Kampreferat
Pre-match omtale.
Situasjonen foran kampen var enkel og grei. Bergsøy hadde hatt tre kampar på rad uten siger, og måtte vise seg fram mot topplaget Godøy.
Godøy på si side kom som et ubesigra lag til Fosnavåg, med sjølvtillit og endel meir poeng i sekken. I Herøy er kravet at Bergsøy skal være med å kjempe i toppen,
og dette er sjølvsagt også noko spelarane har ambisjonar om å gjære, men for å få det til så må en vinne på heimebane.
(Bildet: Godøy møtte opp med friske takter, slik vi huskar frå 3.divisjon i 2005)
Godøy, Herd og Stranda har utpeika seg som topptrioen hittil i sesongen, og Bergsøy burde vinne denne kampen for at avstanden opp ikkje skulle øke.
To poeng blei rota bort i sist heimekamp, og slik kunne det ikkje fortsette på heimebane. Bergsøy sine motstandarar i 4.divisjon skal frykte å kome til Fosnavågen for å spele kamp.
Kampen skulle bli spelt på kunstgrasbana, og været var strålande varmt.
(Bildet: Ivrige kameramenn tok nærbilde av Frantz Frantzen sin heimedebut etter heimkomsten)
-"Vi skal påføre Godøy sitt første tap for sesongen.". (Bergsøytrenar Tom Beddari)
Formasjonsmessig hadde laget en ny vri, og laget stilte med fem mann på midtbanen. Formasjonstreninga blei holdt på dagen før kamp, og trenar Tom Beddari kunne nytte tida i garderoben på kampdagen til å motivere spelarane til dyst.
Arve Kvalsvik skulle fortsette si gode utvikling imål, en spelar som har blomstra med tilliten han har fått denne sesongen. I forsvar var Thomas Voldsund på høgrebacken, med beskjed om å fortsette å spele enkelt, og å tore å være med frammover.
Vegard Sævik var satt ned til midtstoppar denne gangen, og skulle fortsette med å være den rutinerte sjefen og dirigenten som han er. Ved sidan av Vegard var Terje teige tilbake fra skade, og Terje fekk beskjed om å være bestemt og sterk i tillegg til dei andre gode eigenskapane som gjer at han
er blant dei aller beste talentfulle midtstopperane på Sunnmøre. På venstrebacken finn vi Paul Kåre Remøy, den anvendelige poteta som alltid leverer god innsats uansett kvar han blir satt opp.
(Bildet: Ballen flaug mest på Bergsøy sin banehalvdel før pausen.)
På høgrekanten starta bohemen Daniel Hatløy frå Ulsteinvik som fortsatt har eit stort uforløst potensiale. På indreløparposisjon
starta Gustav Pettersen som med sin store aggresivitet og hurtighet er ein viktig faktor for laget. Bjørnar Gundersen er eit av dei største talenta Bergsøy har hatt på aldri så lenge,
og starta defansivt på midtbana i ei oppryddande og ballfordelande rolle. Frantz Frantzen har alle egenskapar som skal til for å spele seg til fast plass, og blei bedt om å bruke sine ekstreme ferdigheter til å holde på ball og være sterk i duellane, samtidig med å bidra offansivt og gå på løp.
Den gamle travaren på venstrekanten Steffen Kvalsund blei bedt om å gjære det beste ut av sin frafallande kropp. På spissplass starta evigunge Frank Sverre Skorpen som hadde et stort ønske om å få feire sin runde jubileumsbursdag med en siger.
Med den rette innstillinga og rett bruk av sine sterke egenskaper så er han svært viktig for laget.
(Bildet: Steffen Kvalsund og Frantz Frantzen prøvar ein kombinasjon)
Kampen: Første omgang.
Det var Godøy som kom best igang på kunstgrasbana, og bortelaget var i startfasen ivrige på å få ballen ut til sine to offansive kantspelarar.
Det blei vist tidlig at Godøy var eit spelande lag, men sjølv om dei hadde ballen mest så låg Bergsøy så godt i sine formasjonar at det ikkje blei så alt for farlige avsluttningar.
Paul Kåre Remøy hadde nokre viktige inngripenar som avverga at Godøy sin høgrekant skulle kome gjennom forsvarsmuren, og Terje Teige hadde også en inngripen samme plass seinare i omgangen som førte til kampens første gule kort.
(Bildet: Paul Kåre Remøy har stabile prestasjonar i ung alder)
Med en mann på topp, og ei nykomponert midtbane, så blei det nokre nye utfordringar for laget. Med berre ein mann å sikte på frammover idet laget ligg trykt bra i forsvar, så var sjansen stor for at ballen skulle kome raskt tilbake igjen.
Bergsøy hadde mange mann på midtbana som skulle variere på å ta løp frammover, men til tider blei Frank Sverre Skorpen for aleine på topp idet midtbanen hadde det største fokuset på å rydde unna defansivt.
Såpass gode var faktisk Godøy. Dei spelte langs bakken med fin ballkontroll, og hadde fleire gode veggspel. Godøys formasjon og spelemønster kombinert med fin teknikk gjorde at Bergsøy til tider ikkje kom kjapp nok opp i press.
Likevel, Bergsøy var ikkje lette å trenge igjennom. Med "2 forsvarsledd", og en solid keeper som sisteskanse, så klarte ikkje bortelaget å score mål før pausen.
Derimot var det Bergsøy som hadde en 1-0 ledelse i bagasjen.
(Bildet: Daniel Hatløy blei jobbande mykje defansivt også denne kampen)
På tross av at Godøy hadde ballen mest så var Bergsøy slett ikkje ufarlige i angrep. Heimelaget hadde ein mer direkte angrepsstil som
viste seg å være mest effektiv. Frank Sverre Skorpen hadde tidlig en mulighet der han valgte å drible en mann ekstra før skuddet, men den sjansen blei hindra av forsvaret.
Goalgetteren treng sjeldan mange sjansar for å få ballen imål, og scoringa som førte Bergsøy opp i 1-0 ledelse var egentlig ingen målsjanse i det heile.
Frank Sverre Skorpen fekk ballen på venstresida bak forsvaret, og frå skrått og langt hold så sende han av gårde ett lobbskudd som keeperen berre kunne sjå endte inn i det lengste hjørnet.
Litt flatterande 1-0 til Bergsøy ved dette tidspunktet, men Bergsøy viste fram at hard kjemping gir resultater.
(Bildet: Arve Kvalsvik opptrådde som om han var ein rutinert 46årig keeper)
Mens Bergsøyforsvaret rydda vekk det som kom av stikkarar, og backane tok seg av dei utfordrande vingspelarane, så tok keeper Arve Kvalsvik av alt det andre.
En feilfri omgang av Bergsøys sisteskanse. Kontringar blei et stikkord resten av kampen for Bergsøy, og med litt meir presisjon kunne heimelaget raskt fått fleire mål.
Ikkje lang tid etter 1-0 vart Frank Sverre Skorpen på ny sendt på løpetur bak Godøyforsvaret. Denne gangen valgte Frank et skudd i steget, og ballen suste halvmeteren utanfor den venstre stolpen samtidig som ein høyrte publikums sukk.
Frantz Frantzen hadde også nokre avsluttningsforsøk etter først å ha vist fram sin slepne teknikk, men skudda blei ikkje farlige for Godøy sin keeper.
Med litt bedre innleggspresisjon frå Steffen Kvalsund så kunne Frank Sverre raskt putta både ett eller to mål til, men det endte 1-0 til pausen.
(Bildet: Dommaren gjorde få feil denne kampen)
Kampen: Andre omgang.
Bergsøy har hatt en tendens til å spele best før pause, men dette var en kamp som laget hadde stort ønske om å vinne.
Godøy gav derimot ikkje opp, og fortsatte sin spelande stil. Særlig gjennombruddshissige var dei ikkje, og Bergsøy gjorde det også vanskelig for Godøy.
Likevel skulle det bli meir nærve i kampen etter at 1-1 blei nikka flott i mål etter et presist innlegg frå Godøy sin venstrekant. Arve Kvalsvik var sjanselaus på dette målet.
Det var ei periode lite Bergsøy skapte frammover, og bortelaget var nærme på å gå i ledelsen. Ei strålande refleksredning av Arve Kvalsvik inne i feltet var av den typen redning en kallar
"matchvinnande", for det neste målet i kampen ville ha svært stor betydning.
(Bildet: Vegard Sævik var nok engang svært viktig med si rutine)
Så heilt positivt var det heller ikkje for Bergsøy at Terje Teige måtte forlate bana med skade. Andreas Konningen kom inn på venstrebacken, mens poteta Paul Kåre Remøy gjekk inn i midtforsvaret ilag med Vegard Sævik.
