Kampreferat 2007:

Skyllt bort av Ørskog

Ørskog - Bergsøy 4-2 (2-0)


Frank Sverre Skorpen, Steffen Kvalsund

Torsdag den 30.august 2007
Ørskog grusbane

Bjarte Steinsbu


Vedlegg til kampen

Ingen vedlegg ennå til denne kampen
Kampreferat

Pre-match omtale.

Ørskog var venta å være en vanskelig motstander, og Bergsøy hadde grunn til å respektere motstandaren. Ein av grunnane var at Ørskog hittil i sesongen var det einaste laget som hadde klart å kome til Fosnavåg uten å tape, den kampen endte 1-1. At Ørskog fekk kampen beramma på ei trang grusbane var også noko som en visste kom til å by på ei spesiell utfordring, og her visste en at det kom til å bli ein krig fyllt med mange duellar. Med fem sigrar på dei siste fem kampane hadde likevel Bergsøy endel sjølvtillig i bagasjen. Skulle Ørskog virkelig være gode nok til å hamle opp med Herøyværingane?

(Bildet: Knut Peter Sævik starta kampen på høgreflanken. )


Bergsøy hadde med seg tilnærma full tropp mot Ørskog, om en ser bort ifrå Geir Sandnes, Håvard Remøy, Joakim Bendal, Dag Gøran Brandal, og Frantz Frantzen. Til gjengjeld var det duka for et comeback av Mons Arne Kvalsvik som var tilbake på Bergsøybenken. Arve Kvalsvik var også tilbake på plass, og starta kampen imål. Fredrik Muren tok over høgrebackrolla som følge av suspensasjonen til Dag Gøran Brandal, og Knut Peter Sævik starta på høgrekanten i fraværet til Håvard Remøy.

-”Sett ut i fra forutsetningane med en god del skader i laget gjorde Ørskog en meget god kamp, og gav ikkje Bergsøy muligheten til å trekke kampen inn i sitt spor. Kompakt og aggresiv defensivt, fart og kvalitet offensivt gjorde dette til en kamp Ørskog fortjente å vinne og ikkje minst ville vinne.”". (Murerane.com, skrevet av Nobb)

Kampen: Første omgang.

Det starta ganske raskt å regne trollkjærringar, og kampbildet blei veldig prega av duellspel i kulda. Ørskog var aggressive og pressa Bergsøy bakover på bana. Bergsøy kom seg rett og slett sjeldan til angrep før pause, til tross for at bana nok var den kortaste som laget har spelt på dei siste åra. At det var grusbane skulle ikkje ha noko å seie, og er ingen bortforklaring for korleis omgangen utvikla seg. Dog må vi seie at grusen etterkvart blei om til leire, og det var slett ingen forhold for fin fotball.

(Bildet: Publikum boltra seg under et tre. )


Ørskog spelte på smart på heimebane, stressa motstandaren slik at det aldri blei ro - og gjekk i duellane. Bergsøy blei overkjørt før pause, faktisk slik ingen andre i årets 4.divisjon har klart. Det såg ut til at laget spelte i takt med været, for det gjekk til tider bedre i dei opplette periodene. Men det var først etter at Ørskog hadde spelt seg opp til både 1-0 og 2-0.

(Bildet: Arve Kvalsvik og Gustav Pettersen i aksjon. )


1-0 kom på et frispark som Ørskog utnytta til fulle. En burde kanskje ikkje være overraska over at en Ørskogar vann duellen, dei hadde nokre virkelige fyrtårn ala Tor Hogne Årøy, og headdinga til Aslak Benjaminsen gjekk kontant i nota til 1-0. Bergsøy var stadig på hælane, slurva med både mottak og pasningar, og Ørskog skulle utnytte situasjonen. Han smatt litt enkelt gjennom, han Christian Smith-Nilsen, og satte ballen fint til side for keeper.

(Bildet: Her setter Ørskog inn 2-0 scoringa. )


Bergsøy på offansiven blei ikkje mykje ut av. Det er ikkje mange sjansane å fortelle om. Nokre skuddsjansar som ikkje blei godt nok utnytta. Det var nok ikkje så utrulig mange sjansane Ørskog heller hadde utenom måla, men dei eigde kampen.

(Bildet: Frank Sverre Skorpen og Bjørnar Gundersen. )


Det var kanskje første gangen iår at laget gjekk til pause med en noko flau smak, og spelarane fekk også høyre realiteten i garderoba. Bergsøy har hittil iår vore et av dei beste 1.omgangs-laga i divisjonen, men tydeligvis ikkje i denne kampen.

Kampen: Andre omgang.

Det var noko finare vær etter pause, men bana var det vi kan kalle "herpa". Det var ikkje lett å føre med seg ballen på det sleipe underlaget. Kjell Tangen greidde likevel å score, men det kom frå nok en døball. Han fekk nok tid til å sikre inn skuddet, og mål blei det. Ingen god start på den andre omgangen.

(Bildet: Her ser du Vegard Sævik til høgre på bildet.. )


For å inrømme ydmykelsen ett lite hakk nærmare så måtte Bergsøy ha hjelp av dommaren for å kome tilbake i kampen. Et innlegg kom fra venstre, og dommaren meinte Steffen Kvalsund blei dytta såpass i ryggen at det var straffe. Det var ganske lettkjøpt. Frank Sverre Skorpen takka og bukka for sjansen, og satte straffesparket ditt det skulle. I mål. Og Bergsøy kom meir inn i kampen igjen. Den psykiske av/på knappen blei slått på, mens Ørskog nok blei litt usikre.

(Bildet: Fredrik Muren, en av mange som deltok i kampens wet-tshirt konkurranse. )


Steffen Kvalsund hadde blitt satt fram som spiss ilag med Frank Sverre Skorpen halvveis i 1.omgang, og skulle gi laget meir håp om poeng ved å skyte laget ett mål nærmare heimelaget. Et greit skudd i posisjonen midt foran mål, og kanskje ifrå ei 14-15 meter. I den påfølgande perioda spelte Bergsøy enda bedre. Ørskog vart meir defansive. Likevel skulle ikkje dette bli Bergsøy sin dag.

(Bildet: Her joggar gjengen. )


Christian Smith Nilsen, som nokon meinar var kampens beste, økte Ørskog sin ledelse til 4-2 på et flott langskudd. Det gjekk oppe i det nærmaste krysset, og avgjorde på sett og vis kampen. Det var fortsatt litt tid igjen å gjære det på, og dommaren la også til mange minutt utover mot slutten, men BIL makta aldri å skape dei store sjansane.

-”Ørskog kjempa til seg en fortjent 4-2 seier mot Bergsøy. Ørskog leda 3-0 etter mål av Aslak Benjaminsen, Christian Smith-Nilsen og Kjell Tangen. Men Smithern avgjorde med en suser og punkterte kampen til ville protester fra Bergsøyspillere som ropte på frispark i forkant av situasjonen. Med dette resultatet har no Ørskog nådd sitt hovudmål denne sesongen og sikra plassen sin i 4.divisjon på første forsøk,.”". (Murerane.com, skrevet av Nobb)

(Bildet: Steffen Kvalsund smyg seg mellom spelarar... )


Mons Arne Kvalsvik, André Lima og Thomas Voldsund kom inn i håpet om å få fram nokre målsjansar, men Ørskog vann tilslutt fortjent. Kampen vil nok bli like godt huska for enkelte dommaravgjerdsler, desverre for Steinsbu. Det toppa seg da han gav gult kort til ein Ørskog forsvarer for å drøye ut tida, mens det han egentlig gjorde var å vente på at et spelarbytte skulle bli gjennomført. For Ørskog sin del må en kanskje også seie at det var bra straffesituasjonen ikkje blei avgjærande for kampen.

Kampen: Oppsummering.

Etter fem strake sigrar kom så et tap, og et tap som dei aller fleste vil meine gjorde at Bergsøy ikkje lengre er blant opprykkskandidatane i divisjonen. Men kampane skal spelast..

(Bildet: Her ser en litt av bana iallfall... )


Foruten om all den teksta som har blitt skreve i dette kampreferatet, så var dette en kamp Bergsøy kan legge bak seg og gløyme. Ørskog kan kanskje også bli det einaste laget Bergsøy ikkje slår denne sesongen? Med Rollon og Stranda igjen på heimebane, og Godøy borte, så kan ting fortsatt skje i toppkampen om opprykk.

Måla
Det blir alltid mange mål med Bergsøy på bortebane..
Spenninga
Ørskog hadde tidvis god kontroll
Underholdning
Om en tåler å sjå kamp i regn, så fekk heimepublikum hygge seg..
Totalt
God kamp for Ørskog, dårlig for Bergsøy.

 Spillere
 Spiller  Posisjon  Terning  Mål
  Arve Kvalsvik    Keeper        -
  Fredrik Muren    Høgre Back        -
  Magne Havnen    Midtstopper        -
  Vegard Sævik    Midtstopper        -
  Harald Haugen    Venstre Back        -
  Knut Peter Sævik    Høgre Ving        -
  bjørnar Gundersen    Sentral Midtbane        -
  Gustav Pettersen    Sentral Midtbane        -
  Anders-Per Wågsholm    Sentral Midtbane        -
  Steffen Kvalsund    venstre midtbane        -
  Frank Sverre Skorpen    Spiss        -
 Bytter
 Spiller  Av banen  Spiller  På banen
  --   (Uti 2.omgang)     Mons Arne Kvalsvik    (Uti 2.omgang)
  --   (Uti 2.omgang)     Thomas Voldsund    (Uti 2.omgang)
  --   (Uti 2.omgang)     André Lima    (Uti 2.omgang)






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat