Kampreferat
Pre-match omtale.
Etter ei god innledning på haustsesongen så var det direkte nødvendig å få siger heime mot Herd for å følge med i toppen av 4.divisjon.
Ettersom Stranda, Rollon og Godøy går fra siger til siger, så har ikkje Bergsøy heller råd til anna enn å vinne om en fortsatt skal drøyme om en av dei to aktuelle opprykksplassane.
At Herd har kome inn i en turbulent stim etter å ha imponert den første halvdelen av sesongen, må vel seiast å være til fordel for Bergsøy. Heimelaget burde utnytte bortelagets usikkerhet
etter fleire tap på rad, og samtidig forsterke den gode heimestatistikken laget har hatt iår.
(Bildet: Gustav Pettersen forsøker seg med et frispark. )
Hos Bergsøy var nok engang Geir Sandnes uaktuell på grunn av studier, mens Joakim Bendal nok er ute for resten av sesongen som følge av skade.
Laget som skulle spele mot Herd blei dermed nesten en kopi av laget som spelte mot Ha/No i sist serierunde, med unntak av at Steffen Kvalsund igjen var tilgjengelig etter sin
"treningsleir" i England. Han kom inn på venstrekanten, og skyvde dermed Harald Haugen tilbake til venstrebacken. Toni Sandanger starta også sin første Bergsøykamp etter klubbskiftet, som følge av at Arve Kvalsvik sleit med ein sjukdom.
Kampen blei også spelt på gras, årets første heimekamp på Bergsøy Stadion.
Kampen: Første omgang.
Bergsøy hadde ein kanonomgang mot Herd før pause, og om ikkje det var feilfritt spel så var det bortimot. No var ikkje Herd på nokon måte
dårlige, dei hadde nokre tekniske spelarar som en såg kunne klare å drible på små flater, men Bergsøy var rett og slett meir effektive og farligare i angrep.
Det hadde ikkje gått så altfor lenge før Bergsøy fekk sin første store sjanse. Steffen Kvalsund fekk gå rettvendt med ballen mot et vaklande Herd-forsvar, og fora ballen i bakrommet til Frank Sverre Skorpen.
Tempoet mot mål var bra, og Frank Sverre sentra tilbake foran mål der Steffen kom aleine mot tidligare Bergsøykeeper Knut Erik Håheim. Steffen fekk ikkje full kontroll over ballen, og prøvde ei ny pasning tilbake til Frank Sverre -
men denne blei hindra til corner.
(Bildet: Her setter Anders-Per inn 2-0 til Bergsøy. )
-”Kolapsen ødela litt av en fantastisk fotballkamp som varte i 60 min. Siste 30 va ei katastrofe som vi får ta opp internt på trening laurdag.”". (Kaptein Frank Sverre Skorpen)
Bergsøy fortsatte med å skape endel sjansar, og Frank Sverre Skorpen var nærme mål. Gustav Pettersen hadde også et flott frisparkforsøk som snidra stolpen.
Knut Erik Håheim var trygg og god i Herd sitt målfelt og fekk vise seg fram den første halvdelen av omgangen. Men Bergsøy sto på vidare og skulle få den uttellinga som laget håpte på.
Det som skulle føre til 1-0 var en corner frå høgre, og hodestøtet til Frank Sverre Skorpen var så hardt og presist som berre han klarer i 4.divisjon. Ei klassescoring, og
den viktige forløysande scoringa.
(Bildet: Her skyt snart Frank Sverre Skorpen ballen i det lengste hjørnet til 3-0. )
Frank Sverre var nærme ei scoring til seinare, men blei dragt ut mot kanten før han la et fint innlegg mot bakerste stolpe.
Der var det fleire Bergsøyspelarar, men Anders Per brukte munnen til å varsle om at han var best posisjonert før han brukte beina til å sette inn 2-0.
Nok ei fin scoring, og Bergsøy-maskineriet var godt igang. Herd sin aller største sjanse i omgangen kom en eller annen gang i denne tidsperioda, og det var berre ei kanontakling av Harald Haugen
som hindra scoring idet Herd sin spiss såg ut til å være heilt aleine mot Toni Sandanger i Bergsøyburet.
