Kampreferat 2011:

Fem mål på bortebane

Elnesvågen – Bergsøy 1-5 (1-1)


Frank Sverre Skorpen 3, Peter Baade 2

28.05.2011 14.00
Bryn kunstgress

Terje Teige


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt

Kampreferat

Ein kollektiv siger, vi jobbar for kvarandre og for laget – dette såg vi gav resultat. «En svale gir ingen sommer» Endeleg fekk vi smake på karamellen, og vi såg ut til å like smaken. Derfor blir det no svært viktig å take med seg godfølelsen til komande onsadag når SIF kjem på besøk. Laget veit no kva som skal til for å vinne ein fotballkamp, og det syner seg at hardt arbeid over heile fjøla er ein god resept. Med hardt arbeid kjem også godspelet, og vi fekk synt dei fleste at vi kan – ikkje minst oss sjølve. Dette er lærdom som vi skal/må take med oss vidare, for dette var berre ein kamp.Vi har mange poeng å spele om enno, men no veit vi kvar lista må ligge for at vi skal vere der.
(Bildet: Vestlandsnytt. Frank Sverre setter inn sitt tredje etter innlegg fra Peter Daniel Baade)


Spelarvurderingar:

Sander 6 Står ein solid kamp, og kan ikkje lastast for straffa.Gjer det du skal – trygg – gode utspel. Arbeidsmål: Dirrigere forsvaret meir, rope – bruke stemma di.

Jim 9 BB Strålande kamp, tek tak i kampen med sugande taklingar og løp. Går foran i krigen og dreg resten av laget med deg – mange gode pasningar.Syner stor vinnarvilje. Arbeidsmål: Vere litt lurare enkelte gongar, dvs plasseringsmessig – og når du skal slå langt/kort.

Terje 6 Solid i duellspelet, vinn det meste av duellane. Har enno litt å gå på plasseringsmessig. Arbeidsmål: Passe på at du ikkje blir dregen ut av posisjon – gjere det enkle enkelt.

Harald 7 Litt smårusk i starten, men får justert dette. Verkar trygg, og dette smittar over på resten – og dette er det vi treng. Arbeidsmål: Enno klarare i dirrigeringa av resten av f4, noko eg trur kjem med nokre kampar til.

Kosta 8 Starta ruskete, og var slurvete med pasningane dine første 15 – brukte for lang tid med ballen,noko som førte til eit par unødige overgangar. Etter å fått justert dette var du framifrå, og syner at du har eit fantastisk potensiale. Arbeidsmål: vere konsentrert frå fløyta går

Peter 7 Godt å sjå deg på offansiven igjen etter sjukdom, og er farleg kvar gong – berre vi får spelt deg laus.Lagar to mål, men kunne vel laga fleire. Arbeidsmål: Bli rolegare framfor kassa, men også den deffansive orinteringa.Kjem no når sjukdomen slepp taket.

Alexander 7 Litt ruskete 1 omgang, litt plasseringsproblem – men dette får du justert og spelar deg sjølv god.Vinn mange duellar og er tøff, slik vil eg fortsatt sjå deg. Arbeidsmål: Orientere deg tidlegare, skaffe deg oversikt framover – ikkje bakover........

Kjetil 8 Fantastisk arbeidsmoral og arbeidsområde. Men denne kampen får vi brukt det framover på bana, og då blir vi farlege. Arbeidsmål: Fokus framover, og vere enno meir konsentrert i mottaket ditt.

Daniel «Jøsse» 6 Begynner å løsne litt, men veit at du har enno meir å gå på. Slit litt med mottak og medtak enno, men dette kjem. Føler at spes i 1 omg har du ikkje heilt fått av brekket, og savnar litt engasjemanget ditt. I 2 omgang løsnar det meir. Arbeidsmål: Gå 100% på bakromsløpa dine når du går, og vere meir fokusert i medtak og mottak.

Andreas 6 Ruskete 1 omg. Vil gjerne tre ballen gjennom, og dette blir vanskeleg når løpa ikkje er der. Snur for ofte ned i bana og skaper trøbbel bakover. I 2 omg får du kampen der du vil, og løpa kjem – då får du tre... Med dette kjem også engasjemanget ditt og arbeidsmoralen stig. Veit kva som bur i deg, og eg skal ha deg der. Arbeidsmål: Bli lurare med ballen, gjere ting enkelt for laget og deg sjølv – auke motoren.

Andrus 6 Jobbar godt og er god med ballen i beina, du har også eit par brukbare avslutningar. Arbeidsmål: Du må bli tøffare i duellspelet, dette er for puslete.

Frank Sverre 7 God når du er der du skal – på topp, og når du bruker fokuset på det du skal – lage mål. Du lagar 3 mål, og meir kan ein vel ikkje forlange. Ein gong ned i bana , driblar og misser ball ....... Arbeidsmål: Etter 2 mål misser du fokus og er brått både trenar, kaptein og dommar. Dette skal vekk, og når du klarer dette er spissplassen din. Du skal fokusere på arbeidsoppgåvene dine – ikkje medspelarar eller dommar, du gjer ein del idiotiske val enno som er heilt unødvendige – få vekk dette tullet og du er tilbake som ein toppspiss.

Fredrik og Andrius kjem inn og gjer det dei skal i sluttmin.

Ikkje alle fekk spele, men vi er eit lag og neste gong er det kanskje din tur å gripe sjansen. Viktig at vi held fokus, sjølv om vi ikkje fekk spele denne gongen. Vi treng alle!!!! Vi vinn og taper ilag, det gjeld dei som er på bana, men ikkje minst oss på benken også.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat