Kampreferat 2007:

Utspelt av naboen

Larsnes/Gursken - Bergsøy 3-0 (1-0)


Torsdag den 3.Mai 2007
Gursken grasbane

Lars Henrik Hasund

Hatlehol ,

Lars Henrik Hasund

: Vegard Sævik (lyske), varma opp - spelte ikkje. : Antoni Goksøyr


Vedlegg til kampen


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Tabellen

Kampreferat

Pre-match omtale.

Så var det klart for tredje serierunde. Bergsøy sto med full pott etter to kampar, mens Gursken/Larsnes hadde to knepne tap mot dei forventa topplaga Rollon og Godøy å vise til. Det skulle ikkje være noko å tvile på at Gursken/Larsnes no ville være i utfordrarposisjon desperate etter sine første poeng, men heller ikkje Bergsøy var så fornøgde med sin seriestart til tross for sine to sigrar. Bergsøy hadde gjennomført en uvanlig svak kamp heime mot Stordal, og hadde ønske om å få vise seg fram frå ei bedre side i denne kampen.


(Bildet: Kaptein Frank Sverre hilser på motstandaren foran kampen.)


Anders Helsem Hoff måtte melde avbud til denne kampen ettersom han blei pappa til ein gut berre dagar i forveien. Magne Havnen blei heller ikkje med på grunn av skade. Vegard Sævik varma godt opp før kampstart i håp om å ikkje kjenne lyskesmertene sine, men måtte kaste inn håndkleet og deltok ikkje i kampen heller han. Dette medførte til endel forandringar i Bergsøylaget, både med mannskapsskifte og formasjon sidan sist kamp. Arve Kvalsvik starta imål, med Harald Haugen, Paul Kåre Remøy, Terje Teige og Jørn Kvalsvik foran seg i forsvarsrekka. På midtbana hadde Mats Inge Teige rolla som et defansivt anker bak Lars Henrik Hausund og Bjørnar Gundersen, mens Daniel Hatløy og Steffen Kvalsund besatte kantrollene. På topp var kaptein Frank Sverre Skorpen einslig spiss.

Kampen: Første omgang.

Det var ein jamn start på kampen uten at nokon av laga kom til sjansar. Forsvara dominerte, ilag med duellane og midtbanekrigen. Frammover med Bergsøy blei det nokre forsøk på innlegg eller gjennomspel, men det blei sjelden eller aldri at det blei avsluttning mot mål ut av det. Bergsøy sin første store sjanse kom etter innlegg fra høgre, der Lars Henrik Hasund dukka opp på bakerste stolpe. Keeper var utspelt og Lars rakk ballen akkurat med hodet, men klarte ikkje å styre headdinga under stolpen. Og det var i denne midtperioda av omgangen at det meste skulle skje på kort tid, for like etter var det Gursken/Larsnes som skulle score kampens første mål.


(Bildet: Jørn Kvalsvik markerer.)


Bergsøyleiren ville ha både eitt og to frispark idet Alf Marius Grønnevik hos heimelaget kjempa til seg ballen i duell mot Paul Kåre Remøy og Arve Kvalsvik. Arve redda det første avsluttningsforsøket, men klarte ikkje å forhindre at Grønnevik skulle få sette ballen imål på det andre forsøket. Heimepublikummet kunne juble for 1-0, mens Bergsøy sto fortvilte tilbake etter å ha fått et mål imot etter ein situasjon som ikkje burde være farlig.


(Bildet: Mats Inge Teige starta kampen som et defansivt anker.)


Like etter at Gursken/Larsnes hadde scora 1-0 så kom Bergsøy seg fram til sin aller beste målsjanse gjennom heile kampen. Frank Sverre Skorpen frispelte Bjørnar Gundersen aleine med keeper ved hjelp av et lurt hælspark, men sisteskansen hos heimelaget hadde ein feilfri kamp - og fekk slått ballen unna. Heller ikkje returforsøka skulle ende i anna enn avklarering, og nærmare mål skulle Bergsøy ikkje klare å kome denne dagen.

-"Ej synst vi fekk en ok start,men ette kvart va d Gursken/Larsnes vann so å sei alle duellane resten ta kampen. Satse på d kjem sej til neste kamp heime mot HaNo neste laurdag..". (Frank Sverre Skorpen)

Kampen: Andre omgang.

Den andre omgangen var knapt igang da heimelaget fekk øke ledelsen til 2-0, og også dette målet skulle være av den omdiskuterte arten. Bergsøy hadde avklarert etter et angrep frå heimelaget, men ballen blei feid tilbake til målområdet. Alle BIL-forsvararane sto stille og brydde seg lite om ballen, ettersom dei venta på at dommaren skulle dømme offside på dei 2-3 heimespelarane som sto i offsideposisjon da ballen blei spelt. Slik skulle det derimot ikkje gå, og dermed fekk Tor Arne Dyrhol bruke all den tid han ville til å sette ballen imål bak Arve Kvalsvik.


(Bildet: Gursken/Larsnes økte til 2-0 kort tid ut i 2.omgang.)


Den første omgangen i kampen var ganske jamnspelt, men Gursken/Larsnes fekk gjere nesten som dei ville etter pausen. Det sure sett med Bergsøyauge kan være at begge måla trulig burde våre annulerte, og at kamputfallet såleis kunne ha vore eit anna. Bergsøylaget er bra når spelet flyt, men idet det kjem mål imot så sprer både panikken og langpasningane seg innad i laget. Det hjelp då lite at dei på tribunen kunne bekrefte at det andre målet burde blitt annulert for klar offside, for resten av kampen var det berre eitt lag som klarte å spele fotball på den flotte grasmatta.


(Bildet: Harald Haugen lurer på kva linjedommaren styrte på med, mens Steffen Moltu applaurerer avgjerelsen.)


Vi må nemne at det var flotte speleforhold denne dagen, og grasbana var eit sjeldant flott syn med tanke på korleis andre grasbaner i området var, inkludert Bergsøy Stadion. Fint vær var det også, og publikum hadde samla seg oppe i skråninga for å heie på sine respektive lag. Heimelagets speaker gjorde også sitt til at publikum skulle føle seg heime, frå en innlevelsesaktig opplesning av startoppstillingane, og til kampen var ferdig og at han fekk lov å takke for ein underholdande kamp. Han må ha takka heimelaget, for Bergsøy gjennomførte alt anna enn noko som kunne kallast underholdande. Verre skulle det bli da laget blei redusert til 10 mann etter at Lars Henrik Hausund fekk sitt andre gule for dagen.

-"Bergsøy var overraskende tamme, og skapte ikke mange mulighetene, bedre ble det ikke etter at en av spillerene til Bergsøy fikk sitt andre gule av dommer Hatlehol, og dermed en tidlig dusj.". (Gursken/Larsnes heimeside gl-fotball.com)


(Bildet: Lars Henrik Hasund fekk sitt andre gule kort for dagen.)


I 2.omgang skulle Bergsøy spele 4-4-2, med Frank Sverre Skorpen og Gustav Pettersen på topp. Med høgre press kunne det kanskje skapast fleire sjansar. Utvisninga førte til at Bergsøy straks var nede i tre mann på midtbana, i motsetning til 5 slik det var da kampen starta. Dette førte til at Frank Sverre Skorpen måtte trekke lengre ned på bana, men heimelaget fekk likevel nok rom til å leike seg mot stadig meir frustrerte Herøyveringar. Steffen Moltu vann det meste i lufta, og den tidligare Bergsøyspelaren fekk også kose seg med ballen i beina. Der heimelagets spelarar trilla ballen og sprudla av speleglede, så virka det ikkje som at Bergsøyspelarane var så glade i ballen.

-"Vi skal ikkje svartmale situasjonen helt, men selfølgelig e d skuffande å tape 3-0 i et nabooppgjer. Men Gursken/Larsnes e et bra lag å vi må berre stikke fingeren i jorda. D e hard jobbing so skal til for å få poeng, d må vi snart forstå, viss ikkje vil vi få problem mot monge ta laga i 4 div.". (Frank Sverre Skorpen)


(Bildet: Bjørnar Gundersen, Daniel Hatløy og Frank Sverre Skorpen fekk nok å tenke på.)


Bergsøyspelarane blei både psykisk og fysisk slitne av å springe imellom, og heimelaget skulle også få ei endelig punktering av kampen mot slutten av omgangen. Debutant på Bergsøylaget Antoni Goksøyr hadde kome inn på venstrebacken, og avklarerte ein farlig situasjon. Ballen kom imidlertid tilbake i feltet igjen, og innlegget blei satt imål frå kort hald til 3-0. Faktisk skal Bergsøy seie seg fornøgde i at heimelaget ikkje fekk fleire mål, og at ingen av dei to stolpeskudda bak Arve Kvalsvik skulle gå stolpe inn istadenfor stolpe ut. Offansivt med Bergsøy klarer vi ikkje huske nokon stor sjanse som er verdt å nemne. Heimelagets forsvar og keeper hadde ein god dag på jobben.

Kampen: Oppsummering.

På Bergsøy holdt vi ein knapp på hardarbeidande Lars Henrik Hasund som lagets beste, men det røde kortet blei ein strek i regninga. Det første gule kortet, som kom i første omgang, var kanskje ikkje verdens klaraste. Det andre gule kortet kom etter ei alt for hard tackling, der Gursken/Larsnes sin spelar unnslapp kontakt ved å hoppe vekk. Etter kampen mot Stordal kunne vi trekke fram endel positive tegn sjølv etter ein dårlig kamp, de blir verre denne gangen. Mats Inge Teige har storspelt på B-laget dei siste ukene, og sto på kampen ut på sentral midtbane for A-laget denne gangen. Det største lyspunktet er at Bergsøy til tross for varierande spel hittil i sesongen er heilt oppe i tetsjiktet, berre poenget bak den eine av to opprykksplassar til 3.divisjon.

-"I lokaloppgjøret mot "storebror" Bergsøy, vant Larsnes/Gursken 3-0 (1-0). Måla vart satt inn av Alf Marius Grønnevik, og Tor Arne Dyrhol (2). ". (Gursken/Larsnes heimeside gl-fotball.com)


(Bildet: Steffen Moltu var en av kampens beste spelarar, og var sterkt delaktig å føre Gursken/Larsnes til siger mot sin gamle klubb Bergsøy..)


Måla
Sure og unødvendige mål imot.
Spenninga
Bergsøy skapte ingen store målsjansar
Underholdning
Speakeren takka iallfall for god underholdning.
Totalt
God kamp av Gursken, dårlig av Bergsøy.

 Spillere
 Spiller  Posisjon  Terning  Mål
  Arve Kvalsvik    Keeper        -
  Harald Haugen    Høgre Back        -
  Paul Kåre Remøy    Midtstopper        -
  Terje Teige    Midtstopper        -
  Jørn Kvalsvik    Venstre Back        -
  Daniel Hatløy    Høgre Ving        -
  Mats Inge Teige    Sentral Midtbane        -
  Bjørnar Gundersen    Sentral Midtbane        -
  Lars Henrik Hasund    Sentral Midtbane        -
  Steffen Kvalsund    Venstre midtbane        -
  Frank Sverre Skorpen    Spiss        -
 Bytter
 Spiller  Av banen  Spiller  På banen
  Steffen Kvalsund  (35)    Gustav Pettersen    (35)
  Frank Sverre Skorpen  (xx)    Andre Lima    (xx)
  Daniel Hatløy  (xx)    Antoni Goksøyr    (xx)
  Jørn Kvalsvik  (xx)    Thomas Voldsund    (xx)






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat