespelar Anders Austrheim stakk igjennom på et frispark, og han var fullstendig umarkert da han letta ballen over Kurt-Ove Longa og imål. Like etter var Bergsøy nærme redusering da Lars Ove Almestad kom aleine mot keeper, men sisteskansen slo til med ei sterk reaksjonsredning.

Også etter pausen var det mykje midtbanekrig, men gjestane var fortsatt mest konstruktive. Begge laga hadde gode scoringsmuligheter, men keeperane på begge sider var flinke til å rydde opp. Bergsøy sin største sjanse var det Henning Solem som fekk da han kom aleine mot keeper, men også dette forsøket blei stoppa av Ørsta sin sisteskanse. Bergsøylaget halta, og det var stort sett berre Henning Solem som satte et visst press på bortelagets forsvar. Solem er tilbake i BIL-trøya etter ein gjestevisitt i Goma. Midtbanespelet fungerte sært dårlig denne kampen. Spessielt vanskelig virka det for laget å kome rundt på kantane. Bakover på bana vil vi igjen gi ros til 17årige Sindre Reite som viser sin markeringsstyrke og innsatsvilje som mange av hans lagkameratar kan lære av. Også pluss til keeper Kurt-Ove Longva som ikkje kan lastast for måla.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat