|
Kampreferat
Pre-match omtale.
Siste kampen før sommarferien sto for tur, og skulle Bergsøy befeste sin posisjon på øvre halvdel så kunne en ikkje gå på et feilskjær
mot Norborg på heimebane. I årets første seriekamp vann Bergsøy 3-2 borte mot Norborg i det som etterkvart blei en skummel kamp mot slutten.
Til dette returoppgjæret kom Norborg med den greie kommentaren om at laget "aldri hadde tapt i Fosnavågen, og såg ingen grunn til å gjere det heller",
Forklaringa her ligg nok i at laga aldri har møttest til kamp i Fosnavågen, og dermed var det duka for et slags jubileum denne dagen.
I inne-KM har laga møttast ein gong tidligare, i en kamp vi minnast som et unødvendig 2-1 tap i Sunnmørshallen, og dermed er alla kampane mellom desse to laga oppsummert.
(Bildet: Bjørnar Gundersen skulle sprudle med speleglede og aggresivitet denne kampen. )
Bergsøy har ikkje markert seg som et topplag den første halvdelen av serien, til det har prestasjonane (spessielt på bortebane) vore for ustabile.
Mannskapet har vore skiftande og laget har forandra seg frå kamp til kamp, og 2.omgangane spessielt har vore for svake. På heimebane derimot har det vore nær full pott, og
til sommaren blir ergrelsen poengtapet heime mot Ørskog, med to poeng til i den kampen så ville Bergsøy hatt full kontakt til 2.plassen på tabellen. Etter sigeren mot Sunnylven sist var det viktig å bygge vidare på sjølvtilliten og
kapre en ny siger mot Norborg, for å kome så nærme toppen/opprykkskampen som overhodet råd. Med siger ville laget være 5 poeng bak Stranda på andreplassen. Poeng som med hell og dyktighet kan minskast om laget finn forma
etter sommaren. Topplag kan raskt gå på tap, noko en ser har skjedd med Herd som for ei tid tilbake var det suverene topplaget - og som no ligg på 3.plass på tabellen.
Det skulle vise seg at Bergsøy nok engang måtte rokkere på laget. To av rokkeringane visste vi på forhånd, ettersom Daniel Hatløy og Harald Haugen blei utvist i sist heimekamp.
Daniel fekk til vår forbauselse tre kampers karantene, og om han reiser til Bergen for å studere så kan dette bety at han har spelt sin siste kamp iår.
Elles var to mann usikre foran kampstart grunna skranglande kroppar, og dette gjaldt forsvararane Thomas Voldsund og Magne Havnen. Fra før hadde forsvararane Paul Kåre Remøy og
Mons Arne Kvalsvik meldt avbud grunna fiske.
Thomas måtte kaste inn handkleet på oppvarminga, noko som førte til ytterligare ommrokkeringar.
Thomas si skade førte til at Gustav Pettersen måtte forlate si defansive midtbanerolle til fordel som midtstoppar.
Det førte også til at Frantz Frantzen kom inn på laget på indreløparposisjon, mens Bjørnar Gundersen blei det defansive ankeret.
Elles var det duka for et comeback for Fredrik Muren på venstrebecken. Dei øvrige var Arve Kvalsvik i mål, Vegard Sævik som midtstoppar, Håvard Remøy på høgrevingen, Geir Sandnes som indreløpar, Steffen Kvalsund på venstre midtbane,
og Frank Sverre Skorpen på topp.
Kampen: Første omgang.
Så forflyttar vi oss over til sjølve kamparenaen, og det var godt oppmøte både på og rundt banen i finværet.
Denne gangen var kampstart 1930, en halvtime etter normal speletid, noko som beskytta spelarane mot den sterkaste varmen.
Kampen starta greitt for Bergsøy sin del, og Norborg var sjeldent på skumle angrep. På benken var det Trond Paulsen som hadde komandoen denne dagen, ettersom Tom Beddari
var på trenarkurs, og Trond var ikkje bare fornøgd med det laget presterte før pausen. Det var tidvis noko daft over det spelet laget presterte.