Det var lite som skjedde offansivt for Bergsøy ei periode, og det var mykje kriging og mange frispark. Bjørnar Gundersen skulle få et gult kort for ei sein tackling,
og måtte også roast ned seinare av den gode dommaren. Bjørnar blei så bytta ut, og innbyttar André Lima var nestemann som måtte få en advarsel med dommaren om å roe ned sin frustrasjon.
Frank Sverre Skorpen blei også tackla etpar gongar, noko som førte til ett gult kort til Godøy. Omgangen var mykje prega av klareringar og frispark.
Det skulle bli endel friskare takter etter at Joakim Bendal kom inn på høgrekanten til sin andre A-kamp.
(Bildet: Bjørnar Gundersen og Daniel Hatløy på midtbanen)
Joakim hadde ikkje vore lenge på bana idet han mottok et innlegg frå høgre inne i feltet, og han avslutta så raskt som råd.
Ballen trilla i sakte film over streken heilt inne ved den høgre stolperota. Slitne Bergsøyspelarar jubla over det forløysande målet, et mål som tende spelarane til vidare innsats
og stå-på-vilje. Joakim gjorde en god figur etter innhoppet, og var fryktlaus på høgrekanten. Og det skulle også bli meir å glede seg over litt seinare i omgangen.
Idet ballen spratt fri inne i Godøy sin 16-meter så var ikkje Frank Sverre Skorpen sein i å fyre laus kruttet, og ballen smalt i nettet til 3-1. Den siste jobb-etappa fram mot dommarens fløyte gjekk slik Bergsøy ville ha det, og
endelig fekk laget en ny tre poengar. Nokre korte cornerar for å drage ut tida var også på sin plass.
Kampen: Oppsummering.
Godøy var eit godt lag, og Bergsøy klarte sjeldan å etablere angrep høgt oppe på bortelagets banehalvdel. Godøy var bedre til sitt etableringsspel, men ikkje gjennombruddshissige nok eller presise nok til å true Bergsøy sitt velorganiserte og hardtkjempande lag.
Bergsøy har også mange hurtige spelarar som kan gjære live surt for dei fleste lag med sine kontringar. Dei tre beste spelarane denne gangen var Arve Kvalsvik, Bjørnar Gundersen og Frank Sverre Skorpen.
Både Arve og Bjørnar er for tida i god form, og sankar dermed gode poeng på Bergsoy.com sin poengbørs for tida. Vi klarer ikkje å skilje kven av dei tre som fortjenar mest eller minst poeng denne gangen, tre spelarar med kvar sine avgjærande arbeisoppgaver som blei utført til sitt fulle, og vi gir to poeng til kvar.
Bergsøy befinn seg no på ein 4.plass med 14.poeng, mens topplaga Herd, Godøy og Stranda har henholdsvis 20,19 og 16. Neste kamp er Rollon borte, laget som ligg på 5.plass
med 12 poeng.
(Bildet: Joakim Bendal i en duell)
Måla
Fire fine mål.
Spenninga
Skulle Bergsøy tape eller vinne?
Underholdning
To gode lag i aksjon.
Totalt
Sterk siger mot et topplag.
|
Spiller |
Posisjon |
Terning |
Mål |
|
Arve Kvalsvik |
Keeper |
|
- |
|
Thomas Voldsund |
Høgre Back |
|
- |
|
Vegard Remøy |
Midtstopper |
|
- |
|
Terje Teige |
Midtstopper |
|
- |
|
Paul Kåre Remøy |
Venstre Back |
|
- |
|
Daniel Hatløy |
Høgre Ving |
|
- |
|
Gustav Pettersen |
Sentral Midtbane |
|
- |
|
Bjørnar Gundersen |
Sentral Midtbane |
|
- |
|
Frantz Frantzen |
Sentral Midtbane |
|
- |
|
Steffen Kvalsund |
venstre midtbane |
|
- |
|
Frank Sverre Skorpen |
Spiss |
|
- |
|
Bytter |
|
Spiller |
Av banen |
Spiller |
På banen |
|
Terje Teige |
(uti 2.omg) |
Andreas Konningen |
(uti 2.omg) |
|
Daniel Hatløy |
(uti 2.omg) |
Joakim Bendal |
(uti 2.omg) |
|
Bjørnar Gundersen |
(uti 2.omg) |
André Lima |
(uti 2.omg) |
|