Kampreferat
Pre-match omtale.
Opprykkstogen hadde nok forlatt stasjonen, men det var to mål igjen som en håpte å kunne hale iland. Det første var å fortsette å vinne på heimebane
ettersom Bergsøy fortsatt var ubesigra på eige gras denne sesongen. Det andre var håpet om å ta igjen Stranda på tabellen og dermed kapre tredjeplassen.
For å ha sjansen til dette så måtte en gjære jobben med å slå Stranda i sesongens siste heimekamp.
(Bildet: Harald Haugen jaktar på ballen også utanf sidelinja.)
Før kampen var vi inne på Stranda si heimeside, og dei var fine i sine ord om Bergsøy. Bergsøy spelar ballen mykje på bakken, og
blir nok årets vanskeligaste kamp - sto det der. For Stranda sin del så måtte dei nok vinne for å fortsatt halde liv i håpet om opprykk.
Med andre ord, det var duka for en hard toppkamp der ingen av laga hadde ønske om å tape.
Kampen: Første omgang.
Skal en starte med det positive så kan vi seie at både Bjørnar Gundersen og Vegard Sævik var tilbake i startoppstillinga til denne kampen. Mons Arne Kvalsvik og Anders Per Vågsholm var derimot begge uaktuelle.
Men uansett mannskap så skal kampen spelast, og det var Stranda som kom best igang. Det tok ikkje lenge før Håkon Mikal Dalen
satte inn kampens første mål, faktisk var det ennå ikkje gått fem minutt. Et fint mål av bortelaget der Håkon fekk møte innlegget og plassere ballen imål.
Bedre angrep fekk en faktisk ikkje sett den første omgangen.
(Bildet: Mats Inge Teige var klar for nok en kamp for Bergsøy.)
Vi kan ikkje forstå at kampen var særlig sjåverdig. Bergsøy klarte ikkje å leve opp til stempelet Stranda hadde gitt laget om å være et fintspelande lag som benyttar bakken.
På heimebane iår har det vore bra spel, også tidvis borte som til dømes bortekampen mot Stranda i perioder. I denne kampen kom laget aldri igang. Det var ikkje klikk klakk. Det var ingen veggspel.
Noko av det nærmaste en kom var en hårfin offside eller to.
-"Stranda var beste laget i første halvdel av 1.omgang, heimelaget den andre halvdel før pause. Ikkje noko spesiell god forestilling, bortsett frå ein god Frank Sverre Skorpen på heimelaget.."
(Strandafotball.no sin beskrivelse av den første omgangen.)
(Bildet: Enkelte dukker og andre skriker idet ballen kjem høgt ovanfrå.)
Stranda sin beskrivelse av det første omgangen er nok grei nok. Bergsøy kom sterkare etter en dårlig første halvdel av omgangen, men klarte sjelden å presse Stranda bakover.
At BIL skulle utligne til 1-1 kom meir som en slump, og en god del dyktighet av Frank Sverre Skorpen. Slumpen var et framspel i blinde. Frank Sverre Skorpen hadde mykje igjen å gjære før han kom fram til keeper.
Dribla nokre mann og satte ballen beherska imål. En sterk prestasjon. Slik kom altså lagets einaste mål denne kampen.
Kampen: Andre omgang.
Trenar Tom Beddari kom med sannhetens ord i pausen. Han såg ingen spelarglede på bana, og det såg heller ikkje ut til å bedre seg særlig etter pausen.
Det var spelarar uten sjølvtillit. Feilpasningar. Lite fungerte. Når sant skal seiast så er Stranda et godt lag, og kampen var jamn. Det kunne raskt bikka mot siger.
Frank Sverre Skorpen og Gustav Pettersen kom aleine mot keeper et stykke ut i omgangen. Sistnemnde fekk pasninga, men klarte ikkje å sette ballen bak Stranda sin keeper.
Med mål der så hadde det kanskje sett annaleis ut tilslutt.
(Bildet: Bjørnar Gundersen sett seg ned og spelar luftgitar under et strandaangrep.)