Det blei også et lite stopp i spelet da Magne Havnen fekk seg en smell etter en kollisjon.
-"Steik korr han sprong han lisje mørkhåra.". (Sagt av en tillskuar om Bjørnar Gundersen)
(Bildet: Magne havnen har vore mykje skaderamma iår, og han møtte bakken også tidlig i denne kampen. )
Sjølv om vi seier at det var noko daft over Bergsøy så var heimelaget best før pause. Begrsøyspelarane misbrukte endel sjansar til å gå opp i føringa,
og Frantz Frantzen fekk nok den første store sjansen da han smelte et skudd i tverrleggaren frå kort hald. Publikum skulle få oppleve Frantzen sin gode skuddfot også fleire gongar i løpet av omgangen.
Det tok 20 minutt før det første målet kom, etter et relativt fint angrep. Geir Sandnes slo inn frå høgrekanten, Steffen Kvalsund lot ballen gå vidare til Frank Sverre Skorpen, og Frank Sverre la en flott stikkar vidare til Frantz Frantzen som kom på løp.
Avsluttninga til Frantz var frå skrå vinkel, men ballen gjekk som et prosjektil oppe i det nærmaste hjørnet.
(Bildet: 1-0 til Bergsøy sett gjennom to bilder... )
Det kunne raskt blitt fleire mål til Bergsøy, men laget var ikkje like gjennombruddshissige i den første omgangen som en skulle ønske. Det gjekk for seint frammover med ballen.
Frantz Frantzen hadde et hardt skudd som blei redda av keeper, og Steffen Kvalsund blei i siste liten hindra av ein utrusande keeper ved ett tilfelle.
Tiltross for ledelsen så var ein klare over at laget burde ha meir å gå på etter sidebytte, og at en burde "drepe kampen" med fleire mål. 1-0 ledelse er alltid farlig, sjølv om det i den første omgangen ikkje
var så altfor mykje farlig å notere av Norborg-sjansar.
(Bildet: Frantz Frantzen i en luftduell på midtbanen... )
Kampen: Andre omgang.
Om en er rask i å sjå på resultatet i kampen så kan det virke som at Bergsøy fekk ein lett match, men det stemmer nok ikkje.
Det hadde gått kort tid etter pause idet stillinga var 1-1. Norborg utnytta ein døballsituasjon idet Bergsøyspelarar var ueinige om kven som skulle markere kven.
Det endte med at Kim Idar Krogsethagen scora sitt mål nummer 200 for Norborg, på ein stuss som gjekk over Arve Kvalsvik og vidare inn i nettet.
(Bildet: Joakim Bendal er ein luring på fotballbana.. )
Bergsøy kunne raskt bli stressa, og blei det nok sikkert også, men kom seg etterkvart tilbake i føringa. 2-1 målet skulle likevel være av det omdiskuterte slaget, og
står som et godt eksempel på at en skal spele til fløyta går. Linjedommaren var nok oppe med flagget og markerte offside på Frantz Frantzen idet han fekk med seg ballen forbi forsvaret.
Vandrande i et behagelig tempo gjekk Frantz mot Norborgmålet uten å bli pressa, og heller ikkje keeperen reagerte idet Frantz hæla ballen inn i målet. Frantz jubla på "ironisk vis", mens bortespelarane helst skulle ønske at han fekk gult kort for å sparke vekk ballen.
Dommaren og linjemannen tok seg ein prat på sidelinja, og målet blei godkjent til tydelige Norborg-protestar.
(Bildet: Dei svartkledde diskuterar om Bergsøy skulle få godkjent 2-1 målet eller ikkje..)
