Kampreferat
Pre-match omtale.
Etter to kampar og eitt poeng var Bergsøy ivirge på å kome på rett kurs med en siger, men Åram/Vankam hadde i tidligare
møter vist seg som et spelande og godt teknisk lag. Det var på ingen måte duka for ei undervurdering av Åram, og laget forventa tøff motstand mot et lag som tidligare hadde slått Bergsøy oppe på Høddvoll kunstgrasbane.
Bergsøy måtte denne gangen klare seg uten suspanderte Frank Sverre Skorpen, feriereiste Harald Haugen, samt skadde spelarar som Anders Hoff og Terje Teige. På mange måtar ei sentrallinje ute av spel.
Men på den positive sida var Vegard Sævik klar til å ta over midtbanerolla, mens Frantz Frantzen no endelig blei speleklar for gamleklubben sin og starta kampen på spissplass.
(Bildet: Oppvarming under flotte forhold)
Kampen mot Åram/vankam kan nok kallast et lokaloppgjær, sjølv om det er både ferge og "stor" avstand mellom laga. Åram/Vankam er normalt sett
ett lag Bergsøy møter kvart år til treningskampar, og det blir en viss rivalisering om å være det beste laget i området. Det har imidlertid gått nokre år sidan sist laga møttest, og sist laga spelte tilsvarande oppgjer
det var i 2-2 kampen i 2001 der Martin Molnberg og Frank Sverre Skorpen sto for måla. På heimebane dette året vann Bergsøy 3-0.
Tilbake til årets kamp. I mål starta Arve Kvalsvik, og forsvaret besto av Thomas Voldsund på høgreback, Paul Kåre Remøy og Mons Arne Kvalsvik i midtforsvaret, og Jørn Kvalsvik på venstrebacken.
På kantane er det fleire som kjempar om plassane, og denne gangen var det Håvard Remøy og Steffen Kvalsund som besatte kvar sin vingposisjon. Sentralt på midtbana skulle Bjørnar Gundersen fortsette å krige i si offansive frie tacklingsrolle, mens Vegard Sævik tok over "Anders-rolla" defansivt.
På topp starta Frantz Frantzen og Gustav Pettersen.
(Bildet: Vegard Sævik med trenarduoen bak seg)
Vi tek også med Åram/vankam si lagoppstilling:
Geir Berge, Trygve Norhagen, Ole Theodor Hovden, Asbjørn Støylen, Elling Flister (Bjørn Ove Åland), Sigve Støylen (Steinar Lade), Stig Ronny Kragseth, Martin Ekremsæter, Erlend Larsen (Henning Støylen), Trond Helge Takset, og Ole Per Kragset.
Kampen: Første omgang.
Det var flott vær, og grasbana var etter vår meining i like strålande form. Det tok litt tid før spelarane strålte like mykje, men Bergsøy var hakket kvassare enn Åram/Vankam i starten.
Et litt passivt Åramlag kom ikkje skikkelig inn i rytma, og det føltest ut som at Bergsøy delvis lykkast i å føre kampen inn i sitt spor ved å halde ballen høgt oppe i bana.
Det blei både en og to cornerar til Bergsøy, og vi kan kanskje notere en halvsjanse som følge av ein av desse cornerane - men Bergsøy kjem for sjeldent til avsluttning på mål som følge av døballar.
Skudd på mål blei forsøkt, men keeper hadde god kontroll på det meste som kom.
(Bildet: Dommertrioen er klare til dyst)
Bergsøy fortsatte å utvikle spelet frå brukbare opningsminutt til å ta over meir den dei neste ti minutta. Og belønninga skulle kome
idet Gustav Pettersen fekk skyte frå 16 meters hold over keeper og imål etter omtrent 15 minutt. Et fint mål av goalgetteren, og Bergsøy var oppe i ledelsen laget var ute etter.
Angrepsspelet til Åram/Vankam var tidvis enkelt, men ikkje dermed sagt at det alltid var enkelt å stoppe.
Sjølv kor lenge en pratar om å stoppe Ole Per Kragset så er det ikkje enkelt å stoppe en tanks i farta. En ball i bakrommet såg ut til å føre til mål til heimelaget, men Arve Kvalsvik slengte seg og hadde kampens store redning.
Det skulle bli meir Åram etter Bergsøy sitt mål, men vi er ikkje heilt einige i Åram/Vankam sin versjon om at laget burde leia med etpar mål til pause.
(Bildet: Tre tøffe karar observerar frå sidelinja)
-"Vi burde ha skaffa oss eit skikkeleg forsprang i første omgangen, for då spelte vi periodevis svært bra.". (Åram/vankam oppmann Per Halsebakke)
Det såg ut til at heimelaget skulle kome inn i kampen igjen som følge av Bergsøyklumseri etter 28 minutt. Ballen rulla inne i Bergsøy sitt målområde og Arve Kvalsvik ropte og slengte seg etter ballen. En forsvarar prøvde imidlertid å klarere ballen samtidig, og ballen spratt vidare til ein Åramspelar som i forvirringa blei felt for å unngå baklengs.
Om sjølve situasjonen som førte til straffesparket var delvis komisk, så må vi innrømme at vi hadde større grunn til å more oss over sjølve straffesparket.
Ole Per Kragset var klar til å sende Åram/Vankam tilbake i kampen, men straffesparket endte i den høgre stolpen. Arve Kvalsvik hadde slengt seg etter ballen og låg nede ved stolpen idet en annan Åramspelar skulle breiside ballen inn for ope mål, men ballen skrudde seg utanfor den venstre stolpen.
Det blei lite tid til jubel, kanskje fordi Bergsøy var noko rysta og "skjelvne" etter denne opplevelsen. Bergsøy blei straffa allereie på det påfølgande utspelet, og Ole Per Kragset fekk sjansen til å revansjere seg.
Godt løp, god vending, og ballen endte opp i nettaket til 1-1. Laga var like langt.
(Bildet: Karane klare til kamp)
Innsatsen og spelet Bergsøy presterte i den første omgangen var tidvis oppløftande, iallfall om en skal sammenligne det med den andre omgangen.
Før pausen var Bergsøy vesentlig flinkare til å halde ballen innad i laget, og dermed også flinkare til å halde ballen unna farlige områder.
Arve Kvalsvik har tatt gode steg iår, og har blitt sikrare i feltet. Hittil i sesongen har han kanskje vore den spelaren som har prestert jamnast og sikrast av alle.
Jørn Kvalsvik måtte bli bytta ut i den første omgangen grunna pusteproblem, og inn kom Andreas Konningen. Mons Arne Kvalsvik og Paul Kåre Remøy tok seg av det meste som kom deira veg, men fekk nokre problem idet
rutinerte Kragset lurte seg inn i bakrommet ved enkelte høve. Kragset sine vendingar med mann i rygg kan også være et studie for seg sjølv.
Frammover jobba Frantz Frantzen og Gustav Pettersen bra, samtidig som Bjørnar Gundersen var flink til å gå på løp bak stussane til Frantz.
Håvard Remøy var også svært frisk, og var uredd i sine utfordringar mot heimelagets back.
(Bildet: Arve Kvalsvik er etter straffesparket som ender i stanga.)
Bergsøy skulle gå til pause med 2-1 ledelse etter at godt angrep fra høgre. Ballen endte hos sterke Frantz Frantzen, og han sendte ballen vidare til venstrekant Steffen Kvalsund.
Steffen såg sin sjanse til å sende ballen i det lengste hjørnet ved første ballberøring, og høgrefoten svikta ikkje.
Dette var berre få minutt etter Åram sitt utligningsmål, og et viktig psykologisk mål.
-"Nok ein gong satte ein bergsøy-spelar ballen mesterleg i mål frå kring 16 meter. Skuddet gjekk rett i motsatt kryss og sørga for at bortelaget leia litt heldig til pause." (Åram/Vankam si heimeside sitt syn på saka)
(Bildet: Mellomfornøgde Bergsøykarar går til pause med 2-1 ledelse.)
Kampen: Andre omgang.
Fotball er fortsatt fotball, og alt kan skje. Bergsøy hadde den gode ledelsen, men Åram/vankam skulle ikkje bruke lang tid uti 2.omgang før dei hadde utligna til 2-2.
Et frispark frå høgrekanten til Åram blei slått hardt og presis mot den bakerste stolpen, og ballen blei møtt og sendt kontant i mål frå kort avstand.
Dei neste førti minutta av kampen var ikkje alltid like velspelt, og blei ofte meir prega av hardtarbeidande kjemping og kriging. Det var likevel god spenning og nerve i kampen,
sjølv om ikkje ballen alltid gjekk langs bakken. Bergsøy kom seg til tider opp i angrep, men det blei sjeldan gode avsluttningar ut av det.
Unntaket var Bjørnar Gundersen sitt gode lobbforsøk som gjekk over keeper og i undersida av stolpen, og returen var det desverre Åramforsvaret som kom først på.
(Bildet: Vegard Sævik går i en duell)
-"Ej trur vi vil inni oss.". (Frantz Frantzen sin kommentar til kampen)
Bergsøy var etter pause ikkje like dyktige til å halde på ballen, og det blei brukt meir krefter på å springe imellom.
Likevel var det noko daft og slapt over tempoet. Bergsøy hadde også større problemer med å avklarere skikkelig, og Åram fekk feste seg meir på Bergsøy sin banehalvdel.
Det var ikkje alltid like lett å vite kvar klareringane skulle endte, om det var fram, bak eller til sides.
Idet dommaren blåste av kampen så var det ei viss skuffelse over å ikkje vinne denne kampen. Dette var eit Åram/Vankam som Bergsøy raskt kunne slått.
Med ettertanke på endel situasjonar så var Bergsøy heldige tilslutt, for Åram var hakket kvassare i den siste tredjedelen etter pausen.
(Bildet: Kantspelarane Steffen Kvalsund og Håvard Remøy)
Åram/Vankam fekk ett mål blei annulert for offside, og dei var også ueinige om ein annan offsidesituasjon som dei meinte var avgjerande.
I tillegg var det spesielt ein sjanse som utrulig nok blei bomma på, der ballen endte i tverrleggaren før den blei sleiva utanfor. Med mål til Åram der, så hadde det vore vanskelig for Bergsøy
å kome tilbake i kampen. Det endte likevel 2-2 i en fairspelt kamp, og der kampens eine gule kort blei utdelt til Frantz Frantzen etter ei hard sklitackling som følge av litt frustrasjon etter en dytt i feltet.
Dommaren hadde ingen tankar om å dømme straffe til Bergsøy etter Frantzens gjentatte rop om "dytt, dytt", men var rask frampå med det gule kortet berre sekunder seinare. Tacklinga traff rett nok ballen, men vi benyttar anledninga til å berømme dommartrioen for noko vi meinar var ein godt dømt kamp.
-"Stig Ronny Kragseth traff tverrliggar og stolpe, Erlend Larsen var nærme, det samme var Sigve Støylen og Martin Ekremsæter. Henning Støylen fekk også ballen i mål, men desverre for ÅVK vinka assistentdommar Kaldhusæter med flagget og målet blei annulert. Dei fleste andre på Eidsåvoll meinte dette var feil, og målet burde vore godkjent." (Åram/Vankam si heimeside)
(Bildet: Et anna bilde frå denne dagen)
Ett poeng borte mot Åram/Vankam er i seg sjølv hverken suksess eller katastrofe. Greit var det for Bergsøy å igjen få poeng på bortebane etter nokre dårlige kampar på utebane.
Åram ligg no ganske midt på tabellen med en siger, en uavgjort og to tap på heimebane. Bergsøy ligg på ein foreløbig femteplass, mens dei to topplaga Herd og Godøy dreg litt ifrå.
På heimturen frå Åram var det fleire som fekk seg ein skrekk inne i tunellen i Myrvåg da en trailer kjørte midt i vegbana. Heldigvis var centimeterane på Bergsøy si side også ved den situasjonen.
-"Idag var det monge som jobba veldig bra, men vi mangla det lisje ekstra. Arve står nesten prikkfritt i mål og er min banens beste.." (Frank Sverre Skorpen studerte kampen frå sidelinja)
Kampen: Oppsummering.
Det blei rekna ut på heimturen at laget hadde ein gjennomsnittsalder på 21 år. Med eksperimentering av gjennomsnittsalderen blei det også funne ut at den hadde vore akkurat 20år om Terje Teige hadde spelt istadenfor Mons Arne Kvalsvik.
Det er dog ikkje alderen som avgjer fotballkampar. Når det gjeld poengutregninga og terningkast denne kampen så var det noko fram og tilbake, men i samtale med andre var det einighet om at Arve Kvalsvik var lagets bestemann, og at Bjørnar Gundersen og Vegard Remøy samt midtsopparparet var dei fem beste spelarane.
Neste torsdag kjem tabelltoppen Godøy på besøy til Fosnavåg, og det blir nok en kamp som muligens kan gi Bergsøy en god peikepinn på korleis nivået i denne divisjonen faktisk er.
(Bildet: Ei rekke med bilder som viser Gustav Pettersen sitt 1-0 mål)
Måla
Flotte mål av Bergsøy.
Spenninga
Skulle Bergsøy tape eller vinne?
Underholdning
Kampen bølga veldig på graset.
Totalt
God innsats, greit med uavgjort.
|
Spiller |
Posisjon |
Terning |
Mål |
|
Arve Kvalsvik |
Keeper |
|
- |
|
Thomas Voldsund |
Høgre Back |
|
- |
|
Paul Kåre Remøy |
Midtstopper |
|
- |
|
Mons Arne Kvalsvik |
Midtstopper |
|
- |
|
Jørn Kvalsvik |
Venstre Back |
|
- |
|
Håvard Remøy |
Høgre Ving |
|
- |
|
Vegard Remøy |
Sentral Midtbane |
|
- |
|
Bjørnar Gundersen |
Sentral Midtbane |
|
- |
|
Steffen Kvalsund |
venstre Midtbane |
|
- |
|
Gustav Pettersen |
Spiss |
|
- |
|
Frantz Frantzen |
Spiss |
|
- |
|
Bytter |
|
Spiller |
Av banen |
Spiller |
På banen |
|
Jørn Kvalsvik |
(uti 1.omg) |
Andreas Konningen |
(uti 1.omg) |
|
Håvard Remøy |
(uti 2.omg) |
Daniel Hatløy |
(uti 2.omg) |
|
Bjørnar Gundersen |
(uti 2.omg) |
Lars Henrik Hasund |
(uti 2.omg) |
|