(Bildet: Harald Haugen er i ferd med å sette 4-0 inn i nota. )
Frank Sverre Skorpen var i godt humør denne dagen, og hadde ikkje gitt set med målscoringa ennå. Dag Gøran Brandal sendte ivei ei lang pasning i bakrommet, og Frank Sverre
sleit seg forbi forsvararane før han sendte ivei ei presis avsluttning inn i det lengste hjørnet. Nok ei fin scoring, og 3-0 til heimelaget. Bergsøy spelte endel fin fotball denne omgangen, og ballen gjekk til tider raskt
mellom spelarane. Bjørnar Gundersen fekk snart en sjanse til å score, men måtte nøye seg med corner idet skuddet blei blokkert. Det skulle bli nok ei scoring som følge av corneren, og det var Harald Haugen som sto plassert aleine på bakerste stolpe
og brukte to forsøk før han fekk klemt ballen inn i kassa. Med 4-0 starta dette å lukte kanari.
(Bildet: Like etter pausen sklir Bjørnar Gundersen inn 5-0 scoringa. )
-”Ej va vel 5-6 sist på den scoringa..”". (Bjørnar Gundersen tok litt av æra for Harald Haugen sitt mål etter corner.)
Kampen: Andre omgang.
Med 4-0 til pause var det naturlig å tru at den andre omgangen kunne bli litt meir målfattig, men så feil kan en ta.
Starten av omgangen var iallfall akkurat slik Bergsøy håpte på det skulle være, ettersom en ønskte å halde oppe nivået og tempoet i kampen.
Det hadde ikkje gått lenge før Steffen Kvalsund og Frank Sverre Skorpen kombinerte flott med et veggspel på venstresida, og flikken til Frank Sverre førte Steffen igjennom på skrått hald.
Steffen si avsluttning inn i feltet blei møtt av ein skliande Bjørnar Gundersen som perfekt førte ballen vidare inn i mål. Nok ei fin scoring av heimelaget som følge av godt tempo.
(Bildet: Ein Herdspelar ordnar 6-0 idet han taklar ballen inn i eige mål. )
-”Avsluttningen av kampen er uforståelig, plutselig mister vi både formasjonene og tro på egne ferdigheter.”". (BIL-trenar Tom Beddari)
Og det stoppa ikkje der, for Bergsøy skulle snart befinne seg oppe i 6-0 ledelse. Frank Sverre Skorpen hadde ballen på venstrekanten av Herd sin 16-meter og vendte bort en forsvarar før han la ballen hardt inn i feltet.
En Herd-forsvarar prøvde å skli bort ballen, men blei derimot den ulykkelige sjølvmålscoraren idet ballen gjekk inn i eige mål. Bergsøy hadde kampen i si hule hand, spelte fin angrepsfotball og hadde fin kontroll bakover.
6-0 ledelse på heimebane har ikkje skjedd sidan Ha/No var på besøk i 2002, en kamp der Frank Sverre forøvrig scora tre mål. Av dagens spelarar som var med den gangen var Knut Erik Håheim og Anders Per Vågsholm på Bergsøybenken, mens Steffen Kvalsund igjen var venstrekant.
Forskjellen på den gangen og denne kampen var at Bergsøy vann 6-0 i 2002, men at det skulle rakne fullstendig i denne kampen mot Herd.
(Bildet: Her skal Herd sin angripar til å skyte ballen imål til 6-1. )
-”Det er bare å beklage ovenfor alle Herd-patrioter. Det vi presterte inntil sluttfasen var bånn i bøtta..”". (Herd-trenar Kenneth Moldskred.)
Den første openbare årsaka til kollapsen var at Herd fekk reduseringa til 6-1, et mål Bergsøy var sterkt gira på at bortelaget ikkje skulle få. Toni Sandanger boksa vekk den første farligheta i Herd sitt angrep, men sjansen var ennå ikkje heilt avklarert.
Frå skrått hold kom et kjappt skudd nede i det nermaste hjørnet, noko som burde vore unødvendig med tanke på alle Bergsøyspelarane som var på rett side av ballen ved den situasjonen. Bortelaget fekk nok litt meir humør etter målet, mens humøret til Bergsøyspelarane såg ut til å være i fall.
Den andre reduseringa kom som følge av en personlig feil i forsvaret, der Bergsøyspelaren bomma på ballen da han skulle avklarere.
At det skulle kome ytterligare to baklengsmål var nok direkte pinlig for Bergsøy mot slutten. Det eine av desse to kom rett nok som følge av et godt plasset skudd som gjekk opp under tverrleggaren, men det andre andre av dei to siste
kom etter meir rot og nervøsitet hos Bergsøy. Ei virkelig merkelig vending på kampen, der bortelaget kunne gå av kampen med en grei følelse etter å ha gjennerobra æra.
(Bildet: En stor sjanse 2 mot 1 blir skusla bort uti 2.omgang, ballen blir trilla inn til keeper. )
Tilslutt kan vi nemne at Bergsøy også blei redusert til 10 mann heilt på tampen av kampen. Dag Gøran Brandal fekk sitt andre gule kort for dagen etter at linjedommaren gjorde dommaren oppmerksom på at
Dag Gøran hadde dytta ein spelar med strake armar. Sjølve ballen var ein heilt annan plass idet denne dytten visston hadde oppstått. Dag Gøran stilte seg uforståande til avgjerdsla.
Kampen: Oppsummering.
Dei tre poenga var viktige, og målet foran kampen. Det var forventa ein jamn kamp, og sann sett var det ei gledelig overraskelse og ein god følelse idet Bergsøy gjekk opp til 4-0 før pause, og
vidare kom opp i 6-0. At det skulle gå derifrå til å bli eit meir jamnt 6-4 resultat er delvis uforståelig. At enkelte gjekk tomme for krefter er mulig.
At Bergsøy mista rytma i spelet som fungerte så godt idet det blei ei 3-4 bytter, det kan også forklare endel. Det er ikkje lett å kome inn i en kamp der det startar å butte imot, da også inn i sentrale posisjonar som midtstoppar og sentral midtbane.
Den viktigaste faktoren i det heile er muligens mangelen på ro når det buttar litt imot, og det er en faktor som gjeld samtlige spelarar på laget. Det blir raskt hektisk, og feilvalg oppstår. På 6-0 burde det være all mulighet til å få ned skuldrane og heller frustrere bortelaget med å trille ball.
(Bildet: Frank Sverre hadde en god sjanse til å bli tremålsskorar, men skyt her rett i klypene til keeper frå kort hald. )
Det var mykje flott fotball den første timen, og fleire spelarar tok tak og kommando. Frank Sverre Skorpen var nok engang en viktig spelar. Heile midtbanen sto på og spelte godt, og var flinke til å hjelpe kvarandre.
I forsvar var det også trygt spel, og Herd sine fleste forsøk kom etter corner eller frispark sikta inn mot høge Herd-spelarar. Harald Haugen toppa ein sterk førsteomgng med scoring, og Anders Per Vågsholm var også godt aktiv i tillegg til sitt mål.
At begge indreløparane, Anders-Per og Bjørnar, denne kampen gjekk på lange løp og avslutta med scoring - tyder veldig bra for fortsettelsen. På kantane var det også mykje bra, med hardtarbeidande Håvard Remøy og en speleglad Steffen Kvalsund.
Tek vi også med at Dag Gøran Brandal fekk ei målgivande, og at samarbeidet mellom Vegard og Magne fungerte veldig fint - så har vi notert oss ned det meste. Vegard si evne til å halde forsvaret samordna er gull verdt for laget. Toni Sandanger såg lenge ut til å halde nullen bakover,
men slik skulle det ikkje gå.
Måla
10 mål i en kamp.
Spenninga
Burde være nok med 6-0
Underholdning
En får ikkje meir mål enn dette..
Totalt
Fra storsiger til kollaps
|
Spiller |
Posisjon |
Terning |
Mål |
|
Toni Sandanger |
Keeper |
|
- |
|
Dag Gøran Brandal |
Høgre Back |
|
- |
|
Magne Havnen |
Midtstopper |
|
- |
|
Vegard Sævik |
Midtstopper |
|
- |
|
Harald Haugen |
Venstre Back |
|
- |
|
Håvard Remøy |
Høgre Ving |
|
- |
|
bjørnar Gundersen |
Sentral Midtbane |
|
- |
|
Gustav Pettersen |
Sentral Midtbane |
|
- |
|
Anders-Per Wågsholm |
Sentral Midtbane |
|
- |
|
Steffen Kvalsund |
venstre midtbane |
|
- |
|
Frank Sverre Skorpen |
Spiss |
|
- |
|
Bytter |
|
Spiller |
Av banen |
Spiller |
På banen |
|
Vegard Sævik |
(Uti 2.omgang) |
Paul Kåre Remøy |
(Uti 2.omgang) |
|
Anders Per Vågsholm |
(Uti 2.omgang) |
Frantz Frantzen |
(Uti 2.omgang) |
|
Bjørnar Gundersen |
(Uti 2.omgang) |
André Lima |
(Uti 2.omgang) |
|
Steffen Kvalsund |
(Uti 2.omgang) |
Fredrik Muren |
(Uti 2.omgang) |
|