Kampreferat
Pre-match omtale.
Bergsøy var hekta av opprykkskampen etter tap mot Godøy. No venta det to andre toppkampar heime, mot Rollon og Stranda.
Rollon var et lag i form, og hadde ikkje tapt ein fotballkamp sidan 31.mai. Bergsøy har aldri tapt på kunstgraset, og sto med 8 sigrar og en uavgjort på heimebane foran denne kampen.
En visste på forhånd at dette blei en tøff kamp, samtidig så kjempar Bergsøy hardt for sitt omdømme og i håpet om å kanskje ende på 3.plassen på tabellen.
Denne kampen måtte heimelaget greie kjempinga uten forsvarskjempen Vegard Sævik, og midtbanegeneralen Geir Sandnes. I tillegg var Bjørnar Gundersen suspandert.
På den positive side var Mons Arne Kvalsvik klar til dyst frå start av, mens Joakim Bendal var tilbake frå skade og var med i troppa.
(Bildet: Tom Beddari slukker tørsten i solsteika.)
Rollon si heimeside er ei aktiv og artig side verdt en titt iblant, og forhåndsomtalen denne gangen var at Rollon burde ha gode muligheter til å slå Bergsøy.
Kunstgras passa dei visst bra, og laget har sjølvtillit etter bortesigeren over Stranda på kunstgraset. Dei har også en tanke om at Bergsøy ikkje likar Rollon, av ein eller anna uviss grunn.
Dette kjenner heller ikkje vi til, men Bergsøyspelarane yt nok kanskje et lite ekstra gir når det kjem ålesundarar på besøk.
En skal ikkje tru at det er berre å kome over fjorden for å hente poeng. Å også skrive at Bergsøy berre slår langt, kan stå som et døme på noko som burde gi heimelaget tenning. Men sant å seie så
var det nok ikkje mange av spelarane som las dette innlegget på Rollon si side. Bergsøy ønsker rett og slett å vinne alle kampar, og det er noko spessielt når en møter topplaga.
(Bildet: Vått og surt denne dagen, og dermed lite av publikum.)
Kampen: Første omgang.
Det var 161 år sidan planeten Pluto blei oppdaga, en planet som seinare ikkje var en planet lenger.
Denne dagen var også den første haustdagen ifølge kalenderen, men
vi kan ikkje seie at vi såg forskjell på dagens regnbyge i forhold til samtlige av regnbygene som har vore den siste månaden.
Mens grasbana ofte har blitt sammenligna med smelta sjokolade
så står kunstgrasbana og fristar alle fotballglade med sitt tørre dekke.
Tørre skulle dei derimot ikkje forbli dei trofaste tillskuerane som møtte opp, men dei mest rutinerte hadde både kjæledress og paraply.
(Bildet: "No må du våkne, kampen har starta"...)
Som så alltid før så virka motstandarane høge og skumle før kampstart, men Bergsøy gjekk uredde rett i angrep på første spark.
Fram på kanten til Steffen Kvalsund som kom en mot en mot Rollon sin forsvarar,
ei oppgave forsvararen kunne være stolt av denne dagen. Så var det Rollonmaskineriet sin tur.
Og farlig blei det. En rollings smaug seg ut til høgre før han fyrte av mot venstre stolpe, heldigvis utanfor.
Det var nok Rollon som var nærmast den første scoringa tidlig i kampen, men snart fekk Bergsøy sin første store sjanse.
(Bildet: Dette var nok kanskje den beste Bergsøysjansen før pause.)
Steffen Kvalsund kom seg fri på venstrekanten igjen og skar rett inn mot keeper, men avsluttninga blei boksa ut til corner.
Faktisk så er det ikkje mange fleire sjansar å notere i løpet av den første omgangen. Det var midtbanekrig og duellar. En krig Bergsøy gjorde bra,
men Rollon var farlige. Bra var det då at Bergsøy var skjerpa i forsvar.
(Bildet: Mats Inge Teige prøver skuddfoten på en av halvsjansane som oppsto..)
Jegeren. Tårnet. Ruvande Mons Arne Kvalsvik kom rett frå hjortejakta for å gjære nok en comeback på A-laget.
Han fekk klar beskjed om å sleive ballen ut frå farlig område ved kvar situasjon. Han gjorde det. Feilfritt.
Jørn Kvalsvik har aldri før spelt midtstoppar på A-laget. Vi kunne ane en skepsis. En kunne høre mumlinga av savnet over Vegard Sævik.
Ingen snakka om vegard etter kampen. Forsvaret var Kvalsvik-tett.
(Vi ser faktisk for oss dei som irriterer seg over tette slukar, og som ropar ut i frustrasjon over at det er kvalsvik-tett.)
(Bildet: Frank Sverre Skorpen stressar Rollonspelarane.)
Det er mest av alt defansivt rosen gis denne dagen. Frammover var det ikkje på sitt beste, isåfall berre glimtvis.
Romma var der. Mulighetene var der. Men dei blei ikkje utnytta rett. Det siste stinget, det siste rykket, den siste pasninga, det var ikkje der.
Den første omgangen var grei, men ikkje berre god. Rollon var laget som mest var uheldige. Bergsøy på si side kom ned i ti mann.
(Bildet: Toni Sandanger hadde ballegrep denne dagen.)
Det var nokre minutt igjen til pause idet Anders Per Vågsholm tok sitt siste defansive løp. Tacklinga var på mann, fellinga var innanfor 16-meteren.
En klar målsjanse var forhindra, men jubelen var ikkje høg. Dommaren hadde sett kva som skjedde, og dømte straffespark.
Det var også her vi fekk sjå det raude kortet for første gang denne dagen. Frederik Ytterlid sto klar på 11-meteren. Toni Sandanger sto klar i målet.
"Vær klar på retur" høyrde vi. "Det blir ingen retur", var det ein Rollonspelar som sa. Han tok feil.
-"Et par minutter før pause oppsto en dramatisk situasjon innenfor hjemmelagets 16-meter. Kjell Tore Pedersen (?) ble felt som sistemann og bergsøyspilleren fikk korrekt rødt kort. Straffespark til Rollon. Frederik Ytterlid tok den, men skuddet gikk nesten rett på keeperen. En gyllen anledning spolert og dermed målløst til pausen. Alt i alt en jevnspilt 1. omgang."
(Rollon.info sin beskrivelse på den første omgangen.)
Toni redda straffesparket. Og sjølv om vi frykta at bortelaget skulle skape meir farlighete på returen, så blei buret holdt reint.
Dermed vart det 0-0 til pause. Et resultat Bergsøy burde seie seg fornøgde med. Det var no utfordringa skulle kome. En omgang med en mann mindre.
Her skulle vi ikkje selge oss billig.
Kampen: Andre omgang.
Bergsøy tok tak frå start av etter pausen. Faktisk, dei første 20 minutta av andre omgang var nok Bergsøy si beste periode i kampen.
Rollon såg ut til å mangle nok kreativitet mot Bergsøy sine 10 løver. Og verre skulle dei få det idet Bergsøy gjekk opp til 1-0 ei femten minutt ut i omgangen.
Steffen Kvalsund hadde sitt beste tøtch for dagen og fora Frank Sverre Skorpen med pasninga i bakrommet. Skorpen har vore i slike situasjonar nokre gongar før,
og var kald idet han lobba over keeper. Dei ti løvene var i ledelsen etter ett flott mål.
(Bildet: André Lima skjermar ball slik han har lært på trening.)
Rollon hadde ballen endel, og prøvde å presse Bergsøy bakover. Bergsøy på si side blei tvungen til å ligge kompakt, og heller
utnytte overgongane. Planen fungerte godt til tider, og det var ikkje lenge etter 1-0 scoringa at Frank Sverre igjen befann seg i en
god posisjon. Noko tilfeldig spratt ballen fint i retning av Frank Sverre etter en duell på midtbanen, og Frank fekk nok engang
litt bakrom å gå i. Litt meir pressa denne gangen, og skuddet gjekk et stykke over mål.
(Bildet: Her strammar André Lima magemusklane idet Rollonforsvararen klarerer ballen.)
Og Bergsøy skapte meir dei siste 45 minutta enn det dei gjorde dei første 45. Men vi må nok ta med at også Rollon fekk
ein mann mindre. Det var i en duell med Gustav Pettersen av Wilhelm Aarøe gjekk litt hardt i, og dommaren nølte ikkje med
å seie ifrå at han ikkje ville ha slik oppførsel på bana. Et Rollonlag på opprykksjakt starta å bli frustrerte, og no hadde laga nok engang like mange spelarar.
(Bildet: Vi lurer på om det ikkje var denne taklinga som førte til utvisninga av Wilhelm Aarøe..)
Snart skulle Bergsøy få to brukbare sjansar på kort tid. Steffen Kvalsund prøvde nok en gang å finne tak i Frank Sverre Skorpen, men denne gangen
missa Frank i mottaket kort avstand frå målet. Det endte i at Frank Sverre skjerma ballen ut mot cornerflagget, der han blei tackla bakfrå og måtte ut med skade.
Frisparkposisjonen var frå skrått hold, og blei sikta inn mot Mats Inge Teige. Det var ikkje mykje om å gjære at han fekk lirka ballen vidare inn i nettet.
