Kampreferat 2007:

Sendte Stordal ned

Stordal - Bergsøy 0-2 (0-0)


Frank Sverre Skorpen (64), Harald Haugen (76)

Laurdag den 13.September 2007
Kirkebø stadion (kunstgras)

Bjørnar Gundersen

Jan Helge Lund

25 tillskoderar


Vedlegg til kampen

Ingen vedlegg ennå til denne kampen
Kampreferat

Pre-match omtale.

Stordal burde helst vinne for å ha håp om å unngå nedrykk, mens Bergsøy burde vinne for å ha håp om å ende på 4.plassen på tabellen. Sånn sett kan en nok seie at Stordal hadde mest å spele for, og det faktum at dei slo Godøy heime burde være varsko nok på at dette ikkje kom til å bli ei enkel oppgave for Bergsøy. Bergsøy på si side mangla Gustav Pettersen i si lagoppstilling, men hadde til gjengjeld en frisk og opplagt Karl Bjarte Vike til å ta over det defansive midtbaneansvaret.


(Bildet: Vegard, Harald og Toni held tett i forsvar.)


Det var spenning både i topp og botn på tabellen foran denne siste serierunda. Rollon, Godøy og Stranda kjema om dei to opprykksplassane, mens Ha/No og Stordal kjempa om å ikkje ende sist på tabellen. Alle andre lag på tabellen kjempa stort sett berre om tabellposisjon og ære, som foreksempel Åram/vankam som ønskte å vinne sin kamp i håp om å ende over Larsnes/Gursken på tabellen.


(Bildet: Bjørnar, Vegard og Harald ventar på ballen.)


Kampen: Første omgang.

Det hadde gått endel år sidan sist vi besøkte Stordal. Det var tilbake i 2002 at Bergsøy vann 3-2 på grasbana etter scoringar av Rune Frantsen, Roy Igesund og Steffen Kvalsund. Tida har forandra seg, og grasbana hadde blitt erstatta av kunstgras. Bergsøylaget har forandra seg og divisjonen er ein anna, men elles kjente vi oss igjen inne i Stordalen. Og heimelaget ønskte Bergsøy velkommen ved å være best i den første omgangen. Vi såg heit klart til sjansane for å kunne spele ut Stordal, men var ikkje gode nok til å utnytte rom og muligheter til det i den første omgangen. Etterkvart som Stordal kom nærmare og nærmare mål, høyrde vi også et rop på sidelinja om at "vi nærmast ba om" å ligge under.


(Bildet: Vegard går opp i en duell.)


-"Det er aldri kjekt å sende lag ned ein divisjon."
(Tom Beddari i en kommentar til Stordal.)


(Bildet: Stordal var best i den første omgangen.)


Bergsøy spelte veldig enkel fotball i den første omgangen. Spelemønsteret repiterte seg ofte ved at Paul Kåre Remøy fekk ballen på høgrebacken, og han såg etter løysingar lengre framme på bana. Stordal skal ha sin del av skrytet for at Bergsøy ikkje var meir oppfinnsomme, dei stengde det meste av rom som var sentralt. Indreløparane fekk sjeldan mulighet til å føre med seg ballen i lengderetninga. Karl Bjarte Vike viste fram overblikk og flikkar, men laget skapte aldri gode angrep på den siste tredjedelen av bana. Det var Stordal som var ganske nærme, og ein ball meinte dei også var over streken. Det meinar ikkje vi, men nærme var det. Stordal hadde uflaks, og Toni Sandanger i Bergsøyburet hadde en god dag.


(Bildet: Karl Bjarte Vike flikka ballen fint vidare på midtbana.)


-"Både publikum og spelarane jubla for scoring, då Jahn Morten tilsynelatande nikka inn 1-0 etter hjørnespark. Men, linjemannen markerte aldri for scoring, og dermed fekk Bergsøy måka ballen unna - og Stordal vart snytt for mål. Store protestar hjalp ikkje, dommar Jan Lund måtte vinke spelet vidare.."
(Stordal.nu i ein kommentar om den første omgangen.)


(Bildet: Toni SAndanger hadde gode klyper denne kampen.)


Kort sagt så var det igrunnen en ganske pinlig omgang det Bergsøy presterte. Det offansive spelet var fråværande. Nokre halvsjansar kom, og Frank Sverre prøvde seg på nokre langskudd uten å treffe målet. Steffen Kvalsund kunne også scora på bakerste stolpe etter at Stordal sin keeper feilberegna et overlegg, men Kvalsund hadde ingen stor dag på venstrekanten. På høgrekanten var det Dag Gøran Brandal som spelte, men midtbana totalt sett hadde problemer med å kome høgt opp i bana. Frank Sverre ropte på ballen oppe i spissposisjon, men det var vanskelig å finne han med fleire Stordalspelarar mellom han og Bergsøy si midtbane.


(Bildet: Steffen Kvalsund sitt eine løp den første omgangen.)


Kampen: Andre omgang.

Bergsøy skjerpa seg litt etter pause, og det blei skapt fleire sjansar. Etterkvart kom Håvard Remøy inn på høgrekanten, og dette satte også meir fart inn i laget. Dag Gøran Brandal kom etterkvart inn på bana igjen som spiss i 4-4-2 system, og dette førte også til at Stordal fekk meir trykk imot seg. Bergsøy jobba seg nærmare ei scoring etterkvart, og både Dag Gøran Brandal og Frank Sverre Skorpen hadde kvar sin store sjanse til å gi laget ledelsen. På dette tidspunktet kunne det nesten virke som at dette var dagen der ingen skulle score mål. Men så har Bergsøy en storscårar i sine rekker. Frank Sverre Skorpen har scora i nesten alla kampane i årets sesong, og han skulle gjere det igjen. Det var ikkje den mest opplagte sjansen han skulle score på, men keeperen klarte ikkje å forhindre at skuddet mot nermaste stolpe skulle snike seg over mållinja. Vi tenkte først at det var ei heldig scoring, men skuddet kom nok kjappt på keeperen i den situasjonen.


(Bildet: Her startar Steffen å bli skeptisk idet han ser en forsvarar kome imot.)


Stordal fortjente poeng, og vi trur nok dei hadde hatt store sjansar til å vinne mot et relativt uinspirert Bergsøylag om dei hadde score det første målet. Det var uheldige som ikkje klarte å utligne, og berre Magne Havnen og Toni sandanger hindra baklengs på målstreken idet stordal hadde sine gode forsøk. Det ville seg berre ikkje. Trist for dei, som var avhengig av poeng for å overleve i 4.divisjon ettersom Ha/No hadde kurs mot poeng i sin kamp. Bergsøy kunne likevel på ingen måte tenke på kva motstandaren trengte av poeng, og Harald Haugen punkterte kampen idet han headda inn 2-0 rett ifrå corneren til Håvard Remøy.


(Bildet: Anders-Per sett inn ei tackling.)


Harald Haugen fekk opleve å ha både målgivande til Frank Sverre, og æra av å punktere kampen. Heilt punkterte var ikkje Stordal før sluttsignalet gjekk, men då var pusten ute av dei. Bergsøy på si side hadde avansert en plass på tabellen, forbi Herd og opp til 4.plassen. Ha/No hadde greidd å passere Stordal, og dei er avhengige av hjelp frå 3.divisjonslaget Skarbøvik for å halde seg i 4.divisjon. Skarbøvik må slå Træff i kvalifiseringa til 2.divisjon for at Ha/No skal halde seg.


(Bildet: Bjørnar Gundersen jaktar på ballen.)


-"Ein skuffa og nedslått gjeng etter kampen. At det kom nedslåande meldingar frå Longva hjelpte ikkje på humøret... Stordal er klar for 5.divisjon! Vanskeleg også for trenar Geir Arne Pedersen å gje trøyst i ei slik stund..."
(Stordal.nu i ein kommentar om følelsen etter kampen.)


(Bildet: Frank Sverre Skorpen scora ett mål denne kampen også.)


Kampen: Oppsummering.

Så var denne sesongen over. Bergsøylaget klarte aldri å halde oppe den store kvaliteten i spelet sitt etter at dei var ute av opprykkskampen, og dei tre siste kampane har vore prega av dette. Fint var det likevel å avslutte sesongen med en siger, slik at en både har en god følelse å ta med seg både til avsluttningsfest og til neste sesong.


(Bildet: Dag Gøran Brandal spelte en ny kamp i den kvite drakta..)


Stordal stilte med dette laget: Ole Andrè Vidhammer, Kristian Henden Dahl, Kenneth Skrede (Joranger 80), Hans Martin Homlong (Skrede 84), Bert Pasop,Thomas Kirkebøe, Andreas Kirkebøe, Jon Espen Joranger, Sindre Holtleite (Arnstein Storås 64), Jahn Morten Overå, Petter Aksel Kirkebøe


(Bildet: Fredrik Muren kom inn i løpet av kampen..)


-"Den elendige bortestatistikken er årsaka til at vi idag ikkje er i 3.divisjon. Vi får analysere sesongen, og kalle inn styret og sportslig utvalg for å også legge strategien til neste år. Periodevis har vi hatt altfor tynn stall, og har måtte funne "nødløsningar" grunna skade.."
(Tom Beddari i kommentar til vestlandsnytt.)


(Bildet: Frank Sverre Skorpen i en av sesongens siste duellar..)


Måla
Frank og Harald scora bra mål.
Spenninga
Ville Stordal score først?.
Underholdning
Svak kamp etter vår meining.
Totalt
Bergsøy vann på en dårlig dag.

 Spillere
 Spiller  Posisjon  Terning  Mål
  Toni Sandanger    Keeper        -
  Paul Kåre Remøy    Høgre Back        -
  vegard Sævik    Midtstopper        -
  Magne Havnen    Midtstopper        -
  Harald Haugen    Venstre Back        -
  Dag Gøran Brandal    Høgre Ving        -
  Anders-Per Vågsholm    Sentral Midtbane        -
  Karl Bjarte Vike    Sentral Midtbane        -
  bjørnar Gundersen    Sentral Midtbane        -
  Steffen Kvalsund    venstre midtbane        -
  Frank Sverre Skorpen    Spiss        -
 Bytter
 Spiller  Av banen  Spiller  På banen
  --   (Uti 2.omgang)     Håvard Remøy    (Uti 2.omgang)
  --   (Uti 2.omgang)     André Lima    (Uti 2.omgang)
  --   (Uti 2.omgang)     Mads Sævik    (Uti 2.omgang)
  --   (Uti 2.omgang)     Fredrik Muren    (Uti 2.omgang)






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat