Kampreferat
Pre-match omtale.
Etter en god sigerborte mot Norborg så kunne det være greit å slappe av med en rolig og enkel siger heime mot Stordal.
En kunne kanskje tru det iallefall, utifrå rapportar om et dårlig trent og lite teknisk lag som skulle kome på besøk til Huldalen.
Norborg.com si divisjonsvurdering plasserte også Stordal på jumboplassen i 4.divisjon, til tross for at dei ifjor hadde medgang og kapra ein opprykksplass i 5.divisjon.
Historisk sett så har Bergsøy hatt et godt tak på Stordal dei siste møta, men det har alltid vore ganske så knepne sigrar.
I 2003 måtte Bergsøy slå Stordal i Huldalen i sesongens aller siste kamp for å halde seg i 3.divisjon, den gang klarte Rune Frantsen å score kampens einaste mål.
Borte blei det rett nok en sterk 5-0 siger. I 2002 vann Bergsøy med hell 2-0 heime, mens det blei 3-2 siger borte.
(Bildet: Daniel Hatløy i farta.)
Det var et håp om at denne kampen skulle gå på Bergsøy Stadion, men en fann ut på treninga dagen før kampen at bana var i for dårlig forfatning. Det skulle bli flott vær og sol på kampdagen i Huldalen,
og Bergsøylaget mot Stordal var nesten uforandra frå Norborgkampen. Arve Kvalsvik fortsatte imål. Andreas Konningen kom inn på høgrebacken idet Terje Teige var slått ut med sjukdom og feber.
I midtforsvaret spelte då Paul Kåre Remøy og Vegard Sævik, med Jørn Kvalsvik på venstrebacken. På midtbana fortsatte Daniel Hatløy, Harald Haugen og Anders Hoff, mens Steffen Kvalsund denne gangen var satt ned på kantrolla.
På topp var Frank Sverre Skorpen og Lars Henrik Hasund. Frank Sverre var lenge usikker på grunn av ankelproblem, men blei klar til kampstart.
Kampen: Første omgang.
Bergsøy var det beste laget i den første omgangen, og skapte endel sjansar. Noko storspel var det kanskje ikkje, men det var iallfall sjeldent at Stordal skulle få kome fram på bana å skape farligheter.
No skal vi ikkje påstå at Stordal sitt mål blei bombadert av skudd, for dei gode skudda som gjekk på mål dei gjekk også inn.
Stordal sin keeper virka usikker ved enkelte situasjonar, og det var også nærme på at Arve Kvalsvik også kunne bli målscorar ved hjelp av sine lange utspel. Det skulle helst blitt spelt fram til fleire avsluttningar, men Harald Haugen var
iallfall ikkje redd for å teste skuddfoten.
(Bildet: Lars Henrik Hasund jakta på mål mot Stordal.)
Harald hadde tre gode forsøk i den første omgangen, og ett av desse ordna også 1-0. Det blei et flott skudd som gjekk i en fin bue over keeper og inn i mål.
Det var heller ikkje langt ifrå at han også skulle få mål på ett av sine andre skudd, da ballen skifta retning og gjekk like utanfor den eine stolpen.
Daniel Hatløy var nærme på å øke ledelsen da han fekk headde frå kort hold, men denne var keeper med på. Steffen Kvalsund hadde også et skudd som gjekk i krysstanga og ut, og elles hadde Bergsøy ei rekke med cornerar som ikkje gav uttelling denne gangen.
Vi må heller ikkje gløyme å nemne at Bergsøy fekk et mål annulert for offside etter at Lars Henrik Hasund hadde putta ballen imål. Det var også delte meiningar om denne avgjerdsla.
Kampen: Andre omgang.
Bergsøy sitt fokus til den andre omgangen var å kjøre på vidare for å slite ut Stordal, og for å øke ledelsen. Men det var Stordal som tok kommando frå start av, og det var Bergsøy som skulle få slite med å kome seg ut av sin eigen banehalvdel.
Om det var den slakke motvinden, eller den lave sola som gjorde at Bergsøy fekk problem vites ikkje - men etterkvart fekk også Stordal belønning i form av straffespark. Visse protestar blei det da fleire meinte fellinga skjedde utanfor 16-meteren, men dommaren var sikker i si sak.
Sjølve straffesparket var ganske så sikkert, sjølv om Arve Kvalsvik faktisk var nærme redning til tross for at han slengte seg mot feil stolpe. Ballen gjekk nemlig via den venstre stolpen før den gjekk i mål inne ved den høgre stolpen.
Så skulle også mannefallet kome, men det var hos Bergsøys eige lag at spelarane måtte skiftast. Steffen Kvalsund og Frank Sverre Skorpen var dei to første som måtte gi seg, og seinare måtte Vegard Sævik takke for seg med smerter. Og kanskje var bytta akkurat det Bergsøy trengte da laget hadde kjørd seg fast i et dårlig spor.
Friske bein skulle få laget litt høgre opp på bana, og innbyttar Mats Inge Teige var aggressiv og god da han ordna straffespark til Bergsøy. Med den faste straffetakaren Frank Sverre ute på sidelinja så var det duka for Anders Hoff fra 11-meteren, men denne blei satt utanfor den venstre stolpen.
"Kanskje like greit", blei det tenkt - ettersom Bergsøy nok ikkje fortjente meir enn det eine poenget denne kampen.
Det såg ut til å ende uavgjort, sjølv om frykta var der at Stordal skulle få noko ut av sine døballsituasjonar.
-"Dette er et lag vi burde slått 10-0 på en god dag". (Frank Sverre Skorpen)
Så var det duka for Håvard Remøy, og han hadde ikkje vore lenge på bana da han klinka ballen i en bue over keeper og inn under tverrleggaren.
Stor jubel med lettelse i Bergsøyleiren, og det var heller ikkje langt unna at samme mann skulle ordne nok et mål like etter da han snappa til seg ballen og sprang mot mål.
Om vi ser bort ifrå uryddig spel med fleire ballar i lufta, og en målsjanse Lars Henrik Hasund hadde, så har vi fått med det meste frå det som skjedde også denne omgangen.
(Bildet: Jørn Kvalsvik fintar vekk ein stordaling.)
-"-Veldig, veldig ergeleg. Denne kampen burde vi faktisk ha vunne. Vi leverer ein brukbar 2. omgang, og styrer kampen i store delar. Veldig synd med "drittmålet" rett før slutt.
Men, alt i alt vinn vel heimelaget fortent, sjansane sett under eitt". (Kommentaren til trenar Geir, tatt fra Stordal.nu)
Kampen: Oppsummering.
Det er nok fleire kommentarar frå sidelinja som som kunne blitt lagt inn i kampreferatet, for dårligare kamp enn dette skal en nok leite lengre etter.
Lagmessig var det enormt svakt, og Bergsøy klarte ikkje å finne tak i kvarandre med ballen. En skal være glad for at det ikkje fins Lundefugl i Huldalen, for da hadde dei sikkert blitt nedskotne og utrydda
av dei mange høge sparka. Samhandlinga er ein ting, men også fleire enkeltspelarar har forhåpentligvis meir å gå på. Det er vel gode lag som klarer å vinne på dårlige dager?
(Bildet: Jubel idet Håvard Remøy har ordna 2-1 siger.)
-"Vi skal være ganske fornøgde med tre poeng på en slik dag". (En kommentar som blei sagt av fleire personar)
Men det er ingen kamp uten at det finnes positive ting å nemne, og vi får heller fokusere på det. Vi kårar Arve Kvalsvik til dagens Bergsøyspelar. God i praten, tek ansvar, og feilfri i feltet. Sjanselaus på straffesparket.
I forsvar ser vi Paul Kåre Remøy vekse under ansvar, spelte en god kamp og gjekk i duellane. Ved sidan av seg hadde den alltid solide Vegard Sævik. På midtbana vann Harald Haugen mykje i lufta kampen igjennom, og scora også et flott mål.
Det sto nok imellom Harald og Arve idet bestemannsprisen skulle kårast. Anders Hoff fortsatte å ta ansvar på midtbanen, forsøkte nokre langskudd, og sto også fram da straffesparket skulle takast. Jørn Kvalsvik hadde også positive tegn frammover, og gjekk på overlappar.
Frank Sverre skal ha ros for sin innsats tross skade.
Stordal sitt lag:
Hasib Hadzalic, Rune Kvalfors, Kenneth Skrede, Hans Martin Homlong, Bert Pasop, Fehim Hadzalic, Andreas Kirkebøe, Jon Espen Joranger, Lars Eivind Joranger (Emil Staurset 80), Thomas Kirkebøe, Petter Aksel Kirkebøe
Måla
Gode mål av Harald og Håvard.
Spenninga
Kampen vippa mot begge veiar
Underholdning
Svakare kamp skal en leite lenge etter.
Totalt
Nesten berre seieren var å glede seg over.
|
Spiller |
Posisjon |
Terning |
Mål |
|
Arve Kvalsvik |
Keeper |
|
- |
|
Andreas konningen |
Høgre Back |
|
- |
|
Paul Kåre Remøy |
Midtstopper |
|
- |
|
Vegard Sævik |
Midtstopper |
|
- |
|
Jørn Kvalsvik |
Venstre Back |
|
- |
|
Daniel Hatløy |
Høgre Ving |
|
- |
|
Harald Haugen |
Sentral Midtbane |
|
- |
|
Anders Hoff |
Sentral Midtbane |
|
- |
|
Steffen Kvalsund |
Venstre ving |
|
- |
|
Frank Sverre Skorpen |
Offansiv midtbane |
|
- |
|
Lars Henrik Hasund |
Spiss |
|
- |
|
Spiller |
Av banen |
Spiller |
På banen |
|
Steffen Kvalsund |
(xx) |
Andre Lima |
(xx) |
|
Frank Sverre Skorpen |
(xx) |
Bjørnar Gundersen |
(xx) |
|
Vegard Sævik |
(xx) |
Andre Lima |
(xx) |
|
Lars Henrik Hasund |
(xx) |
Håvard Remøy |
(xx) |
|
-- |
(xx) |
Mats Inge Teige |
(xx) |
|