(Bildet: Et dårlig tegn for en skada Frank Sverre at mannen i sortekappa dukka opp ;-D )
Lagmoralen og laginnsatsen var på topp. Det defansive var førsteprioritet, det offansive skulle kome som resultat av det.
Dei opptrappande regnskylla påførte kampen berre meir dramatikkfølelse. Og så hjalp Rollon også til en del.
Kim Haagensen var neste mann til å få det røde kortet, og Rollon var nede i 9 mann. Det starta nok med en hodeduell mellom Haagensen og Skorpen.
Haagensen slo borti Frank Sverre, og dommaren kom fram med det mørkaste kortet.
(Bildet: Her er et døme på korleis Rollon flaug inn i tacklingane.)
Ei stund var vi usikre på kva som skjedde. Det kunne virke som at dommaren også gav rødt kort til Frank Sverre, men dette stemte ikkje.
Det blei også en møljesituasjon, og fleire rollonspelarar skulle ha sitt å seie til dommaren. Vi trur ikkje det å skubbe på dommaren gjer at han ombestemmer seg,
og frykter for at Rollon vil måtte spele uten Haagensen i nokre kampar.
(Bildet: Dommaren sitt røde kort kom igjen opp i lufta. Det såg ut til at Frank Sverre fekk det røde, men det var Rollon som
kom ned i 9 mann..)
-"Uansett gjorde dette dagen helsvart for bylaget. Wilhelm Aarøe og Kim Haagensen kan i verste fall gå glipp av resten av sesongen, det blir opp til kretsen å bestemme lengden på karantene. Vi kan dermed bokføre Rollons første tap siden 31. mai.."
(Rollon.info si raske oppsummering av kampen.)
(Bildet: Mons Arne Kvalsvik og Jørn Kvalsvik tettar forsvaret..)
Rollon slengte ballen frammover i angrep endel gongar, og mot slutten av kampen hadde laget en heil bråte med cornerar.
Vi lurte på om Bergsøy faktisk skulle klare å hale iland dette. Det såg farlig ut til tider med skumle innlegg og mange mann i feltet.
Det var en lettelse kvar gong dommaren blåste frispark, eller forsvaret klarerte. Ballen skulle bli kriga vekk uansett.
Uansett om det var Harald som måtte tackle, Dag Gøran som måtte trå til, eller Toni som måtte bruke armane. Også Steffen Kvalsund måtte til å bruke armane for å stoppe ballen tidligare i kampen,
noko som førte til at han blei belønna med sitt første gule kort for sesongen.
(Bildet: Mats Inge Teige styrte skuta i sjøværet.)
Idet ballen kom seg bort frå forsvaret så var Mats Inge Teige og Gustav Gettersen å stole på. Dei førte ballen lengre opp i bana på jakt etter andre å spele den til.
Joakim Bendal kom inn på bana ett kvarter før slutt og fekk også en god sjanse til å avgjære. Han kom aleine med keeper, men kom nok litt for brått på.
Bortelagets keeper gjorde en god jobb i den situasjonen.
(Bildet: Joakim Bendal sitt forsøk på å punktere kampen blei punktert av keeperen.)
Det var imidlertid ikkje slutt på måljakta. Tiltross for at tanken dei siste minutta var å få tida til å gå, og at fleire ropte mot dommaren for å få han til å blåse av kampen,
så var ikkje Harald Haugen heilt fornøgd enda. Målinstinktet var ikkje metta. Idet han fekk sjansen på frispark frå 35 meter så
var han dødelig. "Skyt", sa Jørn Kvalsvik. Et visdommens ord. Ballen fauk oppe i det lengste krysset og satte et fint punktum på dagen for Bergsøy.
Den målfarlige venstrebacken er no oppe i 4 mål iår, og er Bergsøy sin tredje mestscorande denne sesongen.
(Bildet: Harald Haugen sitt skudd smyg seg inn heilt oppe ved krysset.)
Kampen: Oppsummering.
Hadde det ikkje vore for alle bilda vi vil legge ut, så kan det hende at vi kunne vore noko mindre kortfatta over dagens prestasjon.
Men slik blei det altså ikkje, og greit er kanskje det. For prestasjonen var god. Få trudde nok at Bergsøy kunne klare seg lenge med en mann mindre etter pause.
Den andre omgangen var et godt svar på tiltale mot ett av laga som ligg i opprykksposisjon.
(Bildet: Et godt eksempel på kynisma Bergsøy hadde i forsvaret denne dagen.)
Poenggivning på spelarbørsen i slike kampar blir ofte vanskelig. Det var ein lagsiger. En svært god lagsiger. Alle kjempa for kvarandre,
og gjorde livet surt for formsterke Rollon. Når det først er valgt å dele ut dei valige børspoenga så kan det også begrunnast.
Jørn Kvalsvik er ikkje høg, men spelte en stor kamp. Kompromisslaus. Tackla reint og godt kvar gong. Vi har ikkje sett Jørn bedre i en A-lags kamp,
og dermed blir det rett og rimelig at han skal bli belønna med bestemannsprisen for det.
(Bildet: Frank Sverre prøvar å gjøyme seg frå å bli markert av Rollonforsvaret..)
Når det gjelder dei bak Jørn så kunne vi valgt fleire, men vi tok den enkle løysinga idet vi gav poeng til to av matcvinnarane.
Uten strefferedninga til Toni så hadde resultatet blitt eit heilt anna, og det hadde vore stor sannsynlighet for et tap.
Fleire gode inngripenar i tillegg skal rosast. Frank Sverre Skorpen sitt 1-0 mål hadde også si viktige rolle i kampen, og var også avgjærande for kampbildet.
Frank Sverre var også involvert i andre avgjærande situasjonar.
(Bildet: Det vart endel av desse syna utover i 2.omgang.)
To spelarar med lite trening i seg bemerka seg også svært positivt. Hverken Mons Arne Kvalsvik eller Mats Inge Teige har vore med mykje iår,
men begge gjorde manns jobb mot Rollon. Trøkka til i duellane og ofra seg for laget. Vi trur dei kosa seg denne dagen. Gustav Pettersen
var som alltid også svært oppofrande. Jobba og stressa motspelarar, og var på sugande løp ut gjennom heile kampen. Midtbana fekk denne dagen beskjed om å jobbe hardt i fråværet av Geir Sandnes og Bjørnar Gundersen,
og Mats Inge Teige og Gustav Pettersen gjorde den jobben med stil.
(Bildet: Et ikkje uvant syn å sjå for forsvararar som har ballen i beina.)
Harald Haugen fekk æra av å score Bergsøymål nummer femti iår, og jubileumet kunne ikkje blitt markert med særlig finare mål.
Ja, no var det enkelte tilskuerar som vil hevde at det var eit innlegg som kom ut av bane, men dei kjenner ikkje til Haugen's målinstinkt.
Med Kvalsvik-tett midtforsvarforsvar og målfarlige sidebackar så er det ikkje sikkert at en hadde trengt så mykje meir denne dagen.
(Bildet: "Nei her skal vi ikkje ha ballen", sa Gustav..)
Med fem poeng bak opprykksplassen og tre kampar igjen så er det dei som meinar at mulighetene fortsatt er til stede.
Vi skal ikkje nekte for det, men sjansane er ganske så små. Det er berre synd å tenke på alle poengtapa på bortebane iår.
Med siger mot enten Ørskog eller Godøy, så hadde håpet våre så mykje større. Til neste helg er det Stranda som kjem på besøk,
og vi håpar å behalde den gode statistikken på heimebane. Kun Ørskog har tatt poeng frå Bergsøy heime, et unødvendig poengtap den gangen.
Det er godt å ha trygghetsfølelsen på eiga bane, og det er en følelse som blir satsa på å behalde til neste sesong.
(Bildet: Stor glede i Bergsøyleiren etter nok en heimesiger.)
Måla
Det vart berre to mål, men deilige var dei..
Spenninga
En god nerve i kampen, tett og jamnt.
Underholdning
To mål, tre raude, endel gule, og god spenning.
Totalt
Det var en herlig lagsiger på kunstgrasbana.
|
Spiller |
Posisjon |
Terning |
Mål |
|
Toni Sandanger |
Keeper |
|
- |
|
Dag Gøran Brandal |
Høgre Back |
|
- |
|
Mons Arne Kvalsvik |
Midtstopper |
|
- |
|
Jørn Kvalsvik |
Midtstopper |
|
- |
|
Harald Haugen |
Venstre Back |
|
- |
|
Håvard Remøy |
Høgre Ving |
|
- |
|
Mats Inge Teige |
Sentral Midtbane |
|
- |
|
Gustav Pettersen |
Sentral Midtbane |
|
- |
|
Anders Per Vågsholm |
Sentral Midtbane |
|
- |
|
Steffen Kvalsund |
venstre midtbane |
|
- |
|
Frank Sverre Skorpen |
Spiss |
|
- |
|
Bytter |
|
Spiller |
Av banen |
Spiller |
På banen |
|
-- |
(45) |
André Lima |
(45) |
|
-- |
(Uti 2.omgang) |
Joakim Bendal |
(Uti 2.omgang) |
|