Bergsøy hadde kanskje en sjanse eller to til, og Stranda hadde nok ikkje så altfor mange dei heller. Det meste skjedde
på midten eller i lufta. Fleire spelarar kom ikkje opp imot sitt beste. Personlig minte det om bortekampen mot Åram/Vankam i 2001, en kamp
daværande trenar Jørn Magnussen kommenterte som den dårligaste hittil det året. Det var like lite som blei utretta på venstrekanten den gangen som i denne kampen.
Banens desidert beste spelar hadde derimot full kontroll, og det var dommaren Øystein Ytterland. Et virkelig dommertalent.
(Bildet: -"Du må vite kven som er sjefen utpå her".)
Erlend Langelo, forøvrig 16 år og banens yngste deltaker, blei matchvinnar med sitt mål mot slutten av kampen. Det var en ball som kom fra kanten og over dei fleste før den etterkvart blei kriga
også over streken. Bergsøy kom seg aldri nærme ei utligning, og Stranda vann nok fortjent - kanskje. Det var iallfall dei som ville mest.
(Bildet: Så glad kan en bli om en slår Bergsøy i Fosnavåg.)
Kampen: Oppsummering.
Bergsøy var ikkje på hugget, og var ikkje på det nivået som var nødvendig for å slå Stranda. Det var rett og slett tamt. På
den andre sida så var det ein jamn kamp, og Stranda vann kanskje tilslutt fordi dei hadde det lisje ekstra å spele for. Stranda spelte for håpet om opprykk,
og kan fortsatt leve i håpet. Bergsøy spelte for å behalde både heimestatistikken og for å behalde æra. Det gjekk ikkje.
(Bildet: Det hemmelige våpenet er klar for å bli kasta ut i krigen.)
To kampar gjennstår, og begge er borte. Sunnylven først, så Stordal. Om ikkje laget tek tilstrekkelig med poeng så kan det bli ei plassering rundt 6.plassen på tabellen.
Bergsøy står i fare for å bli tatt igjen av Ørskog. Ørskog og Stranda er forøvrig dei to laga som Bergsøy ikkje har klart å slått iår. Vi må nesten grattulere dei.
For en ting er sikkert: Vi skal ikkje ta æra vekk ifrå hverken Ørskog eller Stranda. Dei har spelt godt mot Bergsøy iår, og fortjent dei poenga dei har fått.
(Bildet: Frank Sverre har somregel en eller to mann på seg...)
Bergsøy har tabellposisjonen å spele for. Samtidig startar en nok å sjå mot neste år. Om en ikkje klarte å rykke opp iår,
skal vi klare det neste år?
Måla
Frank scora på en fin prestasjon.
Spenninga
Det var ein jamn kamp.
Underholdning
Dårligaste underholdninga heime iår.
Totalt
Ganske svak prestasjon av Bergsøy
|
Spiller |
Posisjon |
Terning |
Mål |
|
Toni Sandanger |
Keeper |
|
- |
|
Dag Gøran Brandal |
Høgre Back |
|
- |
|
vegard Sævik |
Midtstopper |
|
- |
|
Jørn Kvalsvik |
Midtstopper |
|
- |
|
Harald Haugen |
Venstre Back |
|
- |
|
Håvard Remøy |
Høgre Ving |
|
- |
|
Mats Inge Teige |
Sentral Midtbane |
|
- |
|
Gustav Pettersen |
Sentral Midtbane |
|
- |
|
bjørnar Gundersen |
Sentral Midtbane |
|
- |
|
Steffen Kvalsund |
venstre midtbane |
|
- |
|
Frank Sverre Skorpen |
Spiss |
|
- |
|
Bytter |
|
Spiller |
Av banen |
Spiller |
På banen |
|
-- |
(Uti 2.omgang) |
Fredrik Muren |
(Uti 2.omgang) |
|
-- |
(Uti 2.omgang) |
Joakim Bendal |
(Uti 2.omgang) |
|
-- |
(Uti 2.omgang) |
Karl Bjarte Vike |
(Uti 2.omgang) |
|