-"Ej skal aldri meir kjøpe lodd med blindeforbundet.". (En tillskuar kom med dette utropet retta mot dommaren etter at han ikkje dømte straffespark til Bergsøy i ein situasjon mot slutten av kampen.)
Omgangen var tidvis prega av rot og nokre gule kort til Bergsøy, og berre glimtvis var det noko å glede seg over.
Håvard Remøy hadde også ein god sjanse til å gi laget 3-1, men skotet gjekk rett på keeperen.
Endel bytter siste halvdelen av omgangen gjorde at Bergsøy friskna til meir, og spessielt Anders Per Vågsholm var svært delaktig i at Bergsøy skulle hale inn sigeren mot slutten av kampen.
Først var det imidlertid Frank Sverre Skorpen som skulle få den store sjansen til å putte, men idet ballen gjekk på feil side av stolpen etter at Frank Sverre først hadde runda det meste forsvararar og keeper - så blei det høyrd på sidelinja at dette nok ikkje var
Frank Sverre sin dag.
(Bildet: Frank Sverre Skorpen er ein slu spiss som en ikkje må gløyme å markere..)
Kampen virka å være avgjort idet Anders Per Vågsholm dukka opp foran fremste stolpe etter at Frantz Frantzen hadde slått et lurt innlegg.
Anders Per møtte ballen perfekt og fekk endra banen på ballen slik at bortekeeperen blei utspelt.
(Bildet: Anders Per Vågsholm såg ut til å avgjære kampen da han økte til 3-2.)
Det skulle likevel ikkje være avgjort ettersom Norborg kom raskt tilbake og reduserte til 3-2. Det kunne virke som at Bergsøy sovna et øyeblikk idet ballen skar gjennom alt og alle
og fram til Geir Ove Grønli som fekk avslutta. Et altfor enkelt mål å sleppe inn sett med Bergsøyauge. Det gjennsto tre minutt av ordinær tid idet målet kom, og en kunne nok frykte at dei siste minutta skulle bli ulidelig spennande.
Det som derimot skjedde var at Frank Sverre Skorpen "vakna frå dvalen" og skulle avgjære kampen med to mål på overtid.
På ekte toppscorarvis var han på rett plass og plasserte skota sine til sides for keeper. Det eine av måla kom som følge av ein fin stikkar (lobbpasning) av Anders Per Vågsholm.
(Bildet: Frank Sverre scora to mål.)
Bestemannsprisen går til Bjørnar Gundersen som sto på til tusen med ei sprudlande vilje.
Måla
Det blei nokre mål tilslutt.
Spenninga
Skulle Bergsøy rote det til?
Underholdning
Det blei tross alt 5-2 tilslutt.
Totalt
Middels svak kamp av Bergsøy.
|
Spiller |
Posisjon |
Terning |
Mål |
|
Arve Kvalsvik |
Keeper |
 |
- |
|
Magne Havnen |
Høgre Back |
 |
- |
|
Gustav Pettersen |
Midtstopper |
 |
- |
|
Vegard Sævik |
Midtstopper |
 |
- |
|
Fredrik Muren |
Venstre Back |
 |
- |
|
Håvard remøy |
Høgre Ving |
 |
- |
|
Geir Sandnes |
Sentral Midtbane |
 |
- |
|
Bjørnar Gundersen |
Sentral Midtbane |
 |
- |
|
Frantz Frantzen |
Sentral Midtbane |
 |
- |
|
Steffen Kvalsund |
venstre midtbane |
 |
- |
|
Frank Sverre Skorpen |
Spiss |
 |
- |
 |
Bytter |
|
Spiller |
Av banen |
Spiller |
På banen |
|
Steffen Kvalsund |
(uti 2.omg) |
Anders Per Vågsholm |
(uti 2.omg) |
|
Håvard Remøy |
(uti 2.omg) |
Joakim Bendal |
(uti 2.omg) |
|
Frantz Frantzen |
(uti 2.omg) |
Mads Sævik |
(uti 2.omg